Lotteri- og stiftelsestilsynet

24 800 frivillige organisasjonar har søkt om 2,78 milliardar kroner i momskompensasjon

Del

– Aldri før har så mange søkt momskompensasjon på varer og tenester. Det viser at det er høg aktivitet i dei frivillige organisasjonane, seier Marianne Skjeldestad Hove i Lotteritilsynet.

Bilde av Marianne Skjeldestad Hove.
Marianne Skjeldestad Hove er avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte i Lotteritilsynet. Foto: Dagrun Reiakvam

Lotteri- og stiftelsestilsynet har mottatt over 2700 søknader som inkluderer heile 24 800 organisasjonar. Det er fleire sentralledd som søker for sine organisasjonar, for eksempel Norges idrettsforbund, Norges Røde Kors og Norges Musikkorps Forbund.  

– Vi ser ein auke på nesten 300 søknadar frå i fjor, og ei auke på over 500 søknader om ein går to år tilbake i tid. I fjor fekk i overkant av 23 000 frivillige organisasjonar utbetalt momskompensasjon. Årets søkartal viser at vi, saman med sentralledda, har lukkast med å nå ut med ordninga til det frivillige Noreg. 

Fristen for å søke momskompensasjon var 2. september. Søknadsbeløpet er på 2,78 milliardar kroner. Den tildelte ramma er 2,44 milliardar kroner. 

Her kan du sjekke om din organisasjon er på søkarlista.

Den største statlege tilskotsordninga til frivillig sektor

Momskompensasjon på varer og tenester er den største statlege tilskotsordninga for frivillige organisasjonar.

– Det er kanskje ikkje så mange som veit at Lotteri- og stiftelsestilsynet også er den største statlege tilskotsforvaltaren til frivilligheita i Noreg. På tilskudd.no kan du sjå oversikt over statlege tilskotsordningar til frivilligheita. 

Kor mykje søkarane får utbetalt er ikkje klart før alle søknadane er behandla. Dersom ramma som er gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjente beløpet for alle søkarane, blir alle beløp redusert med same prosentsats. 

– Vi er godt i gang med saksbehandlinga, og utbetaling skjer i midten av desember, avsluttar Hove. 

Kontakter

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Les meir på www.lottstift.no

Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye