Skal fjerne to krevjande punkt på Rv. 52
13.6.2025 16:00:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Statens vegvesen skal lyse ut kontraktar for å fjerne to av dei mest krevjande punkta på Rv. 52. Storeskare bru skal skiftast ut og vegen mellom Tuv og Venås skal utbetrast.

Saken har sperrefrist kl 16.00
- Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den fjellovergangen i Noreg som har den største delen tungtransport, med over 500 tunge køyretøy som køyrer over fjellet kvar dag. Derfor er det bra at Vegvesenet skal utbetre to av dei mest krevjande punkta langs vegen – noko som blir særleg viktig om vinteren, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Etter at Skjøiten stod ferdig i 2022, så er Storeskare bru det svakaste punktet på riksveg 52. Mange tungtransportsjåfører har meldt dette som eit krevjande punkt. Denne skal no erstattast med ny bru.
Vegen mellom Tuv og Venås har krappe svingar og bratte stigningsforhold, noko som gjer det utfordrande for blant anna tungtransporten. No skal vegen utvidast og stigninga reduserast.
Fakta:
- Statens vegvesen vil lyse ut kontraktane over sommaren
- Tildelinga av kontrakt er planlagt vinter/vår 2026.
- Byggestart blir truleg våren 2026.
Storeskare bru
- Bæreevna på Storeskare bru er for svak.
- Statens vegvesen skal byggje ny bru nedanfor dagens bru.
- Her har det tidligare vore henta ut steinmasser i fjellskjæringa. Arbeidet som no skal gjerast, bygger vidare på dei inngrepa Statens vegvesen har gjort tidlegare.
Tuv – Venås
- I dag er stigninga på vegen mellom 8,2 og 9,1 prosent.
- Ny stigning blir på det meste 5,4 prosent.
- Vegstandard blir klasse H1, og vegbredda utvidast frå ca seks til ni meter.
- Det er i dag ikkje eit tilbod for mjuke trafikantar på strekninga.
- Prosjektet skal bygge ny gang- og sykkelveg separat frå vegen. Det blir tryggare for dei mjuke trafikantane og meir oversiktleg for alle sjåførar
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom