Må stengja rv. 13 Ylvisåker natt til måndag 16. juni
Statens vegvesen må ta ned ei stor steinblokk i samband med skredsikringa mellom Sogndal og Leikanger.

Statens vegvesen er i gong med arbeida ved rv. 13 på Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger.
Fram til no har det pågått vegetasjonsrydding langs strekninga, samt førebuande arbeider lenger opp i terrenget.
Så stor er blokka
– Søndag 15. juni klokka 21.00 til måndag 16. juni klokka 06.00 er er me nøydde til å stengja vegen, og det er i denne perioden inga moglegheit for gjennomkøyring. Me reinskar terrenget ovanfor vegen, og det er naudsynt å ta ned mellom anna ei stor steinblokk, seier byggjeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.
Blokka har ein anslått storleik på 5x5x5 meter, veg om lag 300 tonn og ligg omtrent 200 meter over vegen. Slikt arbeid er tidkrevjande. Ein må difor førebu seg for ulike utfall, slik at vegen kan opnast att raskast mogeleg.
– Ynskjer ikkje meir stengd veg enn naudsynt
– Me har forståing for at det kan vere utfordrande med stengingane, men me må tenkja tryggleik både for dei som arbeider i anleggsområdet og dei som køyrer forbi, legg Slinde til.
Terrenget er krevjande og er prega av mykje laus stein, og difor må det stengjast periodevis slik som siste tida.
– Statens vegvesen ynskjer ikkje meir stengd veg enn naudsynt. Men det pågår arbeid ikkje berre langs vegen, men også lenger over vegen enn det ein ser når ein køyrer gjennom området, understrekar byggjeleiar Kristian Slinde.
Enkelte bussruter søndag kveld er innstilte, og på måndag 16. juni, vert det lysregulering forbi området. Sjå oppdatert informasjon på 175.no.
Nøkkelord
Kontakter
Kristian SlindeByggjeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:97701905kristian.slinde@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Styrtregn og skredfare kan føre til at veger kan bli stengt på kort varsel24.7.2025 14:34:36 CEST | Pressemelding
Styrtregn kan føre til oversvømmelse og fare for skred og steinsprang flere steder i indre deler av Sør-Norge, og Statens vegvesen oppfordrer alle som skal ut på vegen til å følge med på vær- og vegmeldinger.
E136 i Romsdalen kan bli stengt på kort varsel24.7.2025 12:10:05 CEST | Pressemelding
Styrtregn med påfølgende skredfare kan føre til at E136 ved Verma i Rauma kommune kan bli stengt på kort varsel.
Siste del av sikringsarbeidet i Strindheimtunnelen starter i august23.7.2025 11:32:16 CEST | Pressemelding
I begynnelsen av august starter arbeidet med å gjøre ferdig siste del av bergsikringen i Strindheimtunnelen på riksveg 706 i Trondheim.
Fortsatt arbeid på E6 Moelvtunnelen22.7.2025 13:05:12 CEST | Pressemelding
Arbeidet på Moelvtunnelen på E6 i Innlandet er forsinket, og trafikken gjennom tunnelen vil gå med ledebilkjøring de neste nettene mens arbeidet gjøres ferdig.
Store skader i påkjøringstunnelen til Ekebergtunnelen etter lastebilbrann tirsdag16.7.2025 12:52:14 CEST | Pressemelding
Både belysning, vifter, kabelbro, kabler og vegbane har fått store skader som det vil ta tid å reparere. Påkjøringstunnelen vil være stengt deler av døgnet mens reparasjonene pågår.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom