Potensielt skadeleg flatorm funnet i Noreg
6.6.2025 19:37:01 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Den framande og mogleg skadelege flatormen Obama nungara er funnen i Noreg. Miljødirektoratet ber hagebransjen og hageeigarar om hjelp.

– Eg blir bekymra når stadig nye framande artar, som Obama-ormen, kjem til Noreg. Framande artar er ein av dei største truslane mot naturmangfaldet både globalt og i Noreg, og klimaendringane vil etter alt å dømme auke problemet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Vi har allereie sett i gang fleire tiltak for å avgrense at framande artar kjem til Noreg. I naturmeldinga varsla vi at vi vil styrkje regelverket, og vi jobbar også for å få på plass nye reglar internasjonalt, seier Bjelland Eriksen.
– Dei to store planteimportørane Plantasjen og Blomsterringen har rapportert om funn av flatormar. Norsk institutt for naturforsking (NINA) har fastslått at minst eitt av dei rapporterte funna er Obama nungara, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Eksemplaret NINA no har identifisert som Obama nungara, vart funne i ei potte med barlind.
– Viktig med samla og tidleg innsats
I tillegg til dei rapporterte funna frå hagebransjen, har NINA på oppdrag frå Miljødirektoratet undersøkt parti med plantar, og funne det dei går ut frå er fleire eksemplar av Obama nungara.
– Sjølv om flatormen Obama nungara no er funne hos planteimportørar, er det førebels ikkje registrert at han har etablert seg ute i norsk natur. Ein samla innsats frå importørar, hagesenter, hageeigarar og styresmakter er viktige for å prøve å forhindre at Obama nungara får fotfeste i Noreg. Det er derfor veldig bra at Plantasjen og Blomsterringen har meldt frå, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Kan true lokale artar
Flatormen Obama nungara er ein framand art, som et meitemark, sniglar og insekt. Det er førebels usikkert om arten kan etablere seg i Noreg, og kva risiko han utgjer her. Ifølgje ei risikovurdering utført i EU kan ho sannsynlegvis ikkje overleve lengre periodar under minus fire grader. Likevel kan vi med dagens kunnskap ikkje utelukke at han kan etablere seg i Noreg, når vi også tek klimaendringar i betraktning.
Sjølv om vi førebels ikkje veit kva risiko flatormen utgjer, har det potensialet til å vere ein trussel mot dei artane han lever av, og indirekte også andre artar og heile økosystem.
Korleis kjenne igjen Obama nungara
Etter at han er klekt ut er flatormen berre nokre millimeter lang. Som voksen er han cirka 5-8 centimeter lang, og ein halv centimeter brei. Fargen på oversida varierer mellom beige og mørkebrun, med svarte langsgåande linjer. Undersida er beige. Egga er ein halv centimeter i diameter. Til å byrje med er dei knallrøde, og blir mørkebrune etter nokre dagar.
Miljødirektoratet har engasjert NINA for å hjelpe hagebransjen med artsbestemming ved behov.
Miljødirektoratet bad tidlegare i år hagebransjen i Noreg om å kontakte leverandørane sine, undersøkje om flatormen Obama nungara er til stades i jord eller plantemateriale, rapportere funn og setje i verk tiltak for å hindre spreiing.
Hageeigarar kan bidra
Hageeigarar kan også spele ei rolle for å hindre at flatormen Obama nungara får fotfeste i Noreg.
– Dersom ein nyleg har sett ut plantar, og er usikker på om Obama nungara dermed kan ha vorte spreidd til hagen, kan ein ta ein sjekk rundt utplantingsstaden. Ofte kan dei skjule seg på fuktige stader som under blomsterpotter og flate steinar, seier Hilde Singsaas.
Miljødirektoratet oppmodar dei som finn Obama nungara i hagen sin til å ta eit bilete, og varsle om funnet til post@miljodir.no. Avliv eksemplaret med kokevarmt vatn. Det blir tilrådd å bruke hanskar når ein tek i flatormen, då slimet kan gi ubehag.
- Les meir om flatormen Obama nungara , og om korleis du varslar om funn, på Miljødirektoratets temaside
Mål om å bremse etablering innan 2030
Spreiing av nye framande artar kan påføre norsk natur stor skade. Globalt blir det rekna som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. Regjeringa har sett som mål å redusere etableringa av framande skadelege artar i norsk natur innan 2030. Noreg har ein eigen tiltaksplan mot framande skadelege artar, der ei av dei overordna føringane er å prioritere tidleg innsats for å hindre at nye skadelege artar etablerer seg i Noreg.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Halvparten av EE-produktene var forbudte å selge24.6.2026 13:35:40 CEST | Pressemelding
En europeisk kontroll av produkter viste at halvparten inneholdt forbudte stoffer og dermed var ulovlige å selge. Miljødirektoratet deltok i aksjonen sammen med 12 andre land.
Følger med på sjelden ulv22.6.2026 15:15:49 CEST | Pressemelding
En ulv innvandret fra den finsk-russiske bestanden er påvist i Oppdal i Trøndelag. Ulven kan bli et viktig genetisk tilskudd til ulvebestanden.
Økt innsats og færre pukkellaks18.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Tiltak mot pukkellaks har vært svært effektive i mange elver. Mengden har gått ned i Øst- Finnmark, men den fortsetter å spre seg.
Fortsatt behov for streng regulering av laksefisket17.6.2026 09:12:49 CEST | Pressemelding
Statusrapport for norske laksebestander viser at tilstanden er kritisk og at det er få tegn til bedring. Det vil fortsatt være behov for streng regulering av fisket.
Restaurering av marin natur kan bidra til å hjelpe Oslofjorden15.6.2026 14:01:37 CEST | Pressemelding
Restaurering og andre naturforbedrende tiltak kan bidra til en bedre miljøtilstand i fjorden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom