Jordbruket langt frå å nå klimamåla sine
Jordbruket skal gjennomføre store utsleppskutt innan 2030, men ingenting tyder på at det er mogleg. Målkonfliktane er store og klimaavtalen mellom staten og jordbruket er urealistisk.

Skal Noreg nå måla vi har forplikta oss til i Parisavtalen, er utsleppskutt i alle sektorar, også jordbruket, ein viktig del av løysinga.
– Ingenting tyder på at det er mogleg for jordbruket å få til store utsleppskutt innan 2030. Det har tatt lengre tid enn venta å sette i verk klimatiltak. Verkemidla samsvarar ikkje med det høge ambisjonsnivået, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Ein eigen klimaavtale mellom staten og jordbruket vart inngått i 2019. Avtalen ligg til grunn for klimaarbeidet i jordbrukssektoren, og set eit konkret og ambisiøst mål for utsleppskutt.
Store målkonfliktar
Undersøkinga viser at målkonfliktar i jordbrukspolitikken er ei stor utfordring for klimaarbeidet.
Jordbruket skal omstille seg til meir klimavennleg produksjon, men også ivareta til dømes matsikkerheit, beredskap og verdiskaping. Det gjenstår mykje arbeid med å finne løysingar på korleis desse målkonfliktane skal handterast.
– Styringa frå Landbruks- og matdepartementet ber preg av mangel på ein tydeleg strategi og uklare ansvarsforhold. Det er ikkje tilfredsstillande, seier Schjøtt-Pedersen.
Riksrevisjonen meiner at Landbruks- og matdepartementet bør få på plass ein klimastrategi for jordbruket. Ein strategi som seier korleis jordbruket skal nå klimamåla sine, på kort og på lang sikt, og kva for nokre vegval som må takast.
Bidreg i liten grad til å nå måla
Ein viktig del av klimaavtalen er målet om reduserte utslepp av klimagassar per produsert eining.
Verkemidla på gardsnivå er likevel beskjedne og gir relativt låge utsleppsreduksjonar, men det tilseier ikkje at klimasatsinga har vore feil.
Satsinga er viktig for at jordbruket på lang sikt skal kunne bidra til eit lågutsleppssamfunn.
– For styringa opp mot klimamåla i 2030 er det viktig å ha realistiske forventingar til kor store utsleppskutt ein kan oppnå på kort sikt. Det er eit stort gap mellom avtalen sitt premiss om utsleppsreduksjonar i jordbruket og dei fagleg berekna anslaga for kva som er mogleg, seier Schjøtt-Pedersen.
Forbrukarvanar er viktig
Den enkelte forbrukar har også ei rolle. Mindre matsvinn og eit kosthald i tråd med kostråda, vil indirekte bidra til å få ned utsleppa i jordbruket.
Riksrevisjonens undersøking viser at matsvinnet har gått noko ned dei seinare åra, men at det likevel gjenstår mykje arbeid før målet om 50 prosent reduksjon innan 2030 kan bli nådd.
Tidlegare denne veka vedtok Stortinget ei ny matsvinnlov, men også her er det framleis stor uvisse knytt til kor store utsleppskutt det er mogleg å få til på kort sikt.
– I klimameldinga varslar regjeringa ei mogleg reforhandling av klimaavtalen med jordbruksorganisasjonane. Då må partane sette meir realistiske mål og ta reelle vegval, slik at Landbruks- og matdepartementet faktisk kan styre etter dei, seier riksrevisor Schjøtt-Pedersen.
Nøkkelord
Kontakter
Siri Bentserud WingereiKommunikasjonssjef
Tel:990 39 479sbw@riksrevisjonen.noSissel Elisabet HelminsenKommunikasjonsrådgjevar
Tel:977 27 237seh@riksrevisjonen.noOm oss
Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Vi skal bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressursar blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader.
Følg pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksrevisjonen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksrevisjonen
Pressekonferanse i dag: Når jordbruket klimamåla sine?5.6.2025 07:30:00 CEST | Presseinvitasjon
I dag kl. 12 legg Riksrevisjonen fram ei ny undersøking om klimagassutslepp frå jordbruket. Innan 2030 skal jordbruket redusere utsleppa sine betydeleg, men er det eigentleg mogleg? Velkommen til pressekonferanse!
Pressekonferanse 5. juni: Vil jordbruket nå klimamåla?2.6.2025 14:37:15 CEST | Presseinvitasjon
Jordbruket står for 9,5 prosent av Noregs klimagassutslepp. Riksrevisjonen har undersøkt om klimapolitikken for jordbruket har hatt ønskja effekt. Velkomen til pressekonferanse torsdag kl. 12.
Sivilsamfunnet er ikke godt nok forberedt på krise og krig20.5.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
- Sivile aktører er ikke godt nok forberedt på å støtte Forsvaret og allierte styrker i en krise eller krig. I dagens sikkerhetspolitiske situasjon kan det få alvorlige konsekvenser, sier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Har ikke oversikt over samfunnsviktige havner20.5.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
Norske myndigheter mangler oversikt over hvilke havneanlegg som har betydning for samfunnssikkerheten, viser Riksrevisjonens nye undersøkelse. Det er kritikkverdig.
I dag: Pressekonferanse om sikkerhet20.5.2025 07:30:00 CEST | Presseinvitasjon
Riksrevisjonen legger frem to nye undersøkelser om sikkerhet; totalforsvaret i krise og krig og sikring av havner. Begge er direkte konsekvenser av at trusselbildet i Norge har endret seg. Velkommen til pressekonferanse kl. 11:00.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom