Reparerer søkkehol og fjernar vegetasjon
16.5.2025 11:17:07 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Natt til tysdag 20. mai startar Vegvesenet arbeid mellom Vinje og Myrkdalen på rv. 13 Voss herad, og held på i 4-5 veker framover.

– Måndag denne veka oppdaga me eit søkkehol i vegen i Osgjelet. Eit køyrefelt har vore sperra av sidan då, og slik at ikkje bilar skal køyra i holet eller belasta skaden på vegen, seier byggjeleiar Morten Ørbech Mo i Statens vegvesen.
Må først ta det som er under vegen
Denne skaden er eit døme på at ein først må vøla det som er under vegen, før ein byrjar på sjølve vegbanen. Viss ikkje vert det som å setta eit plaster på eit brekt bein.
– Massar under vegkroppen er vaska ut under asfalten. Me vil difor starta med å oppretta ei stikkrenne, som er eit rør som leiar vatn under vegen. Me må og ta ned og reetablera muren på nedsida av vegen, før me ordnar sjølve holet. Arbeida er venta å ta to-tre veker.
Ein jobb til
Samstundes startar Vegvesenet med grovreinsk og vegetasjonsfjerning av skjeringa frå Vinje til litt forbi Myrkdalstunnelen. Denne jobben vil ta 4-5 veker. Denne jobben vil fjerna lause element i skjeringa og tre som kan koma ned frå skjering og skjeringskant.
Dette betrar trafikktryggleiken og bidreg til Statens vegvesen sin nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.
Slik blir trafikkreguleringa
Arbeidstida er klokka 20.00-07.00, og jobben skal etter planen vera ferdig til 30. juni.
Arbeidet er lagt til natta for å minimera ulempene for trafikantane. Det er på denne tida av døgeret det er minst trafikk.
Jobben i området krev at Vegvesenet delvis er nøydde til å stengja vegen heilt, for arbeidarane sin tryggleik.
Rv. 13 i området blir difor stengd frå klokka 20.00-00.00 med gjennomslepp av trafikk kvar heile time. Deretter blir det stengt 00.00-02.45 og 03.00-05.45. Stengetidene vert tilpassa kollektivtrafikk og stengeregimet for arbeida ved Kvarmakløvet. Utrykkingskøyretøy får passera.
Følg med på 175.no eller appen Vegvesen trafikk for oppdaterte trafikkmeldingar til ei kvar tid.
– Respekter skilt og lysregulering. Alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik, avsluttar Morten Ørbech Mo.
Nøkkelord
Kontakter
Morten Ørbech MoByggjeleiar Statens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:90132904morten.orbech.mo@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Sluttfører arbeid på E12 Revelåga bru16.4.2026 15:30:55 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen sluttfører nå arbeidet på E12 Revelåga bru.
Brannøving i E16 Flenjatunnelen16.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Aurland brann og redning, brannvernøving i Flenjatunnelen torsdag 23. april.
Bare ett gjennomslipp på natt15.4.2026 15:37:30 CEST | Pressemelding
– Vi må fjerne et gjennomslipp i Nappstraumtunnelen på natt for å frigi arbeidstid. Fra og med 20. april slippes ikke biler gjennom tunnelen kl. 03.00.
Snart kommer årets asfalt15.4.2026 13:42:20 CEST | Pressemelding
Om få uker starter Statens vegvesen asfaltering av 730 kilometer riksveger over hele landet. Totalt 550.000 tonn asfalt skal legges i løpet av årets asfaltsesong.
Statens vegvesen lyser ut kontrakt for ny riksveg 426 Eigerøy bru15.4.2026 09:49:08 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen lyser nå ut entreprisekontrakten for bygging av ny Eigerøy bru på riksveg 426. Dermed tas et viktig steg videre i arbeidet med å sikre en trygg og robust forbindelse mellom fastlandet og Eigerøy i Eigersund kommune. Den antatte kontraktsummen er i størrelsesorden 450 millioner kroner inkludert merverdiavgift.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom