Revidert nasjonalbudsjett 2025: Foreslår auka støtte for å sikre godstogoperatørane
15.5.2025 10:45:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til godstogoperatørar med 100 millionar kroner. 70 millionar kroner er foreslått i kompensasjon for den langvarige innstillinga av godstrafikken på Dovrebanen tidlegare i år, og 30 millionar kroner er foreslått til tilskotsordninga for å overføre gods frå veg til jernbane.
– Det har vore krevjande for godstogoperatørane dei siste åra, særleg på grunn av mange forseinkingar og innstillingar. Satsinga til regjeringa på vedlikehald og fornying vil betre forholda på litt lengre sikt. Med løyvingane som regjeringa no foreslår i revidert nasjonalbudsjett, blir rammevilkåra for godstogoperatørane betre også på kort sikt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Økonomisk kompensasjon for stengt trafikk på Dovrebanen
Regjeringa foreslår å løyve 70 millionar kroner for å kompensere godstogselskap for tap som følge av at Dovrebanen i vinter blei stengt for gjennomgåande trafikk i over to månader. Grunnen var at det oppsto eit umiddelbart behov for reparasjonstiltak på Otta jernbanebru, som krysser Gudbrandsdalslågen.
Denne brustenginga førte til at godstransport på bane mellom Oslo og Midt-Noreg og vidare til Bodø i stor grad blei stansa. Når godstoga ikkje køyrer, blir godset frakta på veg. Då sit togselskapa igjen med dei faste kostnadene og mister inntektene.
På grunn av statsstøtteregelverk må kompensasjonsordninga bli godkjent av av EFTAs overvakingsorgan (ESA) før utbetaling kan skje.
Vil styrke konkurransekrafta til godsnæringa på jernbanen
I behandlinga av statsbudsjettet 2025 før jul i fjor løyvde Stortinget 104,8 millionar kroner til tilskotsordninga for godsoverføring frå veg til jernbane. Med den foreslåtte auken på 30 millionar kroner, legg regjeringa oppt til ei løyving på i alt 134,8 millionar kroner til ordninga i år.
– Godstransport på jernbane er positivt for klima, miljø og transportberedskapen, og bidrar til betre framkome og trafikktryggleik for varer som må fraktas på veg. Den forslåtte auken i tilskotsordninga kan bidra til å flytte meir godstransport frå asfalt til skjener, seier samferdselsministeren.
Tilskotsordninga er retta mot kombitransport og vognlast, der konkurransen mot vegtransport er størst. Ordninga er i utgangspunktet førebels. Regjeringa har videreført ordninga med ei godkjenning frå ESA fram til 2028.
Regjeringa følgjer situasjonen for godstogoperatørane, og vil vurdere ytterlegare tiltak dersom situasjonen tilseier det.
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Hugo Hermansen er ny direktør for Statens jernbanetilsyn23.6.2026 11:15:17 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har tilsett Hugo Hermansen som direktør for Statens jernbanetilsyn.
Ap-regjeringen styrker flytilbudet i Lofoten23.6.2026 10:37:42 CEST | Pressemelding
De siste årene har det vært kapasitetsutfordringer på flyrutene fra Leknes og Svolvær til Bodø. Derfor vil regjeringen iverksette ekstraordinære tiltak, og fra og med 1. januar 2027 settes en ekstra rundtur inn på rutene til Bodø.
No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport10.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom