Ofte stilte spørsmål om ferie
15.5.2025 14:07:15 CEST | Arbeidstilsynet | Pressemelding
Sommarferien nærmar seg, og Arbeidstilsynet får mange spørsmål om ferie. Her svarer vi på det fleire lurar på.

Finn du ikkje svar på spørsmål ditt, kan du lese meir om ferie på nettsidene våre eller ta kontakt med Arbeidstilsynets svarteneste.
Har eg rett på fem veker ferie?
Etter ferielova har alle arbeidstakarar rett til 25 vyrkedagar ferie, noko som er fire veker og éin dag. Vyrkedagar er måndag til og med laurdag, uavhengig av om du faktisk jobbar på laurdagar. Søndagar og heilagdagar blir ikkje rekna som vyrkedagar.
Nokre verksemder har tariffavtalar som gir rett til fem veker ferie.
Kan arbeidsgivar pålegge meg å ta ut ferie på kort varsel?
Arbeidsgivar bestemmer i stor grad tidspunktet for når arbeidstakar kan ta ferie. Men arbeidstakar har rett til å bli varsla om tidspunkt for avvikling av ferie minimum to månader i forkant. Skal denne regelen omgåst, må det stå noko om kortare fristar for varsling av ferie i tariffavtale eller arbeidsavtale. Eller det må være «særlege grunner til hinder for dette», eksempelvis driftsmessige forhold.
Som arbeidstakar kan du krevje å få lagt minst tre veker samanhengande ferie til hovudferieperioden, som er frå 1. juni til 30. september. Viss du har lagt fram eit slikt krav, vil dette avgrense kor mykje av ferien arbeidsgivar kan påleggje å avvikle i perioden utanom. Du kan også krevje å få avvikle resten av ferien i samanheng.
Eg jobbar tre dagar i veka. Kan arbeidsgivar krevje at eg avviklar ferie på fridagane mine?
Ferielova er lik for alle. Den skil ikkje mellom deltidstilsette og heiltidstilsette.
Etter ferielova svarer ei ferieveke til seks vyrkedagar. Det er berre søndagar og raude dagar som ikkje blir talde som feriedagar. Dagar ein arbeidstakar har fri frå før, etter arbeidstidsordninga si, blir talt med som feriedagar.
Eg er delvis sjukmeld. Har eg rett til å utsette ferien min?
Nei, det er berre 100 prosent sjukmelde arbeidstakarar som kan krevje ferien utsett. Når du er delvis sjukmeld, skal du avvikle ferien som normalt.
Ja, viss de har avtalt at du skal ta ferie, så må du ta ferie for den aktuelle perioden med mindre de blir einige om noko anna.
Kan arbeidsgivar krevje at eg avlyser ferien eller kalle meg tilbake frå ferie?
Ja, men det er strenge vilkår for å kunne gjere dette. Det må vere nødvendig på grunn av uventa hendingar, at ferieavviklinga vil føre til vesentlege driftsproblem og at det ikkje finst nokon avløysar for arbeidsoppgåvene dine. Arbeidsgivar skal drøfte spørsmålet med deg, og må også dekke dei kostnadane (meirutgiftene) du får som følge av avlysinga.
Kan arbeidsgivar krevje at eg tek ut ferie når eg er permittert?
Ja, ferielova gjeld også når arbeidstakar er permittert, og du kan bli pålagt å avvikle planlagd ferie. Feriedagar tel ikkje med som permisjonstid.
Eg har sagt opp jobben. Kan eg krevje å ta ut ferie i oppseiingstida?
Nei, du kan som hovudregel ikkje krevje å ta ut ferie i oppseiingstida. Det er arbeidsgivar som bestemmer når ferie skal takast.
Unntaket er om det ikkje er mogleg å ta ut ferie seinare i hovudferieperioden (1. juni–30. september) eller før året er over.
Om du og arbeidsgivar blir samde, kan du likevel ta ut ferie i oppseiingstida.
Eg har blitt sagt opp. Kan arbeidsgivar krevje at eg tek ut ferie i oppseiingstida?
Som hovudregel kan ikkje arbeidsgivar krevje at du tek ut ferie i oppseiingstida utan at du er samd i det. Du kan også seie nei til allereie planlagd ferie i denne perioden.
Unntaket er om du har ei oppseiingstid på tre månader eller meir – då kan arbeidsgivar bestemme at ferien skal takast ut i oppseiingstida, så lenge arbeidsgivar følgjer rammene i ferielova.
Les meir
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt ArbeidstilsynetPressekontakt
Tel:40031788presse@arbeidstilsynet.noOm Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.
Følg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet
Et uanmeldt tilsyn utenom det vanlige19.5.2026 08:17:43 CEST | Pressemelding
I mars gjennomførte Arbeidstilsynet tilsyn med byggingen av en ny forskningsstasjon på Jan Mayen. Byggeprosjektet er omtalt av Forsvaret som «Norges kanskje mest kompliserte byggeprosjekt».
Minstelønn i bilbransjen fra 15. juni18.5.2026 12:40:48 CEST | Pressemelding
Fra 15. juni 2026 får ansatte i bilbransjen krav på minstelønn. Det betyr at hjelpearbeidere med ett års praksis skal ha minst 212 kroner i timen, mens fagarbeidere med ett års praksis skal ha minst 237 kroner i timen.
Har jeg rett på lønn på røddagene i mai?13.5.2026 08:36:57 CEST | Pressemelding
Mai er godt i gang, og flere røde dagar står for tur. Hva er reglene for arbeidstakers rett på lønn disse dagene?
– Arbeidsmiljøet skal være forsvarlig også under streik30.4.2026 09:39:14 CEST | Pressemelding
Arbeidstilsynet er kjent med at ansatte i deler av hotellbransjen opplever et høyt arbeidspress i forbindelse med den pågående streiken.
– Arbeidsmiljø handler om arbeidet28.4.2026 11:08:02 CEST | Pressemelding
Tirsdag 28. april er Verdens arbeidsmiljødag. Arbeidstilsynet bruker dagen til å minne om noe viktig: Et godt arbeidsmiljø skapes gjennom hvordan arbeidet organiseres, planlegges og gjennomføres.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom