Fleire reisande frå utlandet og dronemilepæl i april

Del

I april nytta 4,3 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på tre prosent samanlikna med april i 2024.

Talet på utanlandsreisande veks framleis kraftig. Samla for alle Avinor sine lufthamner har det vore elleve prosent auke i talet på utanlandsreisande i april. Så langt i år har det vore åtte prosent auke.

Innanlands er det éin prosent færre reisande, om ein berre ser på april, men så langt i år har det vore vekst på fire prosent.

-April vart prega av at påska i år fall på denne månaden, mot mars i fjor. Dette påverkar talet på utanlandsreisande positivt og innanlandstrafikken negativt, isolert sett, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

-Ser ein på første tertial (januar – april) som gir eit betre perspektiv på utviklinga, ser ein at den positive trenden med ein voksande utanlandsmarknad held fram. Det er tilreisande til Noreg som er den sentrale drivkrafta bak denne auken. Det er òg positiv utvikling innanlands. Samla ser vi ein vekst på heile fem prosent i perioden januar til og med april, seier Riise.

Flyrørsler

Det var 52.458 kommersielle flyrørsler i april. Dette er tre prosent færre enn i april  i 2024, men så langt i år er det ein auke i flyrørsler på to prosent.

Store skilnader mellom lufthamnene

Det er tre prosent fleire reisande i april i år samanlikna med i fjor på alle Avinor sine lufthamner. Dei fire største (DSL= Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger) aukar også med til saman tre prosent.

Dei regionale lufthamnene (DRL =resten av lufthamnene) har ein samla auke på seks prosent i april. Tromsø aukar med heile 14 prosent samanlikna med april førre året.

Her er tal for dei store, og samla for dei mindre lufthamnene:

April

Hittil i år

Lufthamn

2024

2025

Endring

2024

2025

Endring

Oslo

2 123 000

2 209 000

4 %

7 499 000

7 863 000

5 %

Bergen

527 000

543 000

3 %

1 870 000

1 912 000

2 %

Trondheim

346 000

342 000

-1 %

1 236 000

1 283 000

4 %

Stavanger

328 000

321 000

-2 %

1 185 000

1 183 000

0 %

DSL sum

3 324 000

3 416 000

3 %

11 790 000

12 241 000

4 %

Tromsø

178 000

202 000

14 %

878 000

1 040 000

18 %

DRL andre

646 000

670 000

4 %

2 287 000

2 458 000

7 %

DRL sum

824 000

872 000

6 %

3 165 000

3 498 000

11 %

Avinor sum

4 148 000

4 288 0 00

3 %

14 954 000

15 738 000

5 %

Sjå fleire tal for alle Avinors lufthamner i vedlegga.

Auke i frakt

Også når det gjeld frakt held auken fram, med 18 prosent vekst i april samanlikna med april i fjor.

Passerte 15.000 dronebrukarar i april

I april vart det meldt inn 2614 droneplanar, det vil seie flygingar registrert i Ninox Drone.

Samanlikna med same månad i fjor har det vore ein auke på 25 prosent, noko som viser at stadig fleire ser nytten av å melde inn droneplanane sine, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor. 

- I tillegg er vi svært glade for å ha passert 15.000 registrerte brukarar i Ninox Drone,  sidan vi no går inn i høgsesongen for droneflygingar. Det er tydeleg at droneoperatørar ønskjer å fly lovleg og ta omsyn til andre i luftrommet – dette heiar vi på, avsluttar Mats Gjertsen.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye