Unik studie om trening etter kreftbehandling
Etter fem månader med trening opplevde kvinnene som hadde hatt brystkreft for 10-15 år sidan forbetra livskvalitet, kroppsbilde, søvn, funksjon og mindre fatigue. – Funna våre viser at trening bør bli inkludert som ein del av rehabiliteringa etter kreftbehandling, seier stipendiat Sara Hassing Johansen.

Ein av tre kvinner som har hatt brystkreft, lever med seinskadar som redusert fysisk form, fatigue og nedsett livskvalitet.
Kva slags effekt trening har på denne gruppa har vore ukjent.
– Det har vore lite forsking på korleis kroppen reagerer på trening ti år etter kreftsjukdom. Det har berre blitt hinta til i litteraturen og ingen studiar har inkludert ei referansegruppe, beståande av kvinner som ikkje har hatt kreft, som vi har gjort, tidlegare, fortel Sara Hassing Johansen.
Ho har vore stipendiat på prosjektet "The Cause" som har undersøkt treningseffekten på kvinner som har overlevd brystkreft.
Det er den fyrste og største randomiserte kontrollerte studien på kvinner som har hatt brystkreft for ei tid sidan.
Ingen av kvinnene trena regelmessig før
I prosjektet blei 140 brystkreftoverlevarar rekruttert.
Alle hadde hatt brystkreft for 10-15 år sidan, og hadde ein gjennomsnittsalder på 59 år.
Ingen av dei trena regelmessig frå før.
Kvinnene blei delt inn i to grupper. Den eine fekk eit tilpassa treningsprogram der dei trena med personleg trenar, tre gonger i veka.
Den andre var ei kontrollgruppe og hadde ingen treningsøkter i kalenderen. I tillegg var 70 kvinner utan tidlegare kreftsjukdom som fylgde same treningsopplegg, i ei referansegruppe. Sjølv om gruppene var relativt friske, sleit mange av kvinnene i brystkreftgruppene med seineffektar og fatigue ved oppstart.
Faktboks: Slik trente dei
Etter ei tilvenningsperiode, bestod treningsprogrammet av moderate-harde kondisjonsøkter på tredemølle. Det er viktig å nemne at treningsprogrammet er designa for forsking. Forskaren vil understreke viktigheita av kondisjonstrening kombinert med styrketrening for denne gruppa.
I ei standardveke var det:
- 4x4 min intervall måndag, (over 90 prosent av makspuls)
- Roleg langkøyring 30-40 min (75 prosent av makspuls) onsdag
- Og så 4x8 minutt på fredag (85-90 prosent av makspuls)
I tillegg til ei rekkje fysiske testar, svarte også kvinnene på spørjeskjema både i forkant og etterkant.
Brystkreftkvinnene låg i gjennomsnitt bak den friske gruppa når det kom til kor fornøgd dei var med livet.
Men noko hadde skjedd da dei svarte på dei same spørsmåla fem månader etter.
– Me skulle eigentleg ikkje undersøke dette og blei eigentleg litt sjokkerte, fortel Johansen.
Brystkreftgruppa skaut nemleg i vêret med både forbetring i fatigue, livskvalitet, kroppsbilde, søvn og funksjon.
Dei blei faktisk til og med meir fornøgde med livet enn gruppa som ikkje hadde hatt kreft før.
Slik blei kvinnene testa
Både før og etter dei fem månadane med trening var kvinnene gjennom ei rekkje fysiske testar.
Dei tok blodprøver, kroppssamansetning via DXA scan, ultralyd av hjartet, lungefunksjonstestar, muskelbiopsi, kartlegging av aktivitetsnivå og kardiopulmonal belastningstest på tredemølle.
I tillegg svarte dei på ei rekkje spørjeskjema om mellom anna livsstil og helse, sjukdommar og plager.
Referansegruppa fekk dobbelt treningseffekt
– Sjølv om referansegruppa gjorde akkurat den same treninga viser funna våre at dei fekk dobbelt effekt av treninga på det maksimale oksygenopptaket. Dei auka i snitt 2,6 milliliter oksygen per kilo kroppsvekt per minutt (VO2peak), medan brystkreftkvinnene auka med 1,2 milliliter. Det bekreftar jo det me har trudd, at kreftbehandlinga dessverre sit lenge i, seier Johansen og legg til:
– Det er jo eit eller anna fysiologisk som framleis pregar desse kvinnene. Dette er jo kvinner som blei behandla for over ti år sidan. Nå gjeld det å finne ut om dette sit i hjartet, lungene eller i muskulaturen, seier Johansen og understrekar behovet for meir forsking.
Ein oversiktsstudie som forskargruppa også har gjort viser at kreftbehandling reduserer oksygenopptaket med ni prosent i løpet av ei behandling på 13 veker.
Orkar å leike med barnebarna igjen
Forskarane blei som nemnt overraska over resultata frå spørjeskjema.
Eigentleg skulle det berre vere ein bonus.
Nå har det blitt til viktige funn, som viser kor essensielt trening kan vere for akkurat denne gruppa.
– I tillegg til auka oksygenopptak, såg vi at dei som gjennomførte treningsopplegget vårt mellom anna rapporterte at dei hadde mindre fatigue, fekk betre kroppsbilde, dei sov betre og dei hadde auka livskvaliteten.
20 prosent av gruppa rapporterte at dei var plaga av fatigue ved studieoppstart. Det var faktisk også desse som sleit mest i forkant, som også fekk dei største effektane av treningsopplegget.
– Ein ting er jo om du har oksygenopptak på 27 eller 28 milliliter, men korleis dei har det med seg sjølv er jo det som er viktigast for desse kvinnene. Berre det at dei fortel at dei orkar å leike med barnebarna igjen eller å gå på langrenn igjen er jo veldig positivt.
Førsteamanuensis Tormod Skogstad Nilsen underviser og forskar på trening og kreft på NIH. Han trur forskingsresultata understreker det mange som har vore gjennom kreftbehandling har kjent på.
– Kroppen fungerer annleis etter kreftbehandling og det kan ta lengre tid før ein kjenner framgangen. Det er likevel viktig å få med seg dei positive effektane utover den fysiske formen. Trening kan bidra til reduserte plager og auka livskvalitet sjølv lenge etter behandling. Det nyttar å trene!
Bør bli ein del av rehabilitering
Forskargruppa håpar at funna kan bidra til at trening blir ein integrert del av kreftbehandling og rehabilitering.
– Vi er på god veg, ved at 24 av sjukehusa våra i dag har Pusterom- treningssenter for kreftpasientar. Men fram til nå har det vore litt flaks om legen din er opptatt av trening eller ikkje. Når legen viser til MR på måndag, så bør hen også vise til ein helse- og treningsfysiolog på Pusterommet på onsdag, seier Johansen.
Aktiv mot Kreft meiner forskingsfunna er nok eit bevis på at trening må bli ein del av kreftbehandling- og rehabilitering.
– Vi er glade for alle forskingsprosjekt som viser den positive betydninga av persontilpassa trening for kreftpasientar. Det gjer dette prosjektet med all tydelegheit. Vi meiner at helsemyndigheitene må jobbe for at persontilpassa trening blir ein del av pakkeforeløpa for kreft, seier dagleg leiar Helle Aanesen.
Forskingsprosjektet er gjort i samarbeid med Oslo universitetssykehus og er delfinansiert av Aktiv mot Kreft og Kreftforeningen.
Faktaboks: Pusterommet
Eit treningssenter for kreftpasientar på norske sjukehus.
På Pusteromma får kreftpasientane kyndig treningsrettleiing av fagpersonar, i eit sosialt og triveleg miljø, før, under og etter behandling.
Pusteromma blir etablert av stiftinga Aktiv mot kreft.
Aktiv mot kreft gir også sjukehuset midlar til drift dei fyrste tre åra, mot ein garanti for at sjukehuset viderefører driften frå det fjerde året.
Kjelde: Aktiv mot kreft
Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noBilder


Lenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
25-årsjubileum for banebrytende idrettsmedisinsk forskning8.5.2025 11:19:19 CEST | Pressemelding
Jubileumskongress: 25 Years of Protecting Athlete Health - Forward Together, Svolvær 12.-15. mai 2025
Aage Radmann blir ny rektor ved Norges idrettshøgskole8.4.2025 13:32:14 CEST | Pressemelding
Aage Radmann er valgt til ny rektor ved NIH, sammen med prorektor Live Luteberget.
Derfor bør du heller lage kantgrop enn snøhule24.3.2025 14:56:16 CET | Pressemelding
Jeg kommer ALDRI til å grave snøhule igjen, sa en av friluftslivsstudentene våre etter å ha blitt introdusert for kantgrop. Kantgrop er faktisk både raskere å lage og sikrere enn snøhule, ifølge førstelektor i friluftsliv Jannicke Høyem.
NIH styrker forskning på kvinnehelse: etablerer forskningssenter7.3.2025 08:28:30 CET | Pressemelding
Senter for kvinnehelse i idrett og fysisk aktivitet har som mål å bli et ledende nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter for forskning, utdanning og formidling innen kvinnehelse i idrett og fysisk aktivitet .
Nordisk skihistorisk seminar - Spor bakover, spor framover4.2.2025 09:54:07 CET | Presseinvitasjon
Varm opp til VM på ski i Trondheim med mellom anna Thor Gotaas, Gudmund Skjeldal og Matti Goksøyr. Idrettshistorikere fra både Norge og Sverige gir både tilbakeblikk og frampeik på NIH 5.februar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom