No startar Fellesprosjektet Arna-Stanghelle berg- og skredsikringsarbeid langs E16
9.5.2025 20:30:01 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Neste veke startar berg- og skredsikringsarbeid på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Arbeidet vil føre til kolonnekøyring på E16 på dagtid.

Arbeidet startar først på Helle, og omfattar reinsk og sikring av fjellskjeringar og andre tiltak for å sikre dei framtidige anleggsområda. Det er berekna at arbeida vil ta om lag eitt år. Nordisk Fjellsikring AS utfører arbeidet på vegne av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Kolonnekøyring på dagtid
I første omgang blir det ei kort strekning med kolonnekøyring med ledebil mellom Lågaskarstunnelen og Helle. På denne strekninga vil kun eitt køyrefelt vere ope. Trafikantar må rekne med kortvarig stans i trafikken på inntil 15 minutt i påvente av ledebil. Kolonnekøyringa i dei første to vekene vil være måndag til torsdag frå klokka 07:00 til 19:00 og deretter frå måndag til laurdag frå klokka 07:00 til 19:30.
Slik held du deg oppdatert på trafikkmeldingar
Det vil kome endringar i kolonnekøyringa fram mot sommaren. Oversikt over kolonnekøyring og anna arbeid på strekninga og oppdaterte vegmeldingar er tilgjengeleg på vegvesen.no/trafikk.
Prioriterar å ferdigstille arbeid som krev kolonnekøyring først
Arbeidet på Stanghelle og Helle er venta å vere ferdig i løpet av november. Arbeid som krev kolonnekøyring på E16 vert prioritert og er venta ferdig i slutten av august.
Årsaka til at det vert kolonnekøyring er at områda det skal verte arbeidd i ligg tett på E16 og at det i periodar kan vere fare for nedfall i samband med sikringsarbeidet.
Nøkkelord
Kontakter
Kari BremnesFellesprosjektet Arna-Stanghelle
Tel:95253159kari.bremnes@vegvesen.noLenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid på Tau den neste månaden5.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Måndag 9. november startar Statens vegvesen et arbeid på Tau som vil vare cirka fire veker.
Disse konkurrerer om å drifte riksveger i Nord-Troms og Vest-Finnmark5.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Tre entreprenører konkurrerer om å drifte riksvegene i Nord-Troms og Vest-Finnmark de neste årene.
Ei mil med tryggare rv. 9 er ferdig4.11.2026 15:16:20 CET | Pressemelding
To strekningar mellom Hoslemo og Badstogdalen langs rv. 9 nord i Setesdal er no ferdig utbetra. Om lag ei mil betre veg gir trafikantane auka tryggleik og betre framkome.
Arbeid på E18 i Fornebukrysset også kommende helg4.11.2026 13:54:28 CET | Pressemelding
Det blir arbeid og innsnevringer i Fornebukrysset også kommende helg. Granfosstunnelen vil være åpen, men det vil fortsatt bli kø ut av Oslo.
Arbeid på E39 Ognasundet bru4.11.2026 13:53:58 CET | Pressemelding
Statens vegvesen skal reparere ei fuge på Ognasundet bru i Bokn kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom