Framande planteartar invaderer forlatne jordbruksareal
Møre og Romsdal har mykje jordbruksareal som ikkje er i drift lengre. Slike areal kan gje fyrsteklasses grobotn for invaderande framande planteartar.

Kvart år kjem over 800 millionar spiredyktige frø frå framande artar inn i Noreg som blindpassasjerar med importerte hageplanter. I tillegg forvillar nokre hageplanter seg, godt hjelpne av eit mildare klima. Fleire av dei utkonkurrerar svakare norske artar og er ein trussel mot biologisk mangfald. Dei framande planteartane etablerer seg ofte i menneskepåverka område og spreier seg derifrå ut i naturen.
Noreg er forplikta gjennom naturavtala frå 2022 til å nedkjempa artar som truar norsk naturmangfald. Oppgåva er ganske overveldande. Den norske «Fremmedartslista» frå 2023 har registrert 206 framande planteartar med høg eller svært høg risiko. Mange har ein formidabel formeiringsevne. Har dei fyrst etablert seg, kan det vera nær sagt umogleg å bli kvitt dei att.
Førebygging er med andre ord nykkjelen til suksess. Då må ein ha kunnskap om kor desse artane trivst og korleis dei vert spreidd. Ferske analysar frå NIBIO syner at jordbruksareal som ikkje er i drift er risikoområde. Ligg områda i tillegg nær busetnad eller ein spreiingsveg for uønskte frø, er sjansen stor for at arealet vert invadert.
Møre og Romsdal har opplevd meir enn ei halvering i tal aktive jordbruksbedrifter sidan 1999. Som ein følgje er det i dag nesten 120 000 dekar med jordbruksareal som kan vera ute av drift. Det er ein god grunn til å fylgja med! Samtidig er det per i dag nesten 40 000 observasjonar av framande skadelege planter registrert hos Artsdatabanken innanfor fylket. I tillegg kjem eit stort mørketal av førekomstar som ikkje er kartlagt.
Tidlegare åker og kulturenger har lite plantemangfald og dermed lite konkurranse. Slike areal har dessutan ofte høgt innhald av næringsstoff, og det er gode ljostilhøve. Framandartane finn dermed nett dei tilhøva dei treng for å formeira seg. Også beitemarker kan vera utsette fordi tråkkskadar frå beitedyra lagar opningar i det tette vegetasjonsdekket slik at frø får moglegheiter til å spira. Når jordbruksdrifta vert lagt ned, vert dei framande planteartane heller ikkje forstyrra av pløying, slått eller beiting.
Ulike artar har ulike spreiingsvegar. Mange spreier seg frå tettbygde strok langs vegar og nokre med vatn. Fuglar kan spreia nokre av dei. Ei stor utmaning er òg flytting av infiserte jordmassar frå utbygging.
Kjempespringfrø er ein prioritert art for nedkjemping i Møre og Romsdal. Denne arten kan lett etablera seg på forlatne jordbruksareal som ligg nær bekkefar eller grøfter sidan frøa gjerne spreier seg med vatn.
Risikokart er eit nyttig verktøy i nedkjempingsarbeidet. Ved å nytta informasjon om kvar det finst uønskte planter i dag, korleis dei mest sannsynleg vil spreia seg, og kor det er gode tilhøve for etablering, kan ein laga kart som viser særskilde risikoområde. Slike kart kan gjera det lettare å gripa inn tidleg når det skal minst innsats til for å nedkjempa plantene.
Statsforvaltaren i samarbeid med kommunane har ansvar for å nedkjempa uønskte framande planteartar. Ved å bidra til å halda jordbruksareal i drift, kan dei slå fleire fluger i ein smekk. Der areala har særskilde naturverdiar, er det viktig at dei vert skjøtta på rett måte. Uansett verkar skjøtsel førebyggjande for spreiing av uønskte planter, samstundes som areala kan bidra til auka matproduksjon og sjølvforsyning.
Her kan du lesa meir om nedkjemping av framande planteartar i Møre og Romsdal
https://www.statsforvalteren.no/nb/More-og-Romsdal/Miljo-og-klima/Naturmangfold/framande-planter/
Nøkkelord
Kontakter
Ulrike BayrForskerNIBIO
Arealanalyser, naturmangfold m.m.
Bilder

Lenker
NIBIO - livsviktig kunnskap
NIBIO er et av Norges største forskningsinstitutt med ca. 750 medarbeidere. Vi bidrar til matsikkerhet og mattrygghet, bærekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping gjennom forskning og kunnskapsproduksjon.
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Biofilm kan omdanne skadelige gasser til bærekraftig drivstoff7.8.2025 13:09:35 CEST | Pressemelding
NIBIO har vært med på å utvikle en metode for å gjøre klimagasser som karbondioksid og karbonmonoksid om til grønn biometan – en fornybar energikilde. Ved hjelp av tynne lag med mikroorganismer, såkalte biofilmer, kan skadelige gasser bli til bærekraftig drivstoff.
Kartlegger karplanter i jordbrukslandskapet16.7.2025 13:35:49 CEST | Pressemelding
På en graskledt høyde med utsikt over Mjøsa er to ivrige forskere opptatt med å granske vegetasjonen. Det er deilig sommervær og høysesong for feltarbeid i NIBIO.
Kveikgjæren – vår første mikrobiologiske kulturarv14.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Kveika ser kanskje ut som vanleg bakegjær, men ho er noko heilt for seg sjølv. Denne særnorske gjærsoppen, brukt i heimebrygging sidan før vikingtida, er ein unik kulturarv og den første mikroorganismen i Noreg med offisiell «genarvestatus».
Kan plantedroner erstatte manuell skogplanting?11.7.2025 12:03:10 CEST | Pressemelding
Skogplanting er et manuelt arbeid som både kan være dyrt og arbeidskrevende. Nå utvikler norske og danske forskere en drone som kanskje kan gjøre jobben enklere.
Fun-facts om jordbruket i Østfoldskommunene10.7.2025 14:29:56 CEST | Pressemelding
Sjekk hvordan din kommune gjør det på landbruksfronten med NIBIOs Arealbarometer! Østfold er et av Norges minste fylker og utgjør bare litt over 1 % av Fastlands-Norges landareal. Likevel har fylket 20 % av Norges kornarealer. Indre Østfold kommune er Norges klart største kornkommune med over 189 000 dekar korn i 2024. Kommunen sørger også for korn til andre deler av landet der forholdene ikke ligger godt til rette for lønnsom korndyrking.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom