1,5 milliardar kroner til vestlandsk næringsliv i 2024
Forsvarsbyggs årsrapport viser store investeringar i vest. Dette er med på å styrke forsvarsevna og lokalt næringsliv.

Forsvarsbyggs årsrapport for 2024 er nå publisert. Dei totale kostnadene til Forsvarsbygg i 2024 var 15,1 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 76 prosent av dette. 1,5 milliardar kroner gjekk til kontraktar med regionalt og lokalt næringsliv på Vestlandet.
—Forsvarsbygg skal etablere, halde oppe og gjenopprette eigedommen, bygga og anlegga til forsvarssektoren i fred, krise og krig. Det krev eit tett samarbeid med regionalt og lokalt næringsliv. Som vi pleier å seie, Noregs forsvarsevne blir bygd saman med næringa, seier direktør i Forsvarsbygg, Thorbjørn Thoresen.
I 2024 overleverte Forsvarsbygg mellom anna ny havaritrenar for redningshelikopter og eit større infrastrukturprosjekt på Haakonsvern. Andre eksempel på prosjekt Forsvarsbygg har på Vestlandet er ny kaserne i Madla leir og eigedom, bygg og anlegg til nye ubåtar på Haakonsvern.
Her kan du lese Forsvarsbyggs årsrapport for 2024
Store tal frå eit viktig år
Forsvarsbygg forvalta i 2024 over 12 900 bygg og anlegg fordelte over heile landet. Forsvarsbygg gjennomførte investeringsprosjekt for om lag 6,8 milliardar kroner i 2024 og overleverte 28 byggeprosjekt til Forsvaret. Med litt over 4 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.
4,1 millionar besøkte festningane våre. Populariteten til festningane som reise- og besøksmål er tilbake til dei rekordhøge nivåa frå før pandemien.
Eigedom og beredskap heng saman
Eigedom, bygg og anlegg er ein sentral innsatsfaktor for forsvaret av Noreg i fred, krise og krig. Forsvarsbygg har i 2024 framleis arbeidd med å legge til rette for alliert mottaks- og øvingsverksemd i Noreg, i tråd med samfunnsoppdraget vårt.
—Dagens sikkerheitspolitiske bilde har gjort det klart kor viktig det er at Noreg har eit sterkt forsvar på eiga hand, saman med allierte og i totalforsvaret. Dette bidrar Forsvarsbygg til. Vi får på plass infrastrukturen våre soldatar og allierte treng for å forsvare Noreg, seier Thoresen.
Førebuing av storøvinga Joint Viking 2025 var sentralt i 2024. Over 10 000 soldatar frå sju land var med på øvinga, der Forsvarsbygg saman med Forsvaret og forbundsfellane våre viste Noreg og NATOs vilje, evne og styrke til å forsvare territoriet sitt.
Oppussing av kasernar prioritert
Forsvarsbygg har i 2024 auka kvaliteten på buforholda for 1300 meinige og befal. Vi har hatt eit godt og nært samarbeid med Forsvaret undervegs i prosessen. Kombinasjonen av ekstra løyvingar og planlagde vedlikehaldstiltak har samla gitt eit heilskapleg løft i trivsel mellom soldatane og tilstandsgraden til bygga. Dette er ein berekraftig og kostnadseffektiv måte å forlenge levetida til bygningsmassen på.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:47 7777 47pressevakt@forsvarsbygg.noBilder



Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
730 millioner kroner til næringsliv i Innlandet fylke i 20246.5.2025 14:58:28 CEST | Pressemelding
Forsvarsbyggs årsrapport for 2024 viser store investeringer i Innlandet. Dette er med på å styrke forsvarsevnen og lokalt næringsliv.
1,4 milliarder kroner til midtnorsk næringsliv i 20246.5.2025 14:30:31 CEST | Pressemelding
Forsvarsbyggs årsrapport i 2024 viser store investeringer i Midt-Norge. Dette er med på å styrke forsvarsevnen og lokalt næringsliv.
2,4 milliarder kroner til nordnorsk næringsliv i 20246.5.2025 12:46:21 CEST | Pressemelding
Forsvarsbyggs årsrapport for 2024 viser store investeringer i nord. Dette er med på å styrke forsvarsevnen og lokalt næringsliv.
VÆRNES GARNISON: Bygger nye elevforlegningar til Luftforsvarets skulesenter29.4.2025 13:40:27 CEST | Pressemelding
Flyttinga av Luftforsvarets skulesenter frå Kjevik til Værnes blei vedtatt i 2016. Store delar av skolesenteret er allereie plasserte på Værnes. I dag markerer Forsvarsbygg oppstarten for det som skal bli tre nye forlegningsbygg inne på Værnes garnison.
Forsvarsbygg ođasmahttá rádárrusttega Máhkarávjjus Nordkáhppa gielddas27.2.2025 13:38:32 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg lea ožžon bargun hukset ođđa ja ođasmahttit dálá rádárrusttegiid miehtá riikka. Plánejuvvo álggahit huksenbarggut Nordkáhpas (Davvinjárggas) geasset 2025:s.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom