Opnar for noko sjølaksefiske i Finnmark
30.4.2025 14:15:18 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslo først å ikkje opne for laksefiske i sjø i Finnmark, men har no likevel valt å opne for noko fiske i fjordane i Vest-Finnmark.

– Situasjonen for villaksen er kritisk, og vi er i ferd med å miste noko av det som gjer oss til Noreg. Når situasjonen er så alvorleg, må vi gjere det som er nødvendig. Eg er likevel glad for at vi kan opne for noko fiske, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Av omsyn til laksen i verdas kanskje viktigaste lakseelv, Tanavassdraget, er det nødvendig med sterke avgrensingar på fisket etter laks i sjø i heile Finnmark. Etter nye vurderingar har vi likevel funne moglegheit for å opne for noko laksefiske i sjøen i delar av Vest-Finnmark, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
- Sjå dei nye føresegnene for laksefiske i sjø, vedlagt denne pressemeldinga.
-
Sjå oppsummering og vurdering av høyringsinnspela som kom då Miljødirektoratet tidlegare i år sende ut forslag om nye føresegner for laksefiske i sjø og vassdrag, vedlagt denne pressemeldinga.
Skånar Tana-laksen med seinare fiskestart
Tanalaksen bevegar seg over store delar av finnmarkskysten, før den går opp i elva for å formeire seg. I januar sende Miljødirektoratet ut eit forslag på høyring, som innebar null fiske etter laks i sjø i Finnmark frå og med i år. Etter innspel som kom i høyringsrunden opnar direktoratet no likevel for laksefiske frå 10. juli i fjordane frå Hammerfest og vestover i Vest-Finnmark, og dessutan frå 15. juli i Porsangerfjorden. Begge stader varer fisket fram til 4. august. Aust for Porsangerfjorden blir det ikkje opna for noko laksefiske i sjø frå og med i år.
– Undersøkingar viser at Tana-laksen i midten av juli har forlate Vest-Finnmark og sumt austover mot Tana. Laksen som då er igjen i Vest-Finnmark høyrer heime i elvane der, og tilhøyrer bestandar som er mindre sårbare enn Tanalaksen. Dei toler derfor betre å bli fiska på, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Fleire innstrammingar kan bli nødvendig
Det mest omfattande sjølaksefisket vi har i Noreg er i Namsfjorden i Trøndelag. Her blir fiskestarten utsett med fem dagar, til 15. juni. Den vekefaste fisketida blir her redusert med ein firedel samanlikna med i dag, og vil gå føre seg måndagar til torsdagar i perioden 15. juni til 1. juli. I Kvænangen i Troms og i Eidsfjorden i Vestland blir fiskestart utsett med høvesvis fem og sju dagar. Begge stader startar fisket 15. juli frå og med i år.
– Den gongen dei gjeldande føresegnene for laksefisket vart innførte var det langt meir laks som kom tilbake til kysten frå havet enn det er no. Det er derfor behov for å redusere fiska. Dei tre dårlegaste lakseårene historisk sett har vore i perioden etter 2021, seier Hilde Singsaas.
I fjor måtte Miljødirektoratet på kort varsel stengje laksefisket mange stader. Endringane i føresegnene om laksefisket i år har til hensikt å gjere sesongen meir føreseieleg for både fiskarar og næringsdrivande. Likevel kan det også i år bli nødvendig med fleire innstrammingar i løpet av sesongen, dersom det kjem endå færre laks enn venta.
– Når laksen forsvinn, forsvinn også kulturen og tradisjonane knytte til den. Vi må snu den negative utviklinga for villaksen, slik at vi også kan sikre at kystkulturen og sjølaksefisket kan førast vidare til nye generasjonar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Les også:
Det mest avgrensa elvelaksefisket i historia vedteke - miljodirektoratet.no
Foreslår det mest avgrensa laksefisket i historia - miljodirektoratet.no
Dokumenter
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Over 27 millioner kroner til opprydding av marin forsøpling i 20263.3.2026 14:00:35 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir i år tilskudd til 20 prosjekter som skal forebygge og rydde opp marin forsøpling langs kysten.
Sier ja til forsøksutsetting av genmodifiserte poteter3.3.2026 10:53:55 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tillatelse til å gjennomføre et feltforsøk med to potetlinjer som er genmodifisert for å tåle tørråte bedre.
Disse tiltakene gir håp for truede arter2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Flere truede arter har god effekt av bevaringstiltak som pågår, viser en ny rapport. Men skal effekten være varig, må arbeidet fortsette over tid.
Desse tiltaka gir håp for trua artar2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Fleire trua artar har god effekt av bevaringstiltak som blir gjennomførte, viser ein ny rapport. Men skal effekten vere varig, må arbeidet fortsetje over tid.
Nedgang i erstattede tap av tamrein og sau til rovvilt26.2.2026 11:24:06 CET | Pressemelding
Fjorårets erstatningsoppgjør viser en moderat nedgang i erstattede tap av tamrein og sau forårsaket av fredet rovvilt sammenliknet med de siste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom