Utdanningsdirektoratet

Han skal leie nytt nasjonalt senter for yrkesfag

Del

Yrkesfaglege utdanningar er meir populære enn nokon gong. No etablerer Utdanningsdirektoratet eit nytt nasjonalt senter i Molde, som skal bidra til å utvikle og styrkje fag- og yrkesopplæringa i heile det yrkesfaglege utdanningsløpet. Konrad Lillevevang skal leie senteret, som opnar dørene i august.

Konrad Lillevevang er tilsatt som leiar for Utdanningsdirektoratet sitt nye nasjonale senteret for yrkesfag i Molde.
Konrad Lillevevang er tilsatt som leiar for Utdanningsdirektoratet sitt nye nasjonale senteret for yrkesfag i Molde. Foto: Tone Molnes

Regjeringa har vedteke å etablere eit nytt nasjonalt senter for yrkesfag for å bidra til å vidareutvikle og styrkje fag- og yrkesopplæringa, slik at opplæringa er i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.

– Noreg har behov for langt fleire fagarbeidarar for å løyse utfordringar i samfunnet. Det nye senteret skal vere ein kunnskapsbase for fag- og yrkesopplæringa, og vi er glade for å ha fått på plass Konrad Lillevevang til å leie arbeidet med å etablere dette viktige nye tilskotet til direktoratet, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Morten Rosenkvist.

Lillevevang kjem frå stillinga som dagleg leiar for den tverrindustriselle næringsklynga NCE iKuben. Han har lang leiarerfaring og bakgrunn innanfor offentleg og privat sektor, og har mellom anna vore seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, sals- og marknadsansvarleg i Brocon Cash Management og sales manager i Bring Logistikk.

Lansering i Arendal

Senteret opnar i Molde i august 2025 og skal vere i normal drift frå 2026. Konrad Lillevevang startar i stillinga under Arendalsuka 2025, der han skal delta i eit felles arrangement mellom LO, NHO og Utdanningsdirektoratet om det nye nasjonale senteret for yrkesfag.

Lillevevang ser fram til å ta fatt på oppgåvene i si nye rolle. 
– Å utdanne fleire fagarbeidarar er ei nøkkeloppgåve for å sikre at vi som samfunn kan løyse dei oppgåvene vi står overfor dei neste tiåra. Eg ser fram til å bidra med å bygge opp det nasjonale senteret, samarbeide med sentrale partar og å bidra til å utvikle fagopplæringa i Noreg, seier Lillevevang.

Om nasjonalt senter for yrkesfag

Senteret skal:

  • styrkje kvalitets- og utviklingsarbeidet i fag- og yrkesopplæringa i heile det yrkesfaglege utdanningsløpet, og bidra med kunnskap til relevante avgjerdsorgan på alle nivå.
  • bidra til å få fleire til å gjennomføre ei yrkesfagleg utdanning, og utvikle framifrå yrkeskompetanse gjennom styrkt kopling opp mot arbeidslivet.
  • kartleggje lokale, regionale og bransjevise utviklingstrekk.
  • vere ein kunnskapsbase for fag- og yrkesopplæring, og bidra til å utvikle yrkesfaga i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.
  • opprette eit nytt råd som skal gje anbefalingar om senterets oppgåver og prioriteringar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Konrad Lillevevang
Konrad Lillevevang
Foto: Tone Molnes
Last ned bilde
Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet.
Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet.
Utdanningsdirektoratet Utdanningsdirektoratet
Last ned bilde

Om oss

Utdanningsdirektoratet er Kunnskapsdepartementets utøvende organ for barnehage, skole og fagopplæring og skal sette opplæringspolitikken ut i praksis.

Følg pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Utdanningsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye