Sterke tal: 7 prosent fleire reisande på Avinor sine lufthamner i mars
10.4.2025 13:00:00 CEST | Avinor | Pressemelding
I mars nytta 4,2 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på sju prosent samanlikna med mars i 2024.

Samla for alle Avinor sine lufthamner er det ti prosent auke i talet på innanlandsreisande, og to prosent auke i utanlandsreisande, men det er store skilnader mellom lufthamnene.
Aprilpåske påverkar mars-tala
-I år kjem påska i april, medan ho var i mars i fjor. Dette påverkar passasjertala for mars.
Påsketrafikken er normalt prega av ein svak innanlandsmarknad og tilsvarande sterk utanlandsmarknad. Dette forklarer den kraftige veksten vi ser på innland i mars i år, på heile 10%, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikktutvikling i Avinor.
-Samstundes ser vi ein svakere vekst i utanlandstrafikken enn i de siste månedene, men om ein tek omsyn til påskeeffekten ser vi at det framleis er underliggjande god vekst i utanlandstrafikken også i mars, seier Riise.
Hittil i år er talet på utanlandsreisande sju prosent høgare enn i same periode i 2024, sjølv om påska ikkje er i første kvartal.
Meir flyfrakt og god utnytting av kapasiteten
Fraktvolumet held fram på eit høgt nivå, med ein vekst på 20% i mars. Import som kjem inn med fly aukar, og ledig kapasitet på ruteflya blir fylt meir enn tidlegare år.
-Frakt er eit viktig bidrag for å utvikle rutetilbodet ved Oslo lufthamn. Vi opplever at lufthamna i større grad blir brukt som knutepunkt for fraktmarknaden, som er med på å styrke ruteutviklinga gjennom betre lønsemd for flyselskapa, avsluttar Riise.
Kommersielle flyrørsler aukar
Det var 53.029 kommersielle flyrørsler i mars, ein auke på åtte prosent frå mars i 2024.
Framleis størst vekst for dei mindre lufthamnene
Ser vi på dei store lufthamnene; Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger (DSL), er fleire reisande i mars, men aller størst auke for Trondheim lufthamn, Værnes.
Tromsø lufthamn har stadig aukande tal på reisande, med heile 18 prosent i mars i år, samanlikna med mars i fjor. Dei regionale lufthamnene (DRL) har ei samla auke på 12 prosent i mars.
|
Mars |
Hittil i år |
|||||
|
Lufthamn |
2024 |
2025 |
Endring |
2024 |
2025 |
Endring |
|
Oslo |
2 018 000 |
2 103 000 |
4 % |
5 375 000 |
5 653 000 |
5 % |
|
Bergen |
487 000 |
511 000 |
5 % |
1 344 000 |
1 368 000 |
2 % |
|
Trondheim |
323 000 |
366 000 |
13 % |
890 000 |
941 000 |
6 % |
|
Stavanger |
311 000 |
322 000 |
3 % |
857 000 |
862 000 |
1 % |
|
DSL sum |
3 140 000 |
3 302 000 |
5 % |
8 465 000 |
8 824 000 |
4 % |
|
Tromsø |
248 000 |
294 000 |
18 % |
700 000 |
838 000 |
20 % |
|
DRL andre |
612 000 |
671 000 |
10 % |
1 641 000 |
1 788 000 |
9 % |
|
DRL sum |
860 000 |
964 000 |
12 % |
2 341 000 |
2 626 000 |
12 % |
|
Avinor sum |
3 999 000 |
4 266 000 |
7 % |
10 806 000 |
11 450 000 |
6 % |
Sjå fleire tal for alle Avinors lufthamner i vedlegga.
Fleire droneflygingar
I mars vart det meldt inn 2.279 droneplanar, det vil seie flygingar registrert i Ninox Drone.
– Dette er ein auke på rundt 31 prosent prosent samanlikna med mars i 2024, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommuniksjonssjef i Avinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noDokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinor leverer et solid første kvartal i urolige tider18.5.2026 14:42:51 CEST | Pressemelding
Til tross for geopolitisk uro, leverer Avinor et godt første kvartal med økt passasjertrafikk og inntekter. De langsiktige utsiktene er positive, men det er nå betydelig usikkerhet knyttet til utviklingen fremover og hvor lenge den vil vare.
Avinor lyser ut nye kontrakter innen servering og kiosk: Skal løfte mat- og drikkeopplevelsen på norske lufthavner18.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Avinor lyser ut nye kontrakter ved åtte lufthavner med en estimert samlet verdi på rundt 3,5 milliarder kroner. Konkurransen består av 35 kontrakter med henholdsvis fem eller syv års varighet, og omfatter serveringsenheter, kiosker og selvbetjente løsninger.
Bunadsslusa opnar igjen på Oslo lufthamn 16. og 17. mai12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Som tradisjonen tilseier, opnar Oslo lufthamn eiga bunadssluse i tryggleikskontrollen 16. og 17. mai. Slusa er pynta med norske flagg og er open for alle reisande i bunad, kofte og andre tradisjonelle festdrakter.
Stabil april - vekst så langt i år11.5.2026 14:30:00 CEST | Pressemelding
Talet på passasjerar ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabilt i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.
Eirik Wæraas blir direktør for trafikkutvikling i Avinor11.5.2026 12:56:09 CEST | Pressemelding
Avinor har ansatt Eirik Wæraas som ny direktør for trafikkutvikling. Ansettelsen styrker Avinors arbeid med å videreutvikle rutenettet og Norges tilgjengelighet mot verden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom