Statens vegvesen

Første anleggskontrakt på Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er signert

Del

Kontrakten er tildelt Nordisk Fjellsikring AS, og har ein verdi på i overkant av 25 millionar kroner.

Bilete viser dagens E16 på Helle ved Lågaskartunnelen i retning Stanghelle. Området til venstre for dagens E16 er eit av områda som skal skredsikrast. Her skal det etter kvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal.
Bilete viser dagens E16 på Helle ved Lågaskartunnelen i retning Stanghelle. Området til venstre for dagens E16 er eit av områda som skal skredsikrast. Her skal det etter kvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal. Statens vegvesen

Arbeidet omfattar reinsking og sikring av fjellskjeringar og montering av fleire steinspranggjerder ved dei framtidige anleggsområda for ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.

Avgjerande for tryggleiken i byggefase  

Prosjektdirektør i Statens vegvesen, Kjartan Johan Hove og prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen, signerte kontrakten på vegne av Fellesprosjektet.

Skredsikringa er avgjerande for tryggleiken i områda der det seinare skal utførast sprengingsarbeid for nye tunnelar til veg og jernbane. 

– Dette er startskotet for arbeidet med dei framtidige anleggsområda for ny veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle, og vi ser fram til at arbeidet kjem i gang, seier Hove 

Harding Hansen gler seg òg over at arbeidet med å skredsikre anleggsområda no startar.  

– Med denne kontrakten sikrar vi tryggleiken i anleggsfasen når vi seinare skal i gang med å byggje tunnelane.  

Startar arbeidet i mai 

Arbeidet er berekna å ta om lag eitt år, og skal etter planen starte om ein månads tid, i byrjinga av mai. Områda det skal arbeidast i ligg over framtidige tunnelar for veg og bane på fire stader i Vaksdal, ein stad på Stanghelle og eit område på Helle.  

Om prosjektet  

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er ferdig regulert, og regjeringa sendte førre veke fram proposisjon for finansiering av prosjektet til Stortinget.  

Dersom Stortinget sluttar seg til regjeringas forslag er det venta at den første store entreprisen kan kome i gang i 2026. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bilete viser dagens E16 på Helle ved Lågaskartunnelen i retning Stanghelle. Området til venstre for dagens E16 er eit av områda som skal skredsikrast. Her skal det etter kvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal.
Bilete viser dagens E16 på Helle ved Lågaskartunnelen i retning Stanghelle. Området til venstre for dagens E16 er eit av områda som skal skredsikrast. Her skal det etter kvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal.
Statens vegvesen
Last ned bilde
Venstre i illustrasjonen viser eitt av områda som skal skredsikrast. Her skal det etterkvart sprengast ut ny vegtunnel mellom Helle og Vaksdal.Til høgre ser ein dagens E16 og Lågaskartunnelen.

Bilete av prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen
Prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen
Bane NOR
Last ned bilde
Bilete viser prosjektdirektør i Statens vegvesen Kjartan Johan Hove
Prosjektdirektør i Statens vegvesen Kjartan Johan Hove
Statens vegvesen
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye