86 kommunar og fylke vil ha Klimasats-støtte
Kommunar og fylkeskommunar i alle landsdelar har i 2025 søkt om 298 millionar kroner i støtte til lokale klimatiltak. Sjå her kva kommunen din har søkt om.

Klimasats er ei støtteordning som hjelper kommunar med å kutte klimagassutslepp. Sidan 2016 har ordninga utløyst over 2200 prosjekt i alle fylka i landet.
I 2025 er utsleppsfrie maskiner og køyretøy, klimavennlege byggjemateriale, ombruk og gjenbruk høgt på lista over tiltak kommunane ønskjer å gjennomføre.
- Kommunane speler ei viktig rolle i å redusere klimagassutslepp og bidra til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at kommunane kan halde fram med å bidra gjennom dei lokale klimaprosjekta sine. Klimasats har vore viktig både for å få kommunane i gang med klimaarbeidet, og for å støtte kommunane som vil gå føre og finne nye løysingar for å få ned klimagassutsleppa. Eg er glad for at så mange kommunar har søkt om støtte i år, sig klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Stor konkurranse om pengane
Det er stor konkurranse om Klimasats-potten i år, som er på 108,1 millionar kroner. I ein avgrensa søknadsrunde tidlegare i år fordelte Miljødirektoratet 8,1 millionar til sju prosjekt. Då fekk vi 38 søknader frå 33 ulike kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre om støtte for totalt 44,2 millionar kroner.
Søknadsfristen for andre runde, med 100 millionar i potten, var 1. april. I denne runden har 74 kommunar og fylke sendt 185 søknader for totalt 253,6 millionar kroner.
Til saman har vi i 2025 fått 223 søknader frå 86 ulike kommunar og fylkeskommunar for totalt 298 millionar kroner. Søknadene kjem frå alle fylka i landet, unnateke Troms, og dessutan Longyearbyen lokalstyre.
Meir informasjon om søknadene?
Vi oppmodar media og andre til å først kontakte søkjarkommunen for meir informasjon om kvart enkelt prosjekt. Søknadene kan også fåast ved å kontakte Miljødirektoratet.
Dette vil kommunane gjere
Kategoriane i tabellen dekkjer fleire ulike typar tiltak. Ein førebels gjennomgang av søknadsbunken tyder på at klimavennlege byggjemateriale, tidleg kartlegging av klimatiltak i ulike prosjekt og utsleppsfrie maskiner og køyretøy er prosjekttypane med flest søknader.
Mange søkjer også om støtte til sirkulærøkonomi-tiltak, transportplanlegging, energiomlegging og klimaleiing, nettverk og næringslivssamarbeid. Mobilitet og reisevanar, varedistribusjon og tungtransport, masseforvaltning, renovasjon og biogass er andre døme.
- Viktigare enn mange er klar over
Miljødirektør Hilde Singsaas er glad for å sjå at mange kommunar bruker moglegheitene som Klimasats-ordninga gir.
- Kommunane har ei svært viktig rolle i klimaarbeidet, og kanskje viktigare enn mange er klare over. Dei har utslepp frå eiga drift, men er vel så viktige i rollene som planstyresmakt og samfunnsutviklar. Som pådrivar, koordinator og tilretteleggjar for at innbyggjarar og næringsliv kan kutte utsleppa sine, kan kommunen bidra til store utsleppskutt. Og eventuell mangel på handling frå kommunane blir ein barriere for andre aktørar når dei vil kutt utsleppa sine, sig miljødirektør Singsaas.
Trøndelag har søkt om mest
Her er ei oversikt over korleis søknadene frå kommunar og fylkeskommunar fordeler seg i landet. Tabellen viser mellom anna at flest søknader kjem frå Akershus, medan søkjarane frå Trøndelag er dei som har søkt om mest pengar til saman.
Både små og store kommunar bruker Klimasats
Det er dei største kommunane og fylkeskommunane som sender flest søknader. I søknadsbunken i år har vi fått 76 søknader frå åtte kommunar som alle har meir enn 100 000 innbyggjarar. Ti fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre står bak 38 søknader. Men også små og mellomstore kommunar bruker ordninga aktivt. Vi har fått 92 søknader frå 59 kommunar som alle har færre enn 50 000 innbyggjarar. 44 av desse søknadene er frå 32 ulike kommunar med mindre enn 15 000 innbyggjarar.
Miljødirektoratet startar søknadsbehandlinga med ein gong og har som mål å gi svar til kommunane om dei får støtte innan slutten av juni 2025.
Faktaboks om Klimasats:
- Klimasats er ei støtteordning der kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søkje medfinansiering for å redusere utslepp av klimagassar og leggje til rette for omstilling til lågutsleppssamfunnet.
- Klimasats har mobilisert kommunar, redusert viktige barrierar for lokalt klimaarbeid, endra praksis, og bidrege til bruk av ny teknologi og utvikling av metodar og løysingar for å måle klimaeffekt.
- Prosjekta har kutta klimagassutslepp gjennom auka bruk av utsleppsfrie maskiner og køyretøy, redusert matsvinn, meir klimavennleg areal- og transportplanlegging, fleire klimatiltak i bygg og meir systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar i heile landet.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noDokumenter
Lenker
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
41 millioner til vannmiljøtiltak over hele landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekter over hele landet har til sammen fått 41 millioner kroner for å gjøre livet bedre for fisk og annet liv i elver, innsjøer og kystvann.
41 millionar til vassmiljøtiltak over heile landet31.10.2025 13:44:49 CET | Pressemelding
88 prosjekt over heile landet har til saman fått 41 millionar kroner for å gjere livet betre for fisk og anna liv i elvar, innsjøar og kystvatn.
Tekstilbransjen kan få strengere krav som øker ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusenter må ta ansvar for produktene sine – også når de havner i søpla. Miljødirektoratet foreslår nye krav for en mer bærekraftig bransje.
Tekstilbransjen kan få strengare krav som aukar ombruk28.10.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Tekstilprodusentar må ta ansvar for produkta sine – også når dei hamnar i søpla. Miljødirektoratet føreslår nye krav for ein meir berekraftig bransje.
Ny rapport: Slik kan klimaet i Norge bli framover27.10.2025 11:00:46 CET | Pressemelding
Norge står foran store klimaendringer. Klima i Norge-rapporten gir et oppdatert kunnskapsgrunnlag for å tilpasse samfunnet til et endret klima.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom