
Etablerer nytt fjordnettverk for å sikre miljøkrav og berekraftig reiseliv
Stranda hamnevesen KF etablerer no eit innovativt og miljøfokusert fjordnettverk mellom bygdene i verdsarvfjorden. Dette vil både møte dei nye miljøkrava – og sikre ei berekraftig utvikling av den viktige reiselivsnæringa i regionen. I løpet av våren og sommaren 2025 vil det bli bygd ny kai- og ladeinfrastruktur i bygdene Geiranger, Hellesylt og Stranda.
Fjordnettverket er Stranda hamnevesen sitt innovative svar på dei nye miljøkrava som i åra framover vil møte skip som seglar på verdsarvfjorden. Hamnevesenet har dei siste åra jobba målretta for å utvikle og finansiere ei infrastruktur på land som er tilpassa dei nye miljøkrava, samtidig som forholda blir lagt til rette for berekraftig vekst i turistnæringa. Turisme er svært viktig for økonomien i kommunen, og avgjerande for å sikre heilårsbusetjing i verdsarvbygdene.
I løpet av året vil det bli etablert nye flytekaier i Geiranger, Hellesylt og Stranda. Geiranger Brygge skal erstatte dagens offentlege brygge og private marina. Hellesylt Brygge vil bli etablert ut frå Hellesylt kai, medan Stranda Brygge blir etablert ut frå Stranda kai. Løysingane vil heve det visuelle og estetiske uttrykket på alle kaier, og redusere støy, søppel og anna negativ miljøpåverknad. Det nye fjordnettverket vil ikkje komme i konflikt med eksisterande trafikk, verken til lands eller vanns. Det vil heller ikkje bli behov for nye parkeringsplassar.
Den nye Geiranger brygge blir det største enkeltprosjektet i satsinga, men også Hellesylt og Stranda vil få nye flytekaier tilpassa lokale behov. Alle flytekaiene vil vere universelt utforma. Flytekaia i Geiranger skal i tillegg få ladeinfrastruktur for båtar opptil 400 passasjerar i 2026, på same tid som det blir lagt fram straum til fergekaia.
Den nye flytekaia i Geiranger vil fungere som ein bølgjebrytar som også gjer det mogleg å reetablere ei gjestehamn på innsida. Gjestehamna kan også nytte lade- og sanitærfasilitetane på flytekaia, noko som gjer at Geiranger får ei heilt unik og berekraftig besøkshamn. Som ein del av miljøsatsinga, vil Stranda hamnevesen teste det nyutvikla systemet «The Aquapod» som reinsar sjøvatnet for plast og oljefilm i hamneområdet. I sum gjer dette at Stranda hamnevesen vil ha det mest framtidsretta og miljømessig beste fjordnettverket i Noreg, og truleg i verda.
Stranda hamnevesen har gjennomført prosjektet «Grøn kai» i tett samarbeid med næringslivet, NTNU, Stranda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Resultatet er ei konkretisering av korleis ein kan ta imot passasjerbåtar og ferjer med nullutslepp, samt legge til rette for at desse får ein infrastruktur for enkel og sikker av- og påstiging, og lading av batteri. Saman med resultata frå andre prosjekt, dannar dette grunnlaget for den beslutninga på investeringa som Stranda hamnevesen KF no har tatt.
Det er innføring av nye miljøkrav i verdsarvområdet som gjer at Stranda hamnevesen over tid har planlagt det framtidsretta fjordnettverket. Allereie i år vil fleire av dagens cruiseskip ikkje kunne segle inn i verdsarvområdet. Erfaringa frå 2024 viser at mange skip da går til nærliggande hamner og sender passasjerane med buss inn i verdsarvområdet. Stranda hamnevesen vil flytte denne trafikken over på mindre passasjerfartøy som innfrir miljøkrava. I 2026 vil det bli krav om nullutslepp for passasjerbåtar og ferjer under 10 000 bruttotonn – difor er det viktig å få på plass både Fjordnettverket, kai- og ladeinfrastruktur for fartøy som må over på nullutslepp.
Kontakter
Per Erik DalenStyreleiar
Tel:920 60 370Rita BerstadHamnesjef
Tel:464 11 113rima@stranda.kommune.noDokumenter
Følg pressemeldinger fra Stranda Hamnevesen KF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stranda Hamnevesen KF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.