Samferdselsdepartementet

E134 Røldal-Seljestad: Eit viktig steg nærare ny Røldalstunnel

Del

– Vi er no eit viktig steg nærare ny veg i tunnel på strekninga mellom Røldal og Seljestad når kontrakt nå er signert. Den nye vegen vil være sikrare og meir føreseieleg for dei som bur og jobbar i regionen, og for dei som fraktar viktige varer mellom aust og vest i landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

E134 Røldal-Seljestad er eit prosjekt mange har venta lenge på. Vegen vil komme privatbilistar og tungtransportnæringa til gode. Den nye Røldalstunnelen vil gi ein meir trygg og effektiv vegstrekning, noko som vil styrke vegens rolle som transportkorridor mellom Austlandet og Vestlandet. 

– Prosjektet vil òg gi ei markant klimagevinst. Særleg lastebilar vil redusere utslepp då den nye vegen utjamnar høgdeforskjellar. Det vil gi ein årleg CO2-reduksjon på om lag 2400 tonn, og samstundes spare næringslivet for drivstoffutgifter, seier Nygård. 

Prosjektet ligg mellom Røldal og Seljestad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Anleggsarbeida skal etter planen starte opp til sommaren, og planlagt trafikkopning er i slutten av 2030. 

– Med denne avtala mellom Statens vegvesen, arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge AS, er vi eit viktig steg nærare å realisere E134 Røldal-Seljestad, forklarar seier Samferdselsministeren.

Ny veg i ein tunnel på 12,4 kilometer vil gje vesentleg betre standard og stigningsforhold. Dette vil føre til ein føreseieleg og trafikksikker strekning. Reisetida vil reduserast med om lag 18 minutt for tyngre køyretøy, noko som er viktig då dagens veg er utfordrande for tungtransporten på vinterstid. 

Nøkkelord

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye