Sounds Like Gold

Vårvibbar i Prins Thomas-remix av Andreas Rotevatn si låt "Kairos & Kronos"

Del

DJ Prins Thomas med ny remix av låt frå Andreas Rotevatn sitt soloalbum. "Kairos & Kronos" med Sofie Tollefsbøl på lead-vokal, gjev lyttarane deilig, feel-good vår-stemning!

LYTT HER

Etter Andreas Rotevatn slapp sitt fyrste soloalbum "Av daude gror" i fjor, mottok han mykje positiv merksemd. Tor Hammerø i Nettavisen skreiv i sin anmeldelse: "Det groover og svetter uten stans og jeg tror han har muligheten til å snakke til et ganske så stort publikum med dette brygget. Det er absolutt mulighet for at avanserte danseføtter også vil bli frista til eksesser underveis her."

Nå tek den legendariske dj-en Prins Thomas det allereie dansbare materialet i enda meir dansbar retning. I dag kjem remixen hans av låta "Kairos & Kronos”. Andreas Rotevatn fortel: 

- Veldig gøy å høyre den remixen her, då Prins Thomas sendte den til meg! Som ein slags Fleetwood mac-versjon av låta, eller noko sånt. Perfekt miks av elektronisk og akustisk. Det var stor stas at Prins Thomas ville remixe musikken min. Han er jo ein av dei store elektronika-pionérane i Noreg, og har vore ei inspirasjonskjelde lenge. 

Prins Thomas set tydelig sitt særpreg på låtane, og Rotevatn måtte smile godt fyrste gong han høyrde låtane sine i ny elektronisk-drakt. Andreas held fram: 

- Det er ei underleg kjensle, å høyre musikk ein kjenner so godt, men gjennom dei kreative slusene til nokon andre. Og med ein so dyktig kar som Prins Thomas, får ein jo tilsendt remixar som ikkje berre har høg kreativ verdi, men som òg lét bra med tanke på mix! Låtane mine hentar mykje inspirasjon frå dansemusikk - kva gjeld harmonikk, dramaturgi og lydbilete. Og når då Prins Thomas lagar reinspikka danselåtar av dei, med eit tydeleg gjennomført varmt elektronisk lydbilete, får dei ein ny dimensjon. I tillegg kan dei fungere betre til eit dansegolv, og kanskje nå ut til lyttarar som vanlegvis ikkje ville høyrt plata mi!

Andreas Rotevatn er på mange måtar ein kløyvd musikar, som jamvel stend stødig i det todelte. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i storbyen. Rotevatn nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk. Han er ein spellemannsnominert og prisvinnande komponist, som jamvel òg har brei apell og gode strøymetal. Rotevatn er tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes vert han inspirert av moderne og lydar frå synthar og trommemaskiner. Det akustiske og improviserte, møter det elektriske og planlagde. Einkvan stad i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best! 

Prins Thomas har jobba som produsent, DJ og remixar i fleire tiår. Han er spellemannsnominert fleire gongar og har millionar av strøymingar på Spotify. Han var ein av grunnleggjarane bak Oslo-discoen, eller space-discoen, som fekk undergrunnen til å koke på tidleg 2000-tal. Saman med Hans-Peter Lindstrøm og Todd Terje blanda dei saman discorytmer, nyare trommemaskiner, eldre synthar og effekter, i ei herleg eklektisk elektroakustisk dansbar blanding.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Cover
Cover
Last ned bilde
Foto: Grappa Musikkforlag
Foto: Grappa Musikkforlag
Last ned bilde
Foto: Grappa Musikkforlag
Foto: Grappa Musikkforlag
Last ned bilde
Foto: Grappa Musikkforlag
Foto: Grappa Musikkforlag
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye