Statens vegvesen

Statens vegvesen øver i Ivarsflottunnelen

Del

Statens vegvesen øver i rv. 13 Ivarsflotttunnelen i Suldal 3. april, og stenger då tunnelen tre timar på kveldstid.

Ivarsflottunnelen på rv. 13 i Suldal. Kart: Statens vegvesen
Ivarsflottunnelen på rv. 13 i Suldal. Kart: Statens vegvesen

Stenginga finn stad klokka 18.00-21.00.

Dette er ei fullskala øving der naudetatane deltar saman med Statens vegvesen.

– Fullskala øving er eit et krav i tunnelsikkerheitsforskrifta, og ein viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å sørge for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett. Vi gjer dette for trafikantene sin tryggleik, og for å vere best mogleg førebudd ved reelle hendingar i tunnel. Ein del av øvinga er å bruke røykmaskin for å simulere brann. Det vil derfor vere mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen, men denne er heilt ufarleg og vil raskt forsvinna, seier brannvernleiar Viktoria Gierukas i Statens vegvesen.

Den 1000 meter lange Ivarsflottunnelen vart opna i 2004. Tunnelen har ein gjennomsnittleg årsdøgntrafikk (ÅDT) på 500 køyretøy i døgnet. Av dette er 20 prosent, eller 100, lange køyretøy (tungtrafikk).

Det er ingen lokale omkøyringsmoglegheiter medan tunnelen er stengd.

– Statens vegvesen har forståing for at dette kan vera for krevjande for trafikantane, men vi vil understreka at vi gjer det for dei, og at vi no varslar i god tid slik at alle kan vera førebudd, legg Gierukas til.

Nøkkelord

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye