27,9 millionar kroner til opprydding av marin forsøpling
21.3.2025 08:40:00 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tilskot til 25 prosjekt som skal førebyggje og redusere plastforureining i havet.

– Søppel i havet er ei stor miljøutfordring som vi arbeider med å få bukt med både i Noreg og internasjonalt. Med denne ordninga støttar vi den frivillige innsatsen for å rydde havet og kysten vår. Eg er glad for at så mange ønskjer å vere med på å rydde opp og førebyggje marin forsøpling, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Det vart søkt om over 89 millionar kroner i dei 47 søknadene som kom inn til Miljødirektoratet i søknadsrunden i år. Direktoratet har fordelt 27,9 millionar på 25 prosjekt som skal gjennomførast i 2025 og 2026.
– Plastforureining og marin forsøpling er eit alvorleg miljøproblem både globalt og lokalt. Derfor er eg glad for at vi kan støtte prosjekt som bidreg til å rydde kysten vår for plast, samtidig som dei har ein førebyggjande effekt mot framtidig forsøpling, seier direktør for Miljødirektoratet Hilde Singsaas.
Miljødirektoratet har, som i tidlegare år, prioritert å gi tilskot til store, samordna prosjekt som organiserer regionale eller nasjonale oppryddingstiltak. Med søknader til prosjekt over heile landet, har direktoratet også jobba for å sikre god geografisk fordeling av midlane.
Mobiliserer frivilligheita
Blant aktørane som har fått midlar er det spesielt mange friluftsråd. Desse speler ei viktig rolle i å leggje til rette for frivillig opprydding. Å inkludere lokalbefolkninga i opprydding er eit viktig haldningsskapande og dermed førebyggjande tiltak:
– I tillegg til å få fjerna plast frå naturen, er midlane viktige i det haldningsskapande arbeidet. Engasjementet for å forhindre forsøpling aukar når mange er ute og ryddar og ser korleis plast og anna avfall skader natur og dyreliv, seier direktør for Miljødirektoratet Hilde Singsaas.
Dette vart det rydda mest av
I 2024 vart det registrert at det vart rydda over 1800 tonn marin forsøpling i 7829 ryddeaksjonar. Tala inkluderer all registrert rydding, også den som ikkje har fått tilskot frå Miljødirektoratet. Miljødirektoratets ryddeverktøy Reint hav blir brukt for å samle inn nasjonale ryddedata. Tala viser at etter uidentifiserte plastbitar vart det registrert rydda mest sigarettsneipar, med isopor på tredjeplass.
Topp 5 rydda i 2024
- Uidentifiserte plastbitar under 50 cm – 38 150
- Sigarettsneipar – 20 312
- Isopor under 5 cm – 17939
- Fiskekrokar – 14 597
- Tau under 50 cm - 13 850
- Snusposar – 13 796
Liste over mottakarane av tilskot i år til opprydding av marin forsøpling
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Færre rovviltskader også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskader på sau. Dette er de nest laveste tallene siden registreringen startet i 2002.
Færre rovviltskadar også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom