Statens vegvesen

No er det klart kven som skal byggje ny E134 mellom Røldal og Seljestad

Del

Statens vegvesen har innstilt arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge til å bygge ny Røldalstunnel på E134 mellom Røldal og Seljestad.

Bildet er ein illustrasjonen som viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Seljestad.
Illustrasjonen viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Seljestad. Multiconsult for Statens vegvesen

Konkurransen om totalentreprise vart lyst ut 04. juni 2024, og etter prekvalifiseringa blei fire entreprenørar invitert til å levera tilbod.

Prosjektet ligg mellom Røldal og Seljestad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Kontrakten har ein verdi på 2,8 milliardar kroner ekskl. mva.

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik ser fram til byggestart på strekninga som er ein viktig del av transportåra på E134 mellom aust og vest.

– Den nye Røldalstunnelen vil gi ein meir trygg og effektiv vegstrekning på vinterstid, noko som vil styrke vegens rolle som transportkorridor mellom austlandet og vestlandet, kommenterer Kjell Inge Davik.

Signerer kontrakt mot slutten av månaden

Statens vegvesen tar sikte på å signere kontrakt med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge AS i slutten av månaden, etter at klagefristen er ute. Anleggsarbeida skal etter planen starte opp i løpet av sommaren 2025, og vegopning er planlagt i 2031.

Skal styrke framkome på viktig trafikkåre mellom aust og vest

Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten omfattar bygging av:

  • 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
  • 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
  • Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
  • Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.

Kontakter

Bilder

Bildet er ein illustrasjonen som viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Seljestad.
Illustrasjonen viser korleis vegnettet vil sjå ut i dagsona på Seljestad.
Multiconsult for Statens vegvesen
Last ned bilde
Bildet viser eit kart der ein ser kvar den nye E134 mellom Røldal og Seljestad skal gå.
Kartet viser kvar den nye E134 mellom Røldal og Seljestad skal gå.
Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye