Nasjonalt forskingssenter for fagspråk til Bergen
Universitetet i Bergen opprettar eit senter for norsk fagspråk og samlar dei norske språkvitskaplege miljøa i ei storstilt satsing dei neste åtte åra. – Eit gjennombrot for fagspråk i Noreg, seier senterleiar Marita Kristiansen.
Forskningsrådet har løyvd 80 millionar kroner over åtte år til senteret, som skal gjere ein omfattande forskingsinnsats på tvers av språkvitskaplege disiplinar.
Førsteamanuensis Marita Kristiansen ved Universitetet i Bergen (UiB) skal leie senteret som skal samle, koordinere og styrke dei norske språkvitskaplege miljøa og utvikle og styrke norsk som fag- og arbeidsspråk i forsking, høgare utdanning og arbeidsliv.
– Eg gler meg og er utruleg glad for at me endeleg er der at norsk fagspråk får fokus på denne måten i akademia, seier Kristiansen.
Fagspråkssenteret skal i tillegg arbeide med å forvalte og dokumentere norsk språk i tett samarbeid med eksisterande fagmiljø ved UiB som forvaltar bl.a. Språksamlingane, Termportalen, Stadnamnportalen, Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og CLARINO. Senteret startar opp i august 2025.
Fagkommunikasjon gjeld alle
– Det er ikkje mykje fagleg som kan skje utan at fagkommunikasjonen er i bruk. Og det gjeld alle, enten ein er forskar, student, lege, meteorolog eller privatperson, og enten ein er norskspråkleg eller har utanlandsk bakgrunn.
I tillegg skal satsinga sikre ivaretaking av lingvistiske miljø som er små åleine, men som med samla innsats på tvers av institusjonar vil bli sterke nok til å vidareutvikle viktige fagområde for norsk og sikre gode relevante utdanningstilbod for framtida, seier senterleiaren.
Universitetet i Oslo er løyvd 40 millionar kroner til eit senter innanfor språkteknologi og fagspråk. Formålet med begge løyvingane er å styrke Noregs kunnskapsberedskap innanfor norsk fagspråk gjennom ei langsiktig satsing på norsk språkforsking.
Samarbeidspartnarar frå heile landet
– Eg er først og fremst veldig, veldig glad på forskarane og fagmiljøa sine vegner, seier dekan Camilla Brautaset ved Det humanistiske fakultet.
– Dette fortener dei. Sentersøknaden har lagt vekt på ein heilskapleg arkitektur der aktørar frå heile landet inngår som samarbeidspartnarar. Nettopp denne nasjonale, heilskaplege innramminga vil vera avgjerande for å innfri målsettingane som ligg til grunn for denne storsatsinga på norsk som fagspråk.
Tildelinga av status som eit nasjonalt senter for norsk fagspråk stadfestar òg den særmerka posisjonen UiB og Det humanistiske fakultetet har. Vi har i lang tid tatt eit nasjonalt ansvar for norsk språk i form av både forsking og infrastruktur. Det er eit ansvar vi vil fortsette å ta med både stoltheit og glede, seier dekanen.
UiB-rektor Margareth Hagen er opprømt etter den gode nyheita:
– Vi feiret nylig revisjonen av ordbøkene – nå tar vi satsingen på fagspråk et skritt videre ved UiB ved å ta en sterkere nasjonal rolle. Fantastisk arbeid, gratulerer Hagen i eit facebook-innlegg.
Kva er fagspråk?
Fagspråk er eit spesialisert språk, slik som for eksempel terminologi som blir brukt innan eit bestemt fagområde, yrke eller disiplin. Fagspråket kan omfatte både ord og uttrykk som blir brukt for å beskrive omgrep, prosessar eller objekt som er spesifikke for det aktuelle fagområdet og som kan vere vanskelege å forstå for personar utanfor fagfeltet.
Fagspråk eller fagkommunikasjon er typisk kommunikasjon mellom spesialistar innanfor eit fagområde, yrke eller disiplin. Fagkommunikasjon omfattar òg kommunikasjon mellom spesialistar og ikkje-spesialistar, medrekna grupper med mangelfulle ferdigheiter i norsk.
Fagspråkforsking omfattar forsking på alle språklege trekk og diskursar som er brukt i fagkommunikasjon. Det resulterer i eit sett av disiplinar, som terminologi, tekstanalyse, klarspråk osb. Forsking på læringskompetanse på eit andrespråk høyrer òg med.
Eksempel på fagspråk kan vere uttrykk som «anemi», «hypertensjon» eller «diagnose» i medisinsk fagspråk, «tiltalebeslutning» eller «dom» i juridisk fagspråk, eller «algoritme» eller «database» i IT-fagspråk.
Kontakter
Marita KristiansenFørsteamanuensisUniversitetet i Bergen
Senterleiar for det nye fagspråksenteret.
Fagleg leiar for Termportalen
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Sammen for å skape en ansvarlig medieframtid: DN Media Group og Factiverse blir nye partnere i SFI MediaFutures17.6.2025 13:26:29 CEST | Pressemelding
Bergen, 16. juni 2025 – SFI MediaFutures får to nye partnere. DN Media Group og den norske oppstartsbedriften Factiverse blir nå en del av forskningskonsortiet. Begge deler et tydelig mål: å utvikle ansvarlig, fremtidsrettet teknologi for mediebransjen.
UiB får 200 millioner til forskning på hybrid intelligens og læring11.6.2025 11:00:42 CEST | Pressemelding
Hybrid intelligens er fremtiden, ifølge professor Barbara Wasson. Hun leder det nye forskningssenteret AI LEARN som skal forske på samspillet mellom menneskelig og kunstig intelligens (KI) de neste fem årene.
Holbergprisen overrakt til professor Gayatri Chakravorty Spivak5.6.2025 16:59:41 CEST | Pressemelding
H.K.H Kronprins Haakon overrakte i dag Holbergprisen til den indiske forskeren Gayatri Chakravorty Spivak, for hennes banebrytende forskning innen litteraturvitenskap og filosofi.
Forskningspris til prosjekt om ME-sykes møte med helsevesenet5.6.2025 13:50:05 CEST | Pressemelding
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kunngjorde i dag at vinneren av Holbergprisen i skolen 2025 er Vilde Seip Frydenlund, med prosjektet «Men du ser ikke syk ut».
Overvekt hos tenåringsgutter kan skade helsen til fremtidige barn27.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
En ny studie antyder at gutters overvekt i tidlig tenårene kan skade genene til sine fremtidige barn, og dermed øke risikoen for at barna utvikler astma, fedme og nedsatt lungefunksjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom