Helse Vest RHF

Sjukehusa i Helse Vest: Dette er viktig i 2025

Del

Ventetidene til utredning og planlagd behandling skal ned. Dette er ei heilt sentral oppgåve for sjukehusa også i 2025. Samtidig blir det å behalde og rekruttere medarbeidarar, beredskap og digitalisering enda viktigare i 2025.

Dame med briller ser mot kamera
Inger Catrine Bryne er administrerande direktør i Helse Vest RHF. Foto: Jan Inge Haga/Helse Vest RHF

Denne veka fekk helseføretaka i Helse Vest dei årlege styringsdokumenta, som fortel kva oppgåver sjukehusa skal gjere i 2025. 

– Kursen som er lagd gjennom tidlegare år, skal i stor grad førast vidare. Overordna skal vi jobbe for å gi gode helsetenester til befolkninga på Vestlandet. Vi kjenner dei tre overordna måla frå tidlegare. Vi skal prioritere psykisk helse og rus, samhandling, forsking, innovasjon, kompetanse og pasienttryggleik, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.  

No er det lagt til to mål til. 

– Vi skal legge meir innsats i å vere den føretrekte arbeidsplassen for fagfolk, og førebu oss endå betre for beredskap på ulike områder, fortset Bryne. 

Inger Catrine Bryne er administrerande direktør i Helse Vest RHF. Foto: Helse Vest RHF.

Rask tilgang til helsetenester sentralt 

Kvart år får helseføretaka eit styringsdokument av styret i Helse Vest RHF. Dokumentet gir retninga til kva sjukehusa – Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Førde – og Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest skal prioritere i året som kjem. I januar fekk Helse Vest RHF eit oppdragsdokumentet overlevert frå Helse- og omsorgsdepartementet, og styringsdokumenta til helseføretaka byggjer på dette.    

–  Sjukehusa har gjort ein stor og god jobb med ventetider allereie. Det arbeidet held fram i 2025. Det handlar om å realisere måla i Ventetidsløftet, slik at pasientane kjem raskare til utgreiing og behandling, men også korleis vi kan bruke, mellom anna, betre planlegging, behovsstyrt poliklinikk, oppgåvedeling og digital heimeoppfølging, seier Bryne.  

Rekruttering og beredskap viktigare enn før 

To mål er altså lagt til i 2025; at spesialisthelsetenesta skal vere den føretrekte arbeidsplassen. Tiltak for å redusere sjukefråværet er ein del av dette arbeidet. Også skal beredskapen styrkast.  

–  Fagfolka og leiarar i klinisk verksemd er det viktigaste vi har. I tillegg blir beredskap endå viktigare i tida framover. Vi lever i ei krevjande tid. Vi må vere betre førebudde på kriser, og styrke sikkerheitsarbeidet  i alle føretaka våre, seier Bryne. 

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye