Sjøfartsdirektoratet

Auke i nestenulykker og ulykker med næringsfartøy

Del

Sjøfartsdirektoratet rapporterer 1154 hendingar med næringsfartøy i 2024, ein auke på seks prosent frå 2023. Auken gjeld både nestenulykker og ulykker.

Fiskefartøy i grov sjø like utanfor Karmøy.
Fiskefartøy i grov sjø like utanfor Karmøy. Sjøfartsdirektoratet

– Fem personar omkom om bord på næringsfartøy. Det er fem for mange, og fem familiar som aldri blir det same igjen. Det einaste positive vi kan hente ut, er at det er ei halvering samanlikna med 2023, fortel Alf Tore Sørheim, konstituert sjøfartsdirektør.

I tillegg til tap av fem menneske, forliste 16 fartøy. Det talet er også snitta for dei fem siste åra.

– I all hovudsak er det mindre fartøy som forliser, og majoriteten av desse er fiskefartøy. I tillegg forliste fire lasteskip, fortel Vegar Berntsen, seksjonssjef for risikostyring og analyse i Sjøfartsdirektoratet.

Talet på hendingar aukar

I alt er det registrert 1154 hendingar på næringsfartøy i 2024. Av desse er halvparten ulykker og andre halvparten nestenulykker.

– Det gir ein auke på om lag seks prosent hendingar samanlikna med 2023, slår Berntsen fast.

Dei siste åra har vi hatt høge ulykkestal. Gjennomsnittleg tal på ulykker i perioden 2020-2024 er 565. Sist gong det vart registrert fleire ulykker enn dette, var i 2008 med 659 ulykker.

– Det kan vere mørketal i form av underrapportering i perioden tilbake i tid som igjen kan påverke resultatet av denne analysen, forklarer Berntsen.

  • Sjå utfyllande statistikk og tabellar i ulykkesrapporten som ligg vedlagt.

Flest norske fartøy

Dei fleste hendingane i databasen til direktoratet er tilknytt norske fartøy. I 2024 utgjorde denne andelen 95 prosent av hendingane. 

Av dei i alt 566 ulykkene i 2024, var 294 skipsulykker, medan 272 var personulykker. Det har vore ein auke i skipsulykker, medan personulykker held seg på same nivå som førre år. Det er registrert 26 fleire skipsulykker i 2024.  

– Lasteskip er den fartøygruppa med flest ulykker i 2024, og denne gruppa står for halvparten av ulykkene. Tilsvarande tal for fiskefartøy og passasjerskip er høvesvis 24 og 25 prosent, seier Berntsen.

Nøkkelord

Bilder

Fiskefartøy i grov sjø. Biletet er teke like utanfor Karmøy.
Fiskefartøy i grov sjø. Biletet er teke like utanfor Karmøy.
Sjøfartsdirektoratet
Last ned bilde
Seksjonssjef i Avdeling for risikostyring og analyse, Vegar Berntsen, fortel at det i all hovudsak er mindre fartøy som forliser, og at majoriteten av desse er fiskefartøy.
Seksjonssjef i Avdeling for risikostyring og analyse, Vegar Berntsen, fortel at det i all hovudsak er mindre fartøy som forliser, og at majoriteten av desse er fiskefartøy.
Helga Maria Sulen Sund, Sjøfartsdirektoratet
Last ned bilde
Konsituert sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Biletet er teke under Maritim veke i Haugesund.
Konsituert sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Biletet er teke under Maritim veke i Haugesund.
Helga Maria Sulen Sund
Last ned bilde

Dokumenter

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sjøfartsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye