![Samferdselsdepartementet](/data/images/public/8768166/18420659/23f2cfc9-6e1a-414c-8b05-b2dc1d252319-w_360_h_52.png)
Viktig steg i realiseringa av ny E6 ved Lillehammer12.2.2025 18:45:07 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Onsdag 12. februar signerte Nye Veier og AF Gruppen ein intensjonsavtale om bygging av E6 mellom Roterud og Storhove. – Dette er eit viktig steg for realisere ein raskare, betre og tryggare E6 for dei som bur og jobbar i Lillehammer-regionen, og for alle dei som reiser mellom sør og nord på landets viktigaste riksveg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.