Foreslår det mest avgrensa laksefisket i historia
31.1.2025 16:36:31 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår stopp i sjølaksefisket i Finnmark frå i år, og å avgrense fisket ytterlegare i tre fjordar og 42 elvar over heile landet.

– Fordi det dei siste åra har komme historisk få laksar inn til norskekysten ser vi oss nøydde til å foreslå store avgrensingar i laksefisket i år, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Miljødirektoratet har sendt ut forslag til endringar i laksefisket i sjø og elv (sjå tre vedlegg til pressemeldinga). Forslaget omfattar innstrammingar for totalt ni sjøområde og 42 elvar. Seks av dei ni sjøområda ligg i Finnmark. Fristen for å gi innspel til forslaget er 14. mars 2025, og endringane skal tre i kraft frå fiskesesongen i år.
Viktige lakseelvar påverka
Mange viktige lakseelvar får innført strenge restriksjonar på laksefisket, dersom Miljødirektoratets nye forslag til fiskereglar blir vedteke. Blant desse er Numedalslågen, Mandalselva og Suldalslågen i sør, dei store lakseelvane i Trøndelag og nokre elvar i Finnmark. Det er også fleire elvar i Vestland og Møre og Romsdal som får strengare avgrensingar enn i dag.
– Laksebestandane i mange av elvane der vi foreslår strengare avgrensingar i fisket, er avhengige av at mykje stor holaks ikkje blir fiska opp og får delteke i gytinga. Stor holaks legg grunnlaget for mange lakseungar, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Kritisk for laksen i Tana
Miljødirektoratet foreslår også at det ikkje lenger blir noko laksefiske i sjø i Finnmark, der den kritiske situasjonen for laksen i den store Tanaelva er årsaka.
– Tanaelva er ei av dei viktigaste lakseelvane i verda. Fordi laks frå Tanavassdraget blir fiska i sjølaksefisket i heile Finnmark, er tilstanden til laksebestandane i Tanavassdraget i stor grad styrande for kva laksefiske som kan tillatast i sjøen i heile Finnmark, seier Ellen Hambro.
Tre rekorddårlege år sidan 2021
Det mest omfattande sjølaksefisket vi har i Noreg er i Namsfjorden i Trøndelag. Her foreslår Miljødirektoratet å utsetje fiskestarten med fem dagar, til 15. juni. Den vekefaste fisketida foreslår direktoratet å redusere med ein firedel samanlikna med i dag, i perioden frå 15. juni til 1. juli. I tillegg er det foreslått nokre mindre innstrammingar i sjølaksefisket i Nordfjord i Vestland og i Kvænangen i Troms.
– Den gongen dei gjeldande føresegnene for laksefisket vart innførte var det langt meir laks som kom tilbake til kysten frå havet enn det er no. Det er derfor behov for å redusere fisket. Dei tre dårlegaste lakseårene historisk sett har vore i perioden etter 2021, seier Hambro.
Har tidlegare varsla føre var-strategi
Miljødirektoratet har tidlegare varsla at det er behov for strengare reguleringar, og ein føre-var-strategi for laksefisket. Dette inneber eit meir avgrensa fiske i starten av sesongen, med moglegheit for å opne for meir fiske seinare dersom innsiget av laks viser seg å vere godt nok.
– Gjennom å foreslå ein meir forsiktig start på laksefisket, ønskjer vi mellom anna å redusere risikoen for at vi akutt må stengje fisket i mange elvar tidleg i sesongen, slik vi såg oss nøydd til i fjor. Vi håpar at dette kan betre føreseielegheita både for dei som leiger ut fiskerettar og for dei som kjøper rettane til å fiske, seier Hambro.
Her er dei 42 elvane der Miljødirektoratet foreslår innstrammingar i laksefisket:
- Agder: I Tovdalselva, Otra, Mandalselva og Lygna blir det foreslått justerte fisketider og/eller kvotar.
- Akershus: I Åroselva blir det foreslått døgnkvote, og forbod mot å avlive laks større enn 80 cm.
- Finnmark: Forslag om redusert fisketid i Børselv, Bergebyelva, Vestre Jakobselv og Komagelva.
- Møre og Romsdal: Korsbrekkelva, Eira, Osenvassdraget, Surna og Raumavassdraget: Forslag om justerte fisketider og/eller kvotar. Forslag om berre sjøaurefiske i Rauma. Tafjordelva foreslåast ikkje opna for fiske.
- Rogaland: Suldalslågen, Vikedalselva: Forslag om utsett fiskestart og justerte kvotar. Storelva i Sauda blir ikkje foreslått opna for fiske.
- Trøndelag: Orkla, Gaula, Nidelva, Stjørdalselva, Verdalselva, Steinkjervassdraget og Namsenvassdraget: Forslag om justerte fisketider og/eller kvotar.
- Vestfold: Numedalslågen: Forslag om justerte fisketider og/eller kvotar.
- Vestland: Oselva, Modalselva, Haugsdalselva, Vikja, Nærøydalselvi, Songdalselva, Daleelva (Høyanger), Gaula (Sunnfjord), Nausta, Åelva/Ommedalselva, Hopselva, Gloppen, Strynelva, Eidselva og Hjalma: Forslag om justerte fisketider og/eller kvotar.
- Østfold: Glomma: Forslag om justerte kvotar
Dokumenter
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Økt innsats og færre pukkellaks18.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Tiltak mot pukkellaks har vært svært effektive i mange elver. Mengden har gått ned i Øst- Finnmark, men den fortsetter å spre seg.
Fortsatt behov for streng regulering av laksefisket17.6.2026 09:12:49 CEST | Pressemelding
Statusrapport for norske laksebestander viser at tilstanden er kritisk og at det er få tegn til bedring. Det vil fortsatt være behov for streng regulering av fisket.
Restaurering av marin natur kan bidra til å hjelpe Oslofjorden15.6.2026 14:01:37 CEST | Pressemelding
Restaurering og andre naturforbedrende tiltak kan bidra til en bedre miljøtilstand i fjorden.
Hvor mange er det plass til i naturen vår?11.6.2026 09:34:46 CEST | Pressemelding
Stadig flere velger norsk natur som reisemål. En ny rapport gir Miljødirektoratet gode innspill til hvordan vi kan sikre god besøksforvaltning – slik at naturen tåler presset også i framtiden.
Kor mange er det plass til i naturen vår?11.6.2026 09:34:46 CEST | Pressemelding
Stadig fleire vel norsk natur som reisemål. Ein ny rapport gir Miljødirektoratet gode innspel til korleis vi kan sikre god besøksforvaltning – slik at naturen toler presset også i framtida.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom