Havnivåstigning: Noreg er dårleg førebudd
Miljødirektoratet etterlyser at éi statleg styresmakt får ansvaret for arbeidet med å tilpasse samfunnet til eit stigande havnivå.

– Klimaendringar fører til at havnivået stig, og som kystnasjon er Noreg utsett for havnivåstigning, høge vasstandar og bølgjepåverknad. Skal vi lykkast med å tilpasse samfunnet til desse endringane, bør ei statleg styresmakt få ansvaret for å koordinere og følgje opp arbeidet. I dag er det ingen som har dette overordna ansvaret, og det er ei utfordring, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
På oppdrag for Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet, i samarbeid med ei referansegruppe, gått gjennom arbeidet med å handtere havnivåstigning, høge vasstandar og bølgjepåverknad på nasjonalt nivå, og identifisert dei mest sentrale utfordringane i arbeidet.
Store delar av norskekysten blir ramma
Noreg må førebu seg på eit stigande havnivå, konkluderte rapporten «Sea level rise and extremes in Norway», som vart publisert våren 2024. Ifølgje rapporten vil store delar av norskekysten oppleve havnivåstigning, dersom den globale oppvarminga held fram som i dag.
– Når havet stig, vil utsette område flaumast over oftare, og vatnet vil kome lenger inn på land. Stigande havnivå er ei endring som vil halde fram i hundrevis til tusenvis av år framover, sjølv med raske utsleppskutt. Derfor må vi planleggje annleis og bruke andre strategiar enn i anna klimatilpassingsarbeid, og vi må tenkje langsiktig, seier miljødirektøren.
Les også: Noreg må førebu seg på eit stigande havnivå
Ingen midlar til kommunane
Når kommunane skal planleggje framtidig busetnad og infrastruktur, som mellom anna bustader og vegar, finst det verkemiddel og rettleiing for å tilpasse seg eit stigande havnivå. Utfordringa er derimot større for eksisterande busetnad. I dag finst det ingen statlege midlar til å kartleggje eller sikre eksisterande bygg og infrastruktur. Dermed er det opp til kvar enkelt kommunane å kartleggje behov og prioritere.
– Det er uheldig at dagens system gjer at små kommunar i utfordrande økonomiske situasjonar ikkje eller i liten grad får gjennomført nødvendige tiltak. Høve til å kartleggje og gjennomføre tiltak varierer med ressursane og kompetansen i kommunane, seier Hambro.
Manglar framleis kunnskap
Medan rapporten «Sea level rise and extremes in Norway» gir eit godt kunnskapsgrunnlag om havnivåstigning, viser gjennomgangen til Miljødirektoratet at det framleis er behov for meir kunnskap om bølgjepåverknad. Dette er særleg viktig for arealplanlegginga i kommunane.
– Kommunane etterspør eit datagrunnlag som kan seie noko om korleis bølgjene vil påverke kommunen deira i framtida. Bølgjer kjem på toppen av eit aukande havnivå og høg vasstand, og kan føre til store skadar. Høgda og lengda på bølgjene vil variere med lokale forhold langs kysten, seier Hambro
I dag finst det heller ingen vurderingar av kva dei økonomiske konsekvensane av havnivåstigning, høg vasstand og bølgjepåverknad vil bli for samfunnet og kva tiltak som bør prioriterast.
Miljødirektoratet skal likevel, saman med referansegruppa, no sjå på korleis desse utfordringane best kan handterast. Dette arbeidet skal resultere i eit forslag til Klima- og miljødepartementet mot slutten av året.
Faktaboks:
- Referansegruppa består av Norsk klimaservicesenter, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Direktoratet for byggkvalitet , Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens kartverk, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Riksantikvaren, Statens vegvesen, Kommunal- og distriktsdepartementet, representantar for statsforvaltaren, utvalde kommunar (Stavanger, Trondheim og Vågan) og Kommunesektorens organisasjon (KS).
- Denne gjennomgangen er svar på første del av oppdrag om å vurdere og tilrå korleis nasjonale styresmakters arbeid med å handtere havnivåstigning kan forbetrast. Vi har gått gjennom arbeidet på nasjonalt nivå med å handtere havnivåstigning, høge vasstandar og bølgjepåverknad, og har identifisert dei mest sentrale utfordringane.
- I andre deloppdrag frå Klima- og miljødepartementet skal Miljødirektoratet i samarbeid med referansegruppa vurdere om det er behov for nye føringar eller verkemiddel i lys av dei utfordringane som er identifiserte.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noFølg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
SNO har felt en bjørn i Jarfjord2.7.2025 12:48:11 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet vil nå samle mer informasjon og vurdere kunnskapen som foreligger, og deretter gjøre en helhetlig vurdering av situasjonen.
Følg pukkellaks-fangsten fra dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommer ventes storinvasjon av pukkellaks til norske elver. Du kan følge fangsten av den uønskede fremmedarten på Miljødirektoratets nettside.
Følg pukkellaks-fangsten frå dag til dag1.7.2025 14:57:26 CEST | Pressemelding
I sommar er storinvasjon venta av pukkellaks til norske elvar. Du kan følgje fangsten av den uønskte framandarten på Miljødirektoratets nettside.
Forbereder bjørnefelling i Jarfjord1.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet besluttet i forrige uke å iverksette felling av bjørnen som angrep en person i Jarfjord 23. juni. DNA-prøver viser nå mulig kjent individ og det jobbes videre med å identifisere riktig bjørn. Se oppdatert informasjon om status i saken under.
Fortsatt økt bruk av biodrivstoff i 202427.6.2025 10:44:24 CEST | Pressemelding
Mens salget av fossilt drivstoff faller, øker omsetningen av biodrivstoff. Det har aldri blitt brukt mer biodrivstoff i transportsektoren enn i 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom