Styrkar det regionale NATO-samarbeidet
29.1.2025 13:30:28 CET | Forsvarsbygg | Pressemelding
Etatane for eigedom, bygg og anlegg i Noreg, Sverige og Finland har inngått ein trilateral samarbeidsavtale.

Eigedom, bygg og anlegg er ein viktig innsatsfaktor for å bygge forsvarsevne. Det gjeld utviklinga av eit sterkt nasjonalt forsvar, og det gjeld evne til å vere eit godt mottaksland i NATO-samanheng. Noreg, Sverige og Finland er alle ein del av den same regionale kommandoen i NATO. Trening og allierte øvingar kryssar landegrensene, og planlegging av alliert mottak sest i ein større samanheng.
For å ytterlegare styrke samarbeidet i regionen har dei tre etatane som har ansvar for infrastruktur, eigedom, bygg og anlegg i Noreg, Sverige og Finland signert ein intensjonsavtale om enda tettare samarbeid. Dei tre etatane skal dele ekspertise og arbeide saman i planprosessar for å legge til rette for betre vertslandstøtte i NATO. Avtalen inkluderer også mellom anna eit tettare samarbeid om utvikling av moderne infrastruktur for forsvarssektoren, samarbeid om miljø, energi og berekraft og om anskaffingsprosessar.
Avtalen blei signert av dei tre direktørane Matias Warsta, Maria Bredberg-Petterson og Thorbjørn Thoresen, på eit felles møte på Svalbard tidlegare i januar. På dette møtet var dei tre direktørane også i møte med Statsbygg på Svalbard, for å sjå nærmare på utvikling av infrastruktur og klimapåverknad i arktiske strøk.
Avtalen blir omgåande sett i verk.
Infrastruktur tar ikkje omsyn til landegrenser. Noreg, Sverige og Finland har mykje å hente på å arbeide som ein felles region. Det gjeld både i dei tre landa og i NATO–samanheng. Vi i Forsvarsbygg ser fram til å samarbeide enda tettare med våre svenske og finske kollegaer. Dette vil bidra til å bygge meir forsvarsevne både i Noreg og i regionen, seier Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg om avtalen.
Bakgrunn
Organiseringa av infrastruktur, eigedom, bygg og anlegg er forholdsvis lik i dei tre landa. Alle landa har eigne etatar som har fagansvar for både forvaltning av infrastruktur og investeringsprosessar for å skaffe ny infrastruktur. Finske Puolustuskiinteistöt (Defence Properties Finland), svenske Fortifiationsverket (Swedish Fortifications Agency) og norske Forsvarsbygg (Norwegian Defence Estate Agency) er allereie samarbeidspartnarar i eit meir omfattande nordisk/baltisk samarbeid der alle land i Norden og Baltikum inngår. Den nye trilaterale samarbeidsavtalen kjem i tillegg til dette, og utdjupar samarbeidet mellom desse tre landa.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:47 7777 47pressevakt@forsvarsbygg.noBilder

Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Planarbeidet for anlegg for militære eksplosiver er startet27.4.2026 16:07:57 CEST | Pressemelding
Planprogrammet for et nytt produksjonsanlegg for militære høyeksplosiver på Hurum i Asker kommune er sendt på høring. Alle kan sende inn innspill til planarbeidet.
Linderud leir: Nytt kontorbygg til Krigsskolen9.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Forsvarsbygg og Forsvarets høgskole markerte onsdag åpningen av et nytt kontorbygg på Linderud leir. Bygget er et viktig bidrag til utviklingen av leiren og styrker både kapasitet og arbeidsforholdene for ansatte ved Krigsskolen.
Rammeavtaler for 1,3 milliarder kroner inngått for å ivareta forsvarssektorens eiendom, bygg og anlegg24.3.2026 08:49:58 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg styrker innsatsen for vedlikehold og rehabilitering av eksisterende eiendom, bygg og anlegg. Nye avtaler for byggentreprenørtjenester skal bidra til å redusere vedlikeholdsetterslepet til forsvarssektorens bygningsmasse.
Forsvarsbygg signerte kontrakt for vedlikeholdssenter til radaranlegg17.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Finnmarksbaserte Entreprenør Harald Nilsen AS har fått oppdraget med å bygge det regionale vedlikeholdssenteret på Sørreisa. Kontrakten har en verdi på 88,7 millioner kroner inkludert mva.
Forsvarsbygg styrker forsvarsevna og bulysta på Porsangmoen28.1.2026 14:09:33 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg planlegg å oppføre to nye bustadbygg for Forsvarets befal i Porsangmoen leir.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom