I gang med ny unik kartlegging av aktivitetsnivå
Kor aktive og spreke er dagens barn og ungdom? Nå reiser igjen NIH land og strand rundt for å teste over 3500 unges kondisjon og styrke.
I gymsalen på Apalløkka ungdomsskole står ungdommar i ringar og heiar og girar kvarandre opp.
På ei blå matte jobbar Linnea alt ho har for å ta flest mogleg sit-ups.
Roksana tek sats og hoppar stille lengde.
Kristian klemmer til i gripe-styrke apparatet.
Snart skal dei også gje alt dei har på ein kondisjonstest.
– Det er kjempegøy. Eg er veldig glad for at eg sa ja til å bli med, seier Kristian Yankov.
Unikt forskingsprosjekt internasjonalt
Han og resten av 10.klassingane på Apalløkka ungdomsskole på Ammerud aust i Oslo, er med på forskingsprosjektet UngKan 4.
Kan og UngKan
Kartlegging av fysisk aktivitetsnivå i befolkninga.
Blei for fyrste gong gjennomført i 2005.
Det er gjennomført tre kartleggingar av barn og unge (ungKan1, ungKan2 og ungKan3) og tre kartleggingar av vaksne og eldre (Kan1, Kan2 og Kan3).
I 2024-2026 vil vi gjennomføre ei fjerde kartlegging av barn og unge (ungKan4)
Les meir om Kan-undersøkingane
I haust var dei ein av dei fyrste skulane som fekk besøk av testteamet frå NIH som nå reiser heile landet rundt for å kartlegge barn og ungdoms fysiske form og aktivitetsnivå.
– Det unike med desse undersøkingane er at Noreg er eitt av få land i verda som systematisk har samla inn data på fysisk aktivitet og fysisk form i den norske befolkninga, fortel Jostein Steene-Johannessen, prosjektleiar og professor i fysisk aktivitet og helse på NIH.
Prosjektet er eit samarbeid mellom NIH, FHI og Helsedirektoratet, og dette er den fjerde gongen kartlegginga blir gjennomført.
– Dette er veldig viktige data for folkehelsearbeidet i Noreg framover, seier han og legg til:
– Vi prioriterer barn og unge i det førebyggande arbeidet, og denne undersøkinga vil gje oss verdifull informasjon om korleis barn og unges aktivitetsvaner har utvikla seg dei siste 20 åra.
Ikkje ofte elevane er så skjerpa
Elevane blir testa i gripestyrke, sit-ups, stille lengde og ein kondisjonstest. Det blir også tatt mål av vekt og høgde. I tillegg går dei med ein aktivitetsmålar rundt livet i sju dagar.
Prosjektkoordinator Lars-Emil Sætrang fortel at målet er å vere innom 70-80 skular og teste heile 3500 barn og unge, fordelt på 1., 4. og 10. trinn over heile landet.
I gymsalen på Apalløkka er det ingen tvil om at innsatsen og engasjementet er stort.
Prosjektleiar Lars-Emil Sætrang fylgjer med og tar tida når elevane testar gripestyrke.
Kroppsøvingslærar Kamal Saaliti heiar dei fram og er nesten litt overraska over kor stor innsats klassa hans legg ned.
– Eg tenkte berre: Wow! Dei responerer jo veldig på godt på det her. Vi som kroppslærarar er jo ofte litt forsiktige med å teste på denne måten, men her var det lett å sjå at dei hadde lyst til å klare mange repetisjonar. Det at dei fekk tidspress på nokre øvingar og eit visst tal på forsøk på dei andre øvingane, gjorde at dei var veldig skjerpa, seier han og legg til:
– Det er ikkje ofte ein ser dei er så skjerpa som dei var i dag.
Han meiner både han og elevane får mykje ut av å vere med på prosjektet.
– Vi som lærarar blir også betre kjent med elevane, og eg har faktisk brukt fleire av øvigane i kroppsøvingstimar i etterkant, fortel Saaliti.
Stille lengde er ei av øvingane ungdomane skal gjennom.
Mange er veldig aktive
På den avsluttande løpetesten spring elevane frå side til side, og startar og stoppar på fløytesignalet til Sætrang.
Roksana Gorojarn Keshavarzy er ei av dei som gir alt for å kome lengst mogleg.
Sjølv spelar ho handball og er aktiv nesten kvar dag. Og meiner mange av vennene er det same.
– Det er nok litt ulikt. Veldig mange driv med aktivitet og sport, medan nokon er mest ute med vener. Eg vil seie at det er ganske mange som trenar og er aktive, seier Keshavarzy.
Engasjementet er stort når Roksana Gorojarn Keshavarzy heiar fram klassevenninnene som prøvar å ta flest mogleg sit-ups på tid.
Klassekamerat Kristian Yankov er einig.
– Eg trur det står ganske bra til. Sjølv er eg glad i fotball og trene på gymmen.
Lærar Saaliti ser også at mange er veldig aktive, men han er bekymra for dei som ikkje er med på aktivitetar etter skulen.
– Mange driv med idrett, så eg er ikkje så bekymra for aktivitetsnivået deira. Det er dei prosenta som ikkje har tilbod etter skuletid og som er lite aktive i kroppsøving og friminutta. Dei er eg bekymra for, seier Saaliti.
Går det riktig veg?
Helsedirektoratet meiner det er heilt nødvendig med ei slik type kartlegging for å fylgje med på status og trendar innan fysisk aktivitet og form i befolkninga.
– Gjennom registrering med aktivitetsmålarar og fysisk undersøking får vi verdifulle og gode data om fysisk aktivitet og tid i ro, seier avdelingsdirektør Else Karin Grøholt i avdeling for folkehelsestatistikk i Helsedirektoratet.
I førre runde (Kan3) såg ein at det fysiske aktivitetsnivået til ni år gamle gutar var spesielt urovekkande.
Les meir: Barn og unge sitter fortsatt altfor mye stille
Professor Steene-Johannessen er derfor svært spent på resultata frå denne undersøkinga.
– Sidan desse undersøkingane starta har målet i folkehelsearbeidet har vore å auke aktivitetsnivået. Dessverre viser resultata frå karleggingane som har blitt gjort i etterkant at aktivitetsnivået blant barn og unge stort sett har vore stabilet i perioden frå 2005 til 2018. Ekstra bekymringsverdig var det at det fysiske aktivitetsnivået til ni år gamle gutar såg ut til å vere på veg ned i 2018, seier han og avsluttar.
– Det store spørsmålet er jo om vi er på riktig veg og om innsatsen i samfunnet er tilstrekkeleg for å auke aktivitetsnivået i barne og ungdomsåra.
Svara får han og resten av befolkninga i 2027.
Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noBilder
Lenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
– Vi må erkjenne at idretten er ein risikosone for overgrep9.10.2024 11:09:06 CEST | Pressemelding
NIH-forskarar har undersøkt om kor godt «Trygg på trening», eit kurs utvikla av Redd Barna, har fungert. – Vi er bekymra for at kurset ikkje har nådd godt nok ut til klubbane, seier Redd Barna.
Hvor trygg er idretten for barn i Norge?1.10.2024 09:33:23 CEST | Presseinvitasjon
Tar idretten ansvar for barns sikkerhet i idrettsklubber i Norge? Ny rapport fra Redd Barna og Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett (FOBU) ved Norges idrettshøgskole (NIH) gir deg svar.
Jubileumskonferanse: Den organiserte barne- og ungdomsidrettens framtid18.9.2024 13:52:45 CEST | Presseinvitasjon
Hvordan vil framtidens barne- og ungdomsidrett se ut og hva kreves for at idretten skal være en idrettsorganisasjon i verdensklasse?
Frokostseminar: Hvordan kan trening som medisin hindre at helsevesenet kneler?17.9.2024 12:39:06 CEST | Presseinvitasjon
Økt fysisk form blant nordmenn kan spare samfunnet for millioner av kroner. Hvilke tiltak kan øke bruken av trening som medisin? Forskere, politikere, leger og helsemyndigheter tar debatten videre på NIH 24.september.
Nye tal på nordmenns fysiske form5.9.2024 08:44:28 CEST | Pressemelding
1200 tilfeldige nordmenn frå heile landet har gjennomført testar av fysisk form. Resultata viser at ei stor gruppe av oss kan betre forma berre ved å starte med enkle aktivitetar som å gå i trapper og i motbakke.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom