Sentral partner på Arctic Frontiers 2025
27.1.2025 07:30:00 CET | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding
UiT set spor i både det vitskaplege, politiske og opne programmet – om tema som krysser grenser og krev samarbeid.

Når forskarar, politikarar, byråkratar og interesseorganisasjonar samlast i Tromsø frå 27. til 30. januar, møter dei heile bredda av UiT Noregs arktiske universitet.
Våre leiarar og forskarar vil fortelje om og diskutere problemstillingane som er viktige i Arktis, og derfor og globalt. Over 60 tilsette og studentar skal i aksjon, og UiT arrangerer 14 av sesjonane i programmet, anten åleine eller samen med andre.
Diskusjonar for framtida
Ein viktig sak å diskutere for UiT er Polhavet 2050, ein gigantisk fellessatsing på forsking i nordområda våre. Det passar òg godt saman med det internasjonale polaråret i 2032–33, og dekan Jørgen Berge skal presentere den norske «forskingsdugnaden» på sesjonen International Polar Year (IPY) V: Research, Data and Science Cooperation.
Sjå meir: Opptak av informasjonsmøte om Polhavet 2050
Rektor Dag Rune Olsen er òg på konferansen, og innimellom alle møta skal han halde innlegg på Stronger together - Nordic collaboration in the Arctic.
Urbefolkningsperspektiv over grensene og korleis ein kan styrke arktiske lokalsamfunn er òg viktige saker for UiT, noko som vert diskutert fleire stader, mellom anna på Indigenous Leadership in Research og Arctic Communities Amid Geopolitical and Economic Uncertainty.
Les òg: Støre skal halde ny nordområdetale på UiT
Elles er UiT tungt inne i diskusjonar om mellom anna giftige metall i Arktis, berekraftig matsikkerheit i hava, russisk påverking, strategisk kommunikasjon i nord, mental helse, energi og klimamodellar.
Du kan sjå over 60 sesjonar på Arctic Frontiers sin Youtube-kanal, heilt gratis, mellom anna alle sesjonane nemnde ovanfor, eller til dømes Russia Talks: Arctic Narratives and Arctic Influence eller Safeguarding Our Common Waters Beyond Borders: Why is the High Seas Treaty Important for the Future of the Arctic?
Ein stad kor UiT kan lage nye samarbeid
Arctic Frontiers er og arena for å møte andre institusjonar og land, og 2025 er inga unnatak. UiT skal mellom anna ha møter med EU sin nye Arktis-ambassadør og EUs generaldirektorat for maritim politikk og fiskeri, fiskeriministrane frå Noreg og Færøyane, Chile sin ambassadør, Indias National Security Council Secretariat og Italia sin ambassadør og polarinstituttet deira.
Nøkkelord
Kontakter
Dag Rune OlsenUiT Norges arktiske universitet
Tel:930 85 881dag.r.olsen@uit.noKjetil RydlandUiT Norges arktiske universitet
Tel:95176509kjetil.rydland@uit.noDokumenter
UiT Noregs arktiske universitet
UiT Noregs arktiske universitet er eit breiddeuniversitet med elleve studiestadar over heile Nord-Noreg. Vi har 4000 tilsette og 17 000 studentar.
Visjonen vår er å vere eit nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområda.
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Fotball-VM 2026 - Ekspertliste11.6.2026 14:56:14 CEST | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet har en rekke forskere som kan kommentere om Fotball-VM i USA.
Samler Norge til samtaler om hav, sikkerhet og beredskap5.6.2026 12:43:32 CEST | Pressemelding
På Verdens havdag 8. juni samles representanter fra forsvar, næringsliv, forskning og myndigheter i Tromsø for å diskutere hvordan et mer urolig verdensbilde påvirker havet, nordområdene og Norges beredskap.
UiT vil være navet for verdens neste polarår4.6.2026 13:37:03 CEST | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet har søkt om å få være vertskap for det internasjonale sekretariatet for det internasjonale polaråret 2032–2033.
Nord-Norges største arkeologiske skattefunn tilbake etter nesten 100 år29.5.2026 12:04:47 CEST | Pressemelding
Den såkalte Laksfjordskatten, Nord-Norges største arkeologiske skattefunn, er nå tilbakeført til Norges arktiske universitetsmuseum, nesten hundre år etter at den ble funnet i Laksefjorden i Finnmark.
Ga amerikanske toppolitikere kunnskap om Arktis27.5.2026 13:04:10 CEST | Pressemelding
I helga var UiT Norges arktiske universitet vertskap på Svalbard for en tverrpolitisk amerikansk delegasjon med åtte kvinnelige senatorer med senator Lisa Murkowski i spissen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom