Vil ha forsiktig laksefiske-start etter nytt botnår
Aldri har det vorte fanga færre laks i elvane enn i fjor . Snart kjem Miljødirektoratets forslag til regulering av årets fiske, med forsiktig start.
– Dette er veldig urovekkjande tal. Vi held på å miste noko av det som gjer oss til Noreg: Villaksen vår. Dermed blir også laksefisket trua som folk i Noreg har drive med i tusenvis av år. Dette skal vi snu. I fjor måtte Miljødirektoratet på kort varsel stengje laksefisket i 33 elvar fordi det var for lite laks i dei. Dette er det siste vi ønskjer, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Vi forventa lågare fangst etter at vi i juni i fjor stansa laksefisket i 33 større elvar med tilhøyrande sjøområde frå svenskegrensa til og med Trøndelag. Dei historisk låge fangsttala for laks i 2024 er likevel urovekkjande, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Låg fangst både i elv og sjø
Statistisk sentralbyrå (SSB) har i dag publisert den nasjonale statistikken for fangst av laks, sjøaure og sjørøye i elv. Den viser at det i fjor vart fiska færre laks i elvane enn nokon gong tidlegare. Åra 2021 og 2023 var frå før rekna som det dårlegaste lakseåret i historia, med fangst i elv på høvesvis 289 og 264 tonn laks desse åra. Frå elvefisket vart det i 2024 rapportert fangst på til saman 147 tonn, noko som svarer litt over til ein tredel av gjennomsnittet dei ti tidlegare åra. 92 tonn av den fanga laksen i elv vart avliva.
Dei nye tala for laksefisket i elvane i 2024 kjem i tillegg til tidlegare publiserte tal for fangst av laks med fastståande reiskap i sjø. Også i sjøen var fangsttala for laks dei lågaste som nokosinne er rapporterte. 75 tonn laks vart rapportert fanga og avliva i sjøen i fjor, noko som utgjer ein tredel av snittet for dei ti siste åra.
– Fangsttala for laks frå både elv og sjø er viktige for Miljødirektoratets forvaltning av laksebestandane. Hovudmålet er å bevare levedyktige laksebestandar med eit haustbart overskot, seier miljødirektør Ellen Hambro.
– Var nødvendig å stengje
I tillegg til fangsttal frå året før og planar som elveeigarane sender til Miljødirektoratet, vektlegg direktoratet også i stor grad ei totalvurdering som blir gjord av Vitenskapelig råd for lakseforvaltning. Dei gjer kvart år opp status for norske laksebestandar, i ein rapport som vanlegvis kjem i juni.
– Det historisk svake laksefisket i fjor understrekar at det var nødvendig å stengje mange elvar for fiske, for å unngå alvorleg og uoppretteleg skade på laksebestandane og sikre moglegheit for eit framtidig laksefiske, seier Hambro.
Forslag til årets laksefiske kjem snart
Etter at Miljødirektoratet i fjor såg seg nøydde til å akutt stengje laksefisket i 33 elvar med tilhøyrande sjøområde fordi det kom svært lite laks frå havet og opp til elvane, vart det bestemt at ein i 2025 skal leggje om til ein føre var-strategi i ein del utsette vassdrag. Det inneber å starte laksefisket varsamt i juni i desse elvane, og eventuelt opne opp for meir fiske utover i fiskesesongen, dersom ein ser at det kjem nok laks. I fjor kom ein rapport frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning, som viste at lakseoppdrett og klimaendringar er dei største truslane mot villaksen. Den auka uvissa desse faktorane gir for laksebestandane gjer det nødvendig å vere meir føre var i reguleringane av fisket.
Miljødirektoratet har fått forslag til nye reglar for laksefiske frå elveeigarar i særleg utsette elvar, for korleis dei lokalt ser for seg å gjennomføre ein forsiktig start på årets laksefiske.
– I løpet av kort tid vil Miljødirektoratet sende ut forslag om nye tider og kvotar for årets laksefiske i dei mest utsette elvane og deira næraste sjøområde, seier Ellen Hambro.
Forslaget frå direktoratet blir sendt ut på høyring, noko som betyr at alle ramma partar får høve til å komme med innspel før det blir bestemt endeleg korleis reglane for årets laksefiske blir.
– Den negative påverkinga frå oppdrettsnæringa for villaksen er for stor. Derfor jobbar vi i regjeringa med tiltak for å betre dyrevelferda, hindre rømmingar og avgrense mengda lakselus i merdane. Dette vil både gi ei meir berekraftig oppdrettsnæring og betre forhold for villaksen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Behov for taktskifte i klimaomstillingen22.1.2025 12:15:00 CET | Pressemelding
Det er behov for styrket klimapolitikk og flere klimatiltak i alle sektorer for å sikre den omstillingen Parisavtalen og samarbeidet med EU innebærer.
Behov for taktskifte i klimaomstillinga22.1.2025 12:15:00 CET | Pressemelding
Det er behov for styrkt klimapolitikk og fleire klimatiltak i alle sektorar for å sikre den omstillinga Parisavtalen og samarbeidet med EU inneber.
Oslofjorden i alvorlige problemer tross økt innsats20.1.2025 10:22:10 CET | Pressemelding
Innsatsen for å redde Oslofjorden er trappet godt opp det siste året. Likevel sliter fjorden, og det vil ta lang tid å reparere den.
Oslofjorden i alvorlege problem trass auka innsats20.1.2025 10:22:10 CET | Pressemelding
Innsatsen for å redde Oslofjorden er trappa godt opp det siste året. Likevel slit fjorden, og det vil ta lang tid å reparere han.
På disse 15 strendene får du ikke rydde søppel16.1.2025 09:01:53 CET | Pressemelding
Norge har styrket overvåkingsprogrammet for strandsøppel. Nå skal hver plastbit telles.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom