UiT Norges arktiske universitet

Musikkstudentar fyller Tromsø med musikk

Del

Musikkstudentane ved UiT speler ei stor rolle under Nordlysfestivalen som startar denne veka. Både gjennom eigne konsertar og saman med verdsstjerner.

To personer øver ved et piano. Én spiller piano mens den andre synger.
Ilmi Cathrine G. Knudsen (t.h.) saman med Giovanna Alves Dos Santos. Begge er studentar ved Musikkonservatoriet og har kvar si solorolle i Carmina Burana. Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT

– Musikkonservatoriet ved UiT er ein av Nordlysfestivalen viktigaste samarbeidspartnarar. Studentane fyller årleg store delar av programmet med talentet og engasjementet sitt. I år gler me oss spesielt til å oppleva sjølvaste Carmina Burana, og konserten som involverer begge festilvalprofilane; Marius Neset og Mimmi Tamba, i samspel med dei rytmiske studentane, seier festivalsjef Sergej Schroeter.

Det er Musikkonservatoriet som set opp Carmina Burana av den tyske komponisten Carl Orff, i Tromsø domkyrkje 31. januar. Konserten er det største prosjektet konservatoriet har hatt på mange år. 

– Det er ein stor produksjon som involverer nesten alle dei klassiske studentane våre; både blåsarar, strykarar, pianistar og songarar. Prosjektet involverer også eit stort kor, som er set saman av songarar frå konservatoriet, nokre av byens amatørkor og barnekoret på Kulturskolen, seier Maria Medby Tollefsen som er dirigent og ansvarleg for prosjektet.

Øver som profesjonelle

Tollefsen fortel at det er ein del av musikkutdanninga å ha samspelsprosjekt i større og mindre format. Då får studentane også oppleva ein øvingsprosess som liknar på slik det er i profesjonelle orkester. 

– Når studentane har sånne prosjekt, øver me veldig intenst i ein kort periode. Det er som å jobba profesjonelt: Dei får notane, og så har me kanskje ein eller to forprøver. Deretter er det berre i veka før konserten me øver, der me startar på måndag og er ferdig på fredag, på same måte som profesjonelle orkester jobbar, forklarer Tollefsen.

Ein av studentane som er med, er Jakob Rørtveit som studerer fiolin på fjerde året.

– Eg gler meg til ei annleis veke. Her på konservatoriet står me vanlegvis for oss sjølve på eit øvingsrom og jobbar med eige instrument. Når me no har eit felles prosjekt, er det meir sosialt, og me kjem oss ut i byen, seier Rørtveit. 

Ein plass til alle

Han synest det er veldig positivt at alle musikkstudentane får høve til å spela under Nordlysfestivalen. I tillegg til Carmina Burana har dei klassiske studentane eigne lunsjkonsertar kvar dag, og dei rytmiske studentane har kveldskonsertar som går under namnet Closing Time. Rørtveit skal vera med på begge.

– Eg har ikkje erfaring frå å studera på andre konservatorium i Noreg, men det som er fint her i Tromsø, er at alle får vera med uansett. Eg har inntrykk av at det kan bli litt meir kriging om å få vera med på prosjekt på dei konservatoria som har fleire studentar, seier Rørtveit.

Ilmi Cathrine G. Knudsen er ein av songstudentane som bidreg i koret på Carmina Burana. Ho har også ei solorolle, og er reserve for ei anna rolle i tilfelle sjukdom. Ho gler seg til å syngja framfor eit stort publikum i Tromsø domkyrkje.

– Eg synest det er veldig bra å få syngja åleine med orkester. Det er viktig å kunna gjera det som songar, fordi det krev presisjon og sjølvtillit, seier ho.

Ein meister på saksfon

Ei anna storhending der studentar frå Musikkonservatoriet deltek, er konserten 29. januar med Mimmi Tamba og verdsstjerna Marius Neset på saksofon.

– Han er ein av dei beste saksofonistane, ikkje berre i Europa, men i heile verda. Han gjer ting på ein saksofon som eg ikkje trudde var mogleg. Det er veldig stas at me skal få spela med han, seier Amanda Antonsen, som studerar saksofon.

– Det er sinnssjukt inspirerande. Det er veldig fint at me får lov til å spela med sånne artistar som ein del av studiet, legg ho til.

Maria Medby Tollefsen meiner Nordlysfestivalen er ein god arena for å få vist fram det studentane kan.

– Det er ein naturleg stad å få framføra det dei har jobba med i samspelsgrupper som me lærarar set saman. Me treng slike arenaer der ensembla får presentert seg og sett ein sluttstrek for den samspelperioden. Samarbeidet mellom Nordlysfestivalen og Musikkonservatoriet er verdifullt for alle aktørane og for folk i byen. Mykje av det som her blir presentert er fint og av høg kvalitet, seier Tollefsen.

Les òg: UiT og Nordlysfestivalen forlengjer samarbeidet

Arrangementa der UiT-studentar og tilsette er med:

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

To personer øver ved et piano. Én spiller piano mens den andre synger.
Ilmi Cathrine G. Knudsen (t.h.) saman med Giovanna Alves Dos Santos. Begge er studentar ved Musikkonservatoriet og har kvar si solorolle i Carmina Burana.
Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT
Last ned bilde
Kvinne står foran et orkester i en øvings
Maria Medby Tollefsen er studieprogramleiar for bachelorstudiene i musikkutøving. Ho er dirigent og ansvarleg for Carmina Burana-prosjektet. Her frå den eine forprøven til orkesteret.
Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT
Last ned bilde
En ung kvinne sitter ved et piano med en saksofon i fanget og smiler.
Amanda Antonsen gler seg til å spele med Marius Neset.
Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT
Last ned bilde
En person spiller fiolin i et musikkrom.
Jakob Rørtveit er fiolinstudent ved Musikkonservatoriet.
Foto: Kaja Halvei-Larsen / UiT
Last ned bilde

UiT Norges arktiske universitet

UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet med elleve studiesteder over hele Nord-Norge. Vi har 4000 ansatte og 17 000 studenter. Vår visjon er å skape et nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområdene.

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye