Musikkstudentar fyller Tromsø med musikk
Musikkstudentane ved UiT speler ei stor rolle under Nordlysfestivalen som startar denne veka. Både gjennom eigne konsertar og saman med verdsstjerner.
– Musikkonservatoriet ved UiT er ein av Nordlysfestivalen viktigaste samarbeidspartnarar. Studentane fyller årleg store delar av programmet med talentet og engasjementet sitt. I år gler me oss spesielt til å oppleva sjølvaste Carmina Burana, og konserten som involverer begge festilvalprofilane; Marius Neset og Mimmi Tamba, i samspel med dei rytmiske studentane, seier festivalsjef Sergej Schroeter.
Det er Musikkonservatoriet som set opp Carmina Burana av den tyske komponisten Carl Orff, i Tromsø domkyrkje 31. januar. Konserten er det største prosjektet konservatoriet har hatt på mange år.
– Det er ein stor produksjon som involverer nesten alle dei klassiske studentane våre; både blåsarar, strykarar, pianistar og songarar. Prosjektet involverer også eit stort kor, som er set saman av songarar frå konservatoriet, nokre av byens amatørkor og barnekoret på Kulturskolen, seier Maria Medby Tollefsen som er dirigent og ansvarleg for prosjektet.
Øver som profesjonelle
Tollefsen fortel at det er ein del av musikkutdanninga å ha samspelsprosjekt i større og mindre format. Då får studentane også oppleva ein øvingsprosess som liknar på slik det er i profesjonelle orkester.
– Når studentane har sånne prosjekt, øver me veldig intenst i ein kort periode. Det er som å jobba profesjonelt: Dei får notane, og så har me kanskje ein eller to forprøver. Deretter er det berre i veka før konserten me øver, der me startar på måndag og er ferdig på fredag, på same måte som profesjonelle orkester jobbar, forklarer Tollefsen.
Ein av studentane som er med, er Jakob Rørtveit som studerer fiolin på fjerde året.
– Eg gler meg til ei annleis veke. Her på konservatoriet står me vanlegvis for oss sjølve på eit øvingsrom og jobbar med eige instrument. Når me no har eit felles prosjekt, er det meir sosialt, og me kjem oss ut i byen, seier Rørtveit.
Ein plass til alle
Han synest det er veldig positivt at alle musikkstudentane får høve til å spela under Nordlysfestivalen. I tillegg til Carmina Burana har dei klassiske studentane eigne lunsjkonsertar kvar dag, og dei rytmiske studentane har kveldskonsertar som går under namnet Closing Time. Rørtveit skal vera med på begge.
– Eg har ikkje erfaring frå å studera på andre konservatorium i Noreg, men det som er fint her i Tromsø, er at alle får vera med uansett. Eg har inntrykk av at det kan bli litt meir kriging om å få vera med på prosjekt på dei konservatoria som har fleire studentar, seier Rørtveit.
Ilmi Cathrine G. Knudsen er ein av songstudentane som bidreg i koret på Carmina Burana. Ho har også ei solorolle, og er reserve for ei anna rolle i tilfelle sjukdom. Ho gler seg til å syngja framfor eit stort publikum i Tromsø domkyrkje.
– Eg synest det er veldig bra å få syngja åleine med orkester. Det er viktig å kunna gjera det som songar, fordi det krev presisjon og sjølvtillit, seier ho.
Ein meister på saksfon
Ei anna storhending der studentar frå Musikkonservatoriet deltek, er konserten 29. januar med Mimmi Tamba og verdsstjerna Marius Neset på saksofon.
– Han er ein av dei beste saksofonistane, ikkje berre i Europa, men i heile verda. Han gjer ting på ein saksofon som eg ikkje trudde var mogleg. Det er veldig stas at me skal få spela med han, seier Amanda Antonsen, som studerar saksofon.
– Det er sinnssjukt inspirerande. Det er veldig fint at me får lov til å spela med sånne artistar som ein del av studiet, legg ho til.
Maria Medby Tollefsen meiner Nordlysfestivalen er ein god arena for å få vist fram det studentane kan.
– Det er ein naturleg stad å få framføra det dei har jobba med i samspelsgrupper som me lærarar set saman. Me treng slike arenaer der ensembla får presentert seg og sett ein sluttstrek for den samspelperioden. Samarbeidet mellom Nordlysfestivalen og Musikkonservatoriet er verdifullt for alle aktørane og for folk i byen. Mykje av det som her blir presentert er fint og av høg kvalitet, seier Tollefsen.
Les òg: UiT og Nordlysfestivalen forlengjer samarbeidet
Arrangementa der UiT-studentar og tilsette er med:
Nøkkelord
Kontakter
Karine Nigar AarskogFaggruppeleder og seniorrådgiver kommunikasjonUiT Norges arktiske universitet
Tel:95158407karine.n.aarskog@uit.noBilder
UiT Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet med elleve studiesteder over hele Nord-Norge. Vi har 4000 ansatte og 17 000 studenter. Vår visjon er å skape et nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområdene.
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Klimaovervåking i verdensklasse: Etablerer nytt forskningssenter15.1.2025 12:45:38 CET | Pressemelding
Seks forskningsinstitusjoner har utviklet et system som forutser konsekvenser av klimaendringer i Arktis. I dag blir det verdensledende forskningssystemet COAT et nytt forskningssenter.
COAT blir forskningssenter: Velkommen til åpning!14.1.2025 08:00:00 CET | Presseinvitasjon
Stortinget har i statsbudsjettet sikret finansieringen av Climate-ecological Observatory Arctic Tundra (COAT), systemet som løpende overvåker og varsler klimaendringene i Arktis. Dermed blir COAT nå et forskningssenter.
Regjeringen vil bygge nytt museum i Tromsø sentrum13.1.2025 14:25:32 CET | Pressemelding
Regjeringen vil bygge et nytt nordnorsk universitetsmuseum i Tromsø sentrum. Snart kommer pengene også, tror UiT Norges arktiske universitet.
Nytt Ottar: Mangeromstuftene10.1.2025 12:33:25 CET | Pressemelding
Denne utgaven av Ottar tar for seg et særegent arkeologisk fenomen, de såkalte «mangeromstuftene». Dette er tufter etter noen svært spesielle hus og bygninger som bare finnes langs kysten av Nord-Troms og Finnmark. De dateres hovedsakelig til perioden 1200–1450.
Ekspertliste: Grønland og Trump10.1.2025 11:08:55 CET | Pressemelding
UiT har forskere med kunnskap om både Grønland og amerikansk politikk. Her kan du finne forskere til en rekke ulike vinklinger på saken.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom