Oslofjorden i alvorlege problem trass auka innsats
Innsatsen for å redde Oslofjorden er trappa godt opp det siste året. Likevel slit fjorden, og det vil ta lang tid å reparere han.
– Det siste året har det vore ein forsterka innsats for Oslofjorden, særleg for å redusere tilførsel av nitrogen frå jordbruk og avløp, gjennom både nye krav, reguleringar og auka statlege tilskot. Samtidig ser vi at fjorden framleis slit, og det er framleis behov for forsterka innsats over tid før vi kan forvente å få tilbake ein rein og frisk Oslofjord, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Miljødirektoratet har for tredje året på rad teke imot og gått gjennom rapportering frå 118 kommunar og 21 direktorat, departement, statsforvaltarar og fylkeskommunar, om kor langt dei har komme med å gjennomføre tiltak etter Heilskapleg tiltaksplan for ein rein og rik Oslofjord med eit aktivt friluftsliv.
Auka innsats for å redusere nitrogentilførsel til fjorden
På oppdrag frå Miljødirektoratet har Norsk institutt for vassforsking (Niva) gjort ein oppdatert analyse av tilstanden i Oslofjorden. Denne vart publisert same dag som rapporten om status for arbeidet med å redde Oslofjorden. Den stadfestar at tilstanden for fjorden er svært alvorleg og urovekkjande.
– Det tek tid før naturen responderer på endringar. Det er derfor ikkje overraskande at miljøtilstanden i Oslofjorden framleis ikkje er betre, sjølv om tiltak er i gang, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Nivas rapport viser mellom anna at nitrogen har skapt store problem for Oslofjorden. Nitrogenet har negativ effekt på fjorden, fordi det fører til rask vekst av trådalgar kalla lurv, som overtek for tareskog, ålegrasenger og andre oppvekstområde for fisk og fleire artar. Niva-rapporten viser at det dei siste fem til ti åra har vore ein auke av lurv i heile Oslofjorden, kraftig tilbakegang for sukkertare, 21 prosent reduserte utbreiing av stortareskog, og svekking i 67 prosent av ålegrasengene.
– Nitrogen frå avløp og jordbruk står til saman for rundt 75 prosent av nitrogenet som renn ut i Oslofjorden. Derfor er det veldig bra at mange kommunar no jobbar aktivt med planar for betre avløpsreinsing, og at det er på plass strengare krav til bøndene om å redusere pløying av kornåkrar om hausten, seier Ellen Hambro.
Kommunane i gang med betre avløpsreinsing
Fire kommunar er i gang med å byggje nye avløpsanlegg med nitrogenfjerning. 16 kommunar har no fått pålegg om å greie ut korleis dei kan fjerne nitrogen frå avløpsvatnet.
– Nitrogenet kjem frå urin, og i Ytre Oslofjord havner det omtrent rett ut i fjorden når det ikkje er tilstrekkeleg reinsing. Vi jobbar for at flest mogleg av dei største avløpsanlegga skal ha nitrogenfjerning på plass i løpet av 2030. Dette samsvarer med Noregs forplikting etter EUs avløpsdirektiv, seier Hambro.
Regjeringa har i 2024 og 2025 til saman sett av litt over 100 millionar kroner i tilskotsmidlar, for at kommunane skal komme i gang med å planleggje nitrogenfjerning i avløpsanlegg. Miljødirektoratet delte i fjor ut midlar til 35 prosjekt i 52 kommunar frå denne potten.
Hokksund, Fredrikstad, Hvaler og Sarpsborg har sett i gang bygging av nye reinseanlegg med nitrogenfjerning. Desse skal vere ferdig utbygd i løpet av 2026. Fleire kommunar er i gang med utgreiingar og moglegheitsstudiar om etablering av felles reinseanlegg.
Viktig forbod mot haustpløying
Det er innført forbod mot å haustpløye 60 prosent av kornareala på austsida av Oslofjorden, for å redusere tilførselen av nitrogen, fosfor og jordpartiklar til fjorden. Liknande miljøkrav vart frå 7. januar i år innført på vestsida av fjorden, og Innlandet får krav i løpet av våren.
– 43 prosent av nitrogenet som hamnar i Oslofjorden kjem frå jordbruket. Derfor er påboda som no har komme om å redusere pløying av kornåkrar om hausten eit viktig tiltak, seier Hambro.
For nokre bønder kan dei regionale miljøkrava om redusert haustpløying føre til lågare inntekter eller auka kostnader. Dei siste tre åra har tilskota for å kompensere for tapet auka mykje, med til saman 170 millionar kroner øyremerkte fylka rundt Oslofjorden.
Treng betre kantsoner mellom dyrka mark og vassdrag
Innsatsen med å sikre gode kantsoner mellom dyrka mark og vassdrag er ifølgje Miljødirektoratets nye rapport for svak. Kantsoner består av gras, buskar og tre som dannar ein barriere mot bekker og elvar. Kommunane har redusert talet på kontrollar med at kravet om to meters kantsone blir etterlevd. Heller ikkje statlege etatar har teke sin del av ansvaret for kantsoner. Mange kommunar har teke til orde for at den påbodne kantsona bør vere større enn to meter, noko Miljødirektoratet er samd i.
– Kantsoner hindrar fosfor og nitrogen i å hamne i vassdrag, dei reduserer erosjon av jord ved sterk nedbør, er heim for mange artar og bidreg til biologisk mangfald. Derfor må innsatsen for å halde oppe gode kantsoner blir forsterka, seier Hambro.
Nødvending å avgrense fisket
Rapporten understrekar at det er nødvendig å avgrense fisket i Oslofjorden meir enn i dag. Når det nesten ikkje er torsk eller andre toppredatorar i fjorden, får påvekstalgar som lurv fritt spelerom til å vekse, og det blir for mykje småfisk som igjen et opp sniglar og småkrepsar. Det gjer at ålegrasenger og sukkertare ikkje blir haldne friske og reine av snigel og småkreps, noko som skaper ubalanse i fjorden.
Eit av tiltaka i tiltaksplanen for Oslofjordplanen er å vurdere avgrensingar i tråleaktiviteten. Fiskeridirektoratet la i juni 2024 fram tre alternativ for forvaltninga av fisket i Oslofjorden. Eitt av alternativa var å etablere avgrensa nullfiskeområde i Indre Oslofjord, delar av Færder og Ytre Hvaler nasjonalparkar. Nullfiske inneber også stans i botntråling. Miljødirektoratet støtta dette forslaget, som no ligg til politisk behandling.
Tillèt for mykje bygging i strandsona
Så mykje som 91 prosent av kystkommunane tillèt bygging i delar av strandsona der det i utgangspunktet er forbode å byggje. Forbodet gjeld 100 meter frå strandlinja og inn på land. Praksisen varierer mykje mellom kommunane. Medan nokre få kommunar ikkje gir nokon dispensasjonar til å byggje ulovleg i strandsona, gav enkelte kommunar 26 dispensasjonar i perioden frå mai 2023 til mai 2024.
Ein rapport som statsforvaltarane på begge sider av Oslofjorden gav ut frå sommaren 2024, viste at kommunane innvilgar dispensasjon i 40 prosent av sakene der Statsforvaltaren frårådde dispensasjon.
– Når kommunane i så mykje som 40 prosent av tilfella trassar råda frå statsforvaltarane om å seie nei til utbygging i strandsona, blir det vanskeleg for statsforvaltaren å gjere jobben sin med å sikre viktige nasjonale og regionale miljøomsyn, seier Hambro.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
På disse 15 strendene får du ikke rydde søppel16.1.2025 09:01:53 CET | Pressemelding
Norge har styrket overvåkingsprogrammet for strandsøppel. Nå skal hver plastbit telles.
På desse 15 strendene får du ikkje rydde søppel16.1.2025 09:01:53 CET | Pressemelding
Noreg har styrkt overvakingsprogrammet for strandsøppel. No skal kvar plastbit teljast.
Reduserte klimagassutslipp i de fleste norske kommuner10.1.2025 10:00:00 CET | Pressemelding
Nye tall viser at klimagassutslippene gikk ned i de fleste kommunene i 2023.
Reduserte klimagassutslepp i dei fleste norske kommunar10.1.2025 10:00:00 CET | Pressemelding
Nye tal viser at klimagassutsleppa gjekk ned i dei fleste kommunane i 2023.
Reinare luft krev større klimakutt30.12.2024 07:59:45 CET | Pressemelding
Stadig betre luftkvalitet forsterkar den globale oppvarminga, viser nye data. Løysinga er å kutte utslepp av klimagassar endå raskare.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom