Opnar for eksterne testbrukarar av fototenesta i Digitalarkivet – Bergen byarkiv er først ute
Arkivverket opnar no for at eksterne arkivinstitusjonar kan teste å publisere fotografiar i Digitalarkivet, i tillegg til digitaliserte dokument. Bergen byarkiv er den første eksterne aktøren som har tatt i bruk den nye fototenesta. Med det er over 7700 historiske bilete frå Bergen no tilgjengelege for publikum.

Byarkivar i Bergen Jan Tore Helle er glad for å kunne dele byens fotoarv med eit breiare publikum:
– Dette er ein viktig del av satsinga vår på betre digitale brukartenester for arkiv. Målet er at kjeldene, i dette tilfellet foto, skal nå ut til fleire brukarar og skape større engasjement for byens historiske fotoarv.
Dei historiske bileta omfattar alt frå bybilete og natur til portrett og daglegliv i Bergen. Samlinga gir eit unikt innblikk i byens utvikling gjennom tidene.
Samla og tilgjengeleg på éin stad
At eksterne no kan teste å publisere dei historiske fotoa sine på Digitalarkivet, er eit viktig og etterlengta steg på vegen til å bli ei nasjonal fellesløysing for historiske data. Målet er at brukarane skal finne informasjon frå stat, kommune og privat sektor samla på éin stad, uavhengig av format.
Riksarkivar Inga Bolstad framhevar kor viktig det er å samle ulike arkivressursar i ei fellesløysing som Digitalarkivet:
– Foto er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Offentleg sektor var tidleg ute med å bruke den nye teknologien som fotografi var. Mykje fotohistorie er derfor bevart i offentlege arkiv. I dag er foto ein naturlig del av den dokumentasjonen offentlege verksemder skaper. Foto er dokument som inngår sakshandsaminga og dokumentasjonen i offentleg sektor. I tillegg er fotografi ein viktig del i mange privatarkiv som kan vere med å sikre ei meir heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Arkivverket er opptekne av at Digitalarkivet skal sikre arkiv og gjere det tilgjengeleg, uavhengig av format. Dette er eit viktig skritt på vegen dit.
Pilot med gode resultat
Bergen byarkiv har samarbeidd tett med Arkivverket gjennom ein pilotperiode for å teste den nye fototenesta. Rådgivar Ståle Krantz Bruland er svært nøgd med prosessen:
– Arkivverket har følgt oss opp tett for å sikre ei god overføring av bilete og metadata. Vi fekk tilgang til ein eigen Teams-kanal for rask kommunikasjon og løysing av problem undervegs. Dette bidrog til ei effektiv overføring på kort tid. Vidare har opplæringa i det nye produksjonsmiljøet vore strålande, og vi kunne starte opplasting av nye bilete allereie før pilotperioden var over.
Bruland understrekar at Arkivverket har vore lydhøyre for tilbakemeldingar og brukarerfaringar, noko som legg grunnlag for vidare forbetringar. – Forbetringa vi ser mest fram til, er å kunne vite kor mykje bileta blir brukt, seier Bruland.
Du kan sjå alle bileta frå Bergen byarkiv her.
Du kan også lese om korleis du søkjer i fotosøket i Digitalarkivet her.
Nøkkelord
Kontakter
Ingvild Aarøe TønnesenSeniorrådgiverStrategi og kommunikasjon
Tel:93657337ington@arkivverket.noBilder




Lenker
Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.
Følg pressemeldinger fra Arkivverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkivverket
18 millioner kroner til arkivprosjekter over hele landet19.5.2025 13:47:06 CEST | Pressemelding
I 2025 øker støttepotten til arkivprosjekter med tre millioner kroner. Kultur- og likestillingsdepartementet har besluttet å øke potten, og Arkivverket får dermed 18 millioner kroner å fordele til utviklingsprosjekter.
Kartotek over 50 000 norske krigsflyktninger til Sverige publisert8.5.2025 06:00:00 CEST | Pressemelding
I vårslippene publiserer Arkivverket viktige dokumenter fra 2. verdenskrig på Digitalarkivet. I år handler det om de som flyktet til Sverige.
Styrker samarbeidet om tros- og misjonsarkiv7.5.2025 14:27:16 CEST | Pressemelding
Ny avtale mellom Arkivverket og Misjons- og diakoniarkivet ved VID.
Fotoalbumet til norsk gullgravar publisert på nett5.5.2025 10:21:35 CEST | Pressemelding
I samband med Migrasjonsåret gjer Arkivverket norsk gullgravarhistorie tilgjengeleg for alle, når fotoalbumet etter Martin Wølstad er publisert på Digitalarkivet.
Nå kan du søke i Finnemanntallet for 168630.4.2025 12:38:43 CEST | Pressemelding
I forbindelse med Migrasjonsåret gjør Arkivverket en viktig kilde til innvandringshistorie lettere tilgjengelig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom