Arkivverket

Arkivutviklingsmidlar 2024: Frå lulesamiske arkiv til kunstig intelligens

Del

Prosjekt- og utviklingsmidlane til arkiv går i år mellom anna til å ordne lulesamiske arkiv og til automatisk handskriftgjenkjenning.

Arkivverket/Vegard Breie

– Arkivsektoren er i rask endring, og det har vore viktig for meg å få auka potten til utviklingstiltak for arkiv, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. – Det er gledeleg å sjå at årets fordeling av midlar går til heile breidda av den norske kulturarven, inkludert også historier frå underrepresenterte grupper som det lulesamiske samfunnet. Eg er glad for å sjå at det og er auka interesse i sektoren for å søkje på desse midlane.

Eitt av prosjekta som får midlar, er utvikla av Árran julevsáme guovdásj (lulesamisk senter). Dei skal ordne 12 arkiv for å få fram kunnskap om lulesamisk kultur og samfunnsliv. Dette initiativet er i tråd med den nasjonale bevaringsplanen for samiske privatarkiv, Ájmon – Aajmojne – Áimmuin, som vart lansert tidlegare i år, og det er eitt av 24 prosjekt som arbeider med ordning og katalogisering av privatarkiv som får støtte. 

Fleire søknadar, meir pengar

Kvart år deler Arkivverket ut prosjekt- og utviklingsmidlar til institusjonar som tar vare på, tilgjengeleggjer og formidlar arkiv. 15 millionar kroner er no fordelte. Det er gitt støtte til 47 prosjekt i 14 av 15 fylke. 

Årets prosjekt- og utviklingsmidlar til arkiv viser ein auke i talet på søknader samanlikna med tidlegare år. Det er spesielt mange som ønskjer støtte til innovative prosjekt som utforskar nye løysingar på arkivutfordringar.

Kven har fått støtte? Sjå oversikt over tildelingar i vedlagt fil.

Arkivverkets utviklingsmidlar skal bidra til å sikre og tilgjengeleggjere arkiva i samfunnet. 

Midlane kjem frå Norsk Tippings speleoverskot. I år kunne det søkjast om tilskot til utviklingstiltak innanfor to innsatsområde: 

  •   startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv 

  •   ein innovasjonsarena for arkiv 

Sikring av kulturarv og automatisering av handskriftgjenkjenning

Blant innovasjonssøknadene som får midlar, er Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark). Dei skal utvikle tenester basert på kunstig intelligens for å omarbeide og gjere digitaliserte lyd- og videoopptak meir tilgjengelege. Prosjektet inkluderer utvikling av funksjonar for transkribering, fritekstsøk, maskinell omsetjing og automatisk oppsummering.

Blant prosjekta som skal sikre kulturarv for framtida, finn me eit ordningsprosjekt hos Møbelmuseet. Museet har vore i drift sidan 1995, og er eit dokumentasjonssenter og museum for møbelbransjen. Dei har teke imot mange arkiv etter møbelorganisasjonar, bedrifter og designarar. No ønskjer dei å ordne arkiva av allmenn interesse for å gjere dei tilgjengelege.

Auka interesse for innovasjon og samarbeid

Årets søknadsrunde viser ein stor auke i talet på innovasjonssøknader. Av dei tildelte midlane går 6 millionar til 23 innovasjonsprosjekt og 9 millionar kroner til 24 prosjekt som arbeider med ordning og katalogisering av privatarkiv.

Arkivverket ser mellom anna ein aukande tendens til samarbeid mellom arkivinstitusjonar og forskingsmiljø, noko som bidreg til kompetanseheving og nytenking i arkivsektoren. 

– Vi er veldig glade for at stadig fleire, både innanfor privat og offentleg sektor, ser på utviklingsmidlane som eit høve til å drive arkivutvikling og innovasjon på arkivfeltet, seier riksarkivar Inga Bolstad. – No blir det spennande å følgje utviklinga vidare, og sjå kva prosjekt som kan komme fleire i sektoren til gode.

Formelle svar vil bli sendt ut fortløpande før jul til alle som har søkt om utviklingsmidlar. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og riksarkivar Inga Bolstad på Det 9. norske arkivmøte i april 2024.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og riksarkivar Inga Bolstad på Det 9. norske arkivmøte i april 2024.
Arkivverket
Last ned bilde
Riksarkivar Inga Bolstad i Arkivverkets magasin i Mo i Rana.
Riksarkivar Inga Bolstad i Arkivverkets magasin i Mo i Rana.
Vegard Breie/Arkivverket
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.

Følg pressemeldinger fra Arkivverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Arkivverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye