Kifinfo

Dei usynlege konsekvensane av internasjonalisering i akademia

Del

Internasjonale forskarar har dårlegare løns- og arbeidsvilkår. Samstundes må dei administrativt tilsette støtte fleire forskarar med søknader og prosjekt og setje seg inn i andre lands byråkrati. Det kjem fram i ei ny avhandling om kvardagen på det internasjonale universitetet.

En kvinne og en mann sitter og snakker i lobbyen på et kontor
Ei ny doktorgradsavhandling tek for seg effekten av internasjonalisering på universitetet, både hjå dei vitskapelege og administrasjonen. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto. Bildet kan ikke benyttes uten tillatelse.)

Av: Gunn Kvalsvik, Kifinfo

Antalet internasjonale forskarar i Noreg aukar. Fersk statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at 35 prosent av forskarane hadde innvandrarbakgrunn i 2023.

Julie Flikke har i si doktoravhandling utforska korleis universitetspolitikken snakkar om internasjonalisering og korleis norske tilsette ved universiteta opplever det.

– Alle eg intervjua understreka ein lojalitet med internasjonaliseringsprosjektet, seier Flikke, universitetslektor ved NTNU.

– Men dei fortalde om fleire utfordrande konsekvensar. Det viktigaste var eit sprik mellom eit aukande volum av internasjonale aktivitetar og ei langsam organisatorisk tilpassing for å handtere desse oppgåvene.

Svakare arbeidsrettar for internasjonale

Ein artikkel frå avhandlinga utforskar måtane dei administrativt tilsette, som jobbar tett på internasjonalisering, presenterer nøkkelutfordringar ved internasjonalt mangfald.

– Korleis påverka internasjonaliseringa arbeidskvardagen til dei administrativt tilsette?

– Informantane mine meinte at leiinga ikkje alltid forstod eller tok innover seg alt ekstraarbeidet dei hadde på grunn av internasjonaliseringa, seier Flikke.

– Kva type ekstraarbeid er det snakk om?

– Fyrst og fremst peikte dei på at i tillegg til det norske byråkratiet, måtte dei også setje seg inn fleire andre lands byråkrati. Når det er fleire nasjonalitetar seier det seg sjølv at det er krevjande.

Det er også fleire forskarar som treng administrativ støtte til forskarmobilitet, søknadar og internasjonale samarbeidsprosjekt, fortel Flikke.

– Kva vart du mest overraska over?

– Mest forundra er eg kanskje over korleis dei i administrasjonen snakka kring arbeidsforholda til dei internasjonale tilsette og stipendiatane.

Til dømes var Flikke sine informantar uroa for internasjonale tilsette sine arbeidsrettar, som dei meinte var annleis og svakare enn dei norske sine. Dei meinte også at fleire av dei utanlandske forskarane og stipendiatane sakka akterut i løn.

– Eit vanleg mønster var at dei tok imot den løna dei vart tilbode utan å vere klare over kostnads- og lønsnivået i Noreg, og at dei søkte om lønssamtale og lønsauke sjeldnare enn sine norske kollegaer.

– Ikkje så begeistra

Ei anna utfordring fleire av dei administrativt tilsette tok fram var at dei synest det var vanskeleg å konfrontere og korrigere internasjonale arbeidstakarar. For eksempel dersom dei reiste til utlandet utan å seie frå, eller gå dei vanlege søkjerundane, eller dersom dei kom med sleivete utsegn, fortel Flikke.

– Leiarar kan vere redde for å seie ifrå i frykt for å tråkke på nokon sin kultur, eller av frykt for bli oppfatta som lite inkluderande.

– Kva er konsekvensane av eit slikt mønster?

– Det kan vere ein organisasjonskultur der ein er redd for å snakke opent om forventningar, og at dei administrativt tilsette dermed kan bli upopulære eller få eit dårleg rykte fordi dei har brote sosiale normer dei ikkje visste eksisterte.

– Var det nokon som sa klart at dei ikkje likte eller omfamna internasjonaliseringa?

– Sjølv om eg ikkje har konkrete funn, meiner eg at analysane mine meir enn hinta til at fleire ikkje er så begeistra for konsekvensane av internasjonaliseringa.

Les heile saka hos Kifinfo

Kontakter

Om Kifinfo

Følg pressemeldinger fra Kifinfo

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kifinfo på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kifinfo

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye