Framleis vekst i passasjertrafikken

Del

4 millionar passasjerar reiste til, frå og over Avinor sine flyplassar i november. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med november i 2023. Også så langt i år er auken  5 prosent, samanlikna med same periode i 2023. 

Steffen Sundt / Avinor

Talet på utanlandsreisande aukar framleis mest, med 12 prosent i november. Hittil år er veksten blant  utanlandsreisande heile 9 prosent.

Veksten blant innanlandsreisande er på 2 prosent i november, og 2 prosent hittil i år.

-Passasjertala i november er prega av ein auke på heile 12 prosent utanlands. Samtidig er veksten innanlands utelukkande driven av reiser utanlands altså tilslutningsreiser mellom inn- og utland. Innanlandsmarknaden i seg sjølv er svakt ned mot november i fjor (-1%). Dette er eit teikn på den aukande interessa for Noreg som reiselivsdestinasjon, og på at nordmenn held fram med å prioritere utanlandsreiser i ein tid der mange har ein strammare privatøkonomi, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

-Trenden med fullare fly held fram. November er månaden med sterkast vekst i fyllingsgrad så langt i år, med heile 3,5 prosentpoeng auke frå same månad i fjor. Dette er ein trend som har gått føre seg over mange år, og som er betydeleg forsterka dei siste to åra. Trenden er positiv både for utnyttinga av infrastrukturen,  men og i eit utsleppsperspektiv.

Flyrørsler

Det var 49 824  kommersielle flyrørsler i november. Dette er 2 prosent færre enn i november i fjor. Så langt i år er det 1 prosent færre flyrørsler samanlikna med same periode i 2023.

Tal for dei største lufthamnene

(DSL = dei store lufthamnene) og samanlagt-tal for dei mindre (DRL= dei regionale lufthamnene)  i november:

November

Hittil i år

Lufthamn

2023

2024

Endring

2023

2024

Endring

Oslo

1 861 000

1 967 000

6 %

23 415 000

24 551 000

5 %

Bergen

497 000

502 000

1 %

5 903 000

6 086 000

3 %

Trondheim

331 000

336 000

2 %

3 715 000

3 751 000

1 %

Stavanger

325 000

317 000

-2 %

3 667 000

3 690 000

1 %

DSL sum

3 013 000

3 122 000

4 %

36 700 000

38 079 000

4 %

DRL sum

775 000

857 000

11 %

8 849 000

9 523 000

8 %

Avinor sum

3 788 000

3 979 000

5 %

45 548 000

47 602 000

5 %

Droneflyging aukar

I november vart det meldt inn 1724 flygingar med drone i Ninox Drone.

–Dette er ein auke på 25 prosent samanlikna med november i 2023, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.  - Sjølv med meir vêr og kuldeperiodar som påverkar droneflyging, er dette høge tal som stadfestar trenden med auka dronebruk i Noreg.

I år har det vore meir enn 23.000 flygingar totalt, mot 14.000 flygingar i fjor. Dette er ein auke på 63 prosent.

 

 

Kontakter

Bilder

Steffen Sundt / Avinor
Last ned bilde
Øystein Løwer/ Avinor
Last ned bilde

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

Signerer intensjonsavtale om testing og demonstrasjon av nullutslippsfly i Norge10.12.2024 08:00:00 CET | Pressemelding

Oslo 10. desember 2024 — Nøkkelaktører innen luftfart har i dag signert en intensjonsavtale om å delta i en internasjonal testarena for null- og lavutslippsluftfart i Norge. Avtalen — som involverer Luftfartstilsynet, Avinor AS, BETA Technologies og Bristow Norway AS (et datterselskap av Bristow Group Inc.) — markerer partenes felles forpliktelse til å akselerere innføringen av null- og lavutslippsfly, og er et betydelig skritt mot å bringe denne fremtiden til Norge.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye