Universitetet i Stavanger (UiS)

Kristin Armstrong-Oma er ny direktør ved Arkeologisk museum

Del

Professor i arkeologi, Kristin Armstrong-Oma, er ny museumsdirektør på Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.

Kristin Armstrong-Oma er ny museumsdirektør ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Hun tiltrer i mars neste år.
Kristin Armstrong-Oma er ny museumsdirektør ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger. Hun tiltrer i mars neste år. Foto: Arkeologisk museum, UiS

– Eg gler meg stort til å ta fatt på oppgåva. Særleg fordi eg får med meg eit lag av eksepsjonelt flinke folk, mellom anna forskarar i verdsklassen, seier Armstrong-Oma.  

Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er eit tverrfaglig museum med oppgåver innafor forsking, formidling, kulturminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. 

Armstrong-Oma blir den første kvinnelege direktøren sidan museet opna i 1975.   

– Det er kjempekult, og absolutt på tide! Eit av dei siste flaka av glastaket har losna, og det kjennes bra, seier ho.

– Vi skal vera relevante

Armstrong-Oma seier at hennar ambisjon er at museet skal levera høg kvalitet i alle ledd, og vera relevante for samfunnet rundt oss.

– Kulturarven som museet forvaltar er vår felles arv, og det er eit høgtidsamt ansvar å sørga for at den har best mogleg vilkår. Samstundes er kulturarven stadig relevant, seinast gjennom UNESCO-tildelingane til seterkultur og bunaden sist veka, og museet skal vera framoverlent i møte med samfunnet. Det gjer me ved å vera ein arena for den store samtalen om kven me er, gjennom våre forskingsprosjekt, forvaltningsprosjekt, utstillingar og aktivitetar, seier Armstrong-Oma.  

Eit universitetsmuseum

Arkeologisk museum har vore ein del av Universitetet i Stavanger sidan 2009.

–Som universitetsmuseum skal me fortsetja å vera UiS i sentrum, og eg ynskjer å legga til rette for auka samarbeid mellom museet og dei andre fakulteta, seier Armstrong-Oma.

Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger gratulerer Armstrong-Oma som museumsdirektør, og ser fram mot vidare samarbeid.  

– Me gler oss til å få Kristin Armstrong-Oma med på laget. Arkeologisk museum skal være en samfunnsaktuell arena, og eg er sikker på at Armstrong-Oma kjem til å ivareta dette på best mogleg måte, seier Mohn.

Starta som feltarkeolog

Armstrong-Oma starta sin karriere ved museet som feltarkeolog i 1998. Sidan 2013 har ho jobba fast ved museet, og har mellom anna vore leiar for avdeling formidling og forskingleder. Armstrong-Oma tok doktorgraden i arkeologi ved University of Southampton i England, og har også jobba i fleire år som universitetslektor og postdoktor ved Universitetet i Oslo. Ho er spesialist på relasjonar mellom menneske og dyr i bronsealder- og jernaldersamfunnet. Ho tiltrer som museumsdirektør 17. mars neste år.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har 1,5 millionar gjenstandar frå forhistorisk tid.
Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har 1,5 millionar gjenstandar frå forhistorisk tid.
Foto: Elisabeth Tønnessen
Last ned bilde
Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger skal vera samfunnsrelevante, meiner museets nye direktør, Kristin Armstrong-Oma.
Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger skal vera samfunnsrelevante, meiner museets nye direktør, Kristin Armstrong-Oma.
Foto: Elisabeth Tønnessen
Last ned bilde

Om oss

Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye