Auka etterleving i innrapporteringa av kryptoeigedelar
10.12.2024 08:00:00 CET | Skatteetaten | Pressemelding
Stadig fleire rapporterer inn at dei eig kryptoeigedelar, viser ferske tal frå Skatteetaten. I framtida vil Skatteetaten kunna få desse opplysningane frå bransjeaktørane.

Norske skattepliktige sat i 2023 på kryptoeigedelar for vel 17,3 milliardar kroner, ifølgje tal frå skatteoppgjeret som vart gjort kjent denne månaden. Det er meir enn ei dobling frå 8,2 milliardar kroner i kryptoformue året før.
54 000 rapporterte i fjor at dei eigde kryptoeigedelar i skattemeldinga. Dei siste åra er det gjennomført fleire tiltak som rettleiing og kontrollar, for å få eigarar til å føra desse eigedelane opp i skattemeldinga. Etterlevinga på innrapporteringa har auka frå vel 15 000 i 2020 til meir enn det tredobbelte i fjor.
– Etterlevinga har betra seg over tid, men det er framleis for mange som ikkje rapporterer inn kryptoeigedelar, slik dei skal. Hugs at du kan endra opplysningane og levera skattemeldinga på nytt i tre år etter innleveringsfristen dersom du har noko å retta opp, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Rapporterer du ikkje inn kryptoeigedelane dine, risikerer du tilleggsskatt. I dei mest alvorlege tilfella kan du bli meld til politiet.
Vil motta fleire opplysningar
Frå 2026 kan dei som driv vekslings- og oppbevaringstenester med kryptoeigedelar få rapporteringsplikt til Skatteetaten, såkalla tredjepartsrapportering.
Finansdepartementet sende tidlegare denne månaden eit forslag ut på høyring om at norske tenestetilbydarar i framtida må senda inn opplysningar om kryptoeigedelar som utanlandske og norske skattepliktige eig til Skatteetaten.
Noreg vil utveksla opplysningar med utanlandske skattestyresmakter og vil få opplysningar om norske skattepliktige som bruker vekslings- og oppbevaringstenester i andre land.
– Skatteetaten er veldig nøgde med at me snart kan få på plass ei automatisk informasjonsutveksling om kryptoeigedelar mellom ei rekkje land. Me får allereie finansopplysningar frå andre land om personar som er skattepliktige til Noreg, og med dette arbeidet vil me ta eit nytt stort steg mot rett skattlegging av utanlandske verdiar, seier skattedirektøren.
Kan utføra målretta kontrollar mot dei som unndreg skatt
Automatisk informasjonsutveksling om kryptoeigedelar mellom landa krev regelverksutvikling i kvart enkelt land, og høyringa er eit viktig steg vidare. I høyringa vert det føreslått at lovendringane trer i kraft 1. januar 2026, med første rapporteringa til skattestyresmaktene i 2027. På sikt håpar Skatteetaten å få på plass ei delvis førehandsutfylling av kryptoeigedelar i skattemeldinga, og Skatteetaten har etablert ei eiga gruppe på tvers av heile etaten som jobbar med krypto.
– Informasjonsutveksling om kryptoeigedelar kan bidra til at endå fleire nordmenn får betre hjelp til å melda frå om verdiane sine, og det gjer oss betre rusta til å utføra målretta kontrollar mot dei som ønskjer å unndra skatt, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Dette viser tala frå skattemeldinga 2023
- Vel 54 000 personar rapporterte inn at dei eigde kryptoeigedelar i 2023. 48 150 personar rapporterte at dei eigde kryptoeigedelar i 2022.
- Den rapporterte inntekta var på 2,5 milliardar kroner i 2023 mot 3,3 milliardar kroner året før.
- Den rapporterte formuen var på 17,3 milliardar kroner i 2023 mot 8,2 milliardar kroner året før.
- Det rapporterte frådraget var på 2,1 milliardar kroner mot 3,6 milliardar kroner året før.
Slik rapporterer du inn kryptoeigedelar
Har du gevinst, inntekt, formue eller tap i kryptoeigedelar som til dømes kryptovaluta eller NFT, må du sjølv oppgi det i skattemeldinga. Slik gjer du det: Virtuelle eigedelar (kryptovaluta med meir) Har du selt kryptoeigedelar med tap, kan du få frådrag for det, men du må kunna dokumentera både inngangsverdien og salsprisen så godt som mogleg med til dømes informasjon frå kryptobørsane. Her kan du lesa meir om både skattereglane og mellom anna tap ved svindel: Skattereglar - Virtuelle eigedelar - Skatteetaten
Det er viktig å passa på at det samla resultatet for alle transaksjonane er meldt inn (gevinst/tap) – ikkje berre totalt kor mykje kryptoeigedelar du eig.
I tre år etter innleveringsfristen kan du endra opplysningane og levera skattemeldinga på nytt. Slik gjer du det: Endringsmelding for formues- og inntektsskatt for personlege skattepliktige - Skatteetaten
Nøkkelord
Kontakter
Christer GiljePressesjef
Tel:945 01 000presse@skatteetaten.noDokumenter
Følg pressemeldinger fra Skatteetaten
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Skatteetaten
Frist for å levere skattemelding mandag: Advarer mot skattetabbe1.6.2026 06:59:25 CEST | Pressemelding
Fristen for å levere skattemeldingen for næringsdrivende og selskaper går ut mandag 1. juni. For mange haster det derfor å levere – eller søke om utsettelse.
Enklere å søke om støtte til begravelser19.5.2026 07:58:00 CEST | Pressemelding
Hvert år søker opptil 6 000 pårørende om støtte til begravelser. Skatteetaten og Nav har nå gjort det enklere å søke om statlig støtte, og langt raskere å få svar.
Kontrollaksjoner innen transport og omsetning av fisk og sjømat11.5.2026 12:05:57 CEST | Pressemelding
Flere offentlige etater har i vinter gjennomført omfattende kontrollaksjoner innen transport, omsetning og eksport av fisk og sjømat. Kontrollene avdekket regelbrudd på flere områder.
Fant feil hos over halvparten på Sørlandet30.4.2026 09:01:46 CEST | Pressemelding
Skatteetatens Skattepatrulje gjennomførte i midten av april kontroller hos 54 virksomheter innen bransjene servering, frisør, og bilverksted/-pleie på Sørlandet. I tillegg ble det gjort tiltak for å kreve inn skyldig skatt og avgift.
Skattemeldingen: I dag går fristen ut30.4.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Dersom du skal rekke å gjøre nødvendige endringer i skattemeldingen, må du gjøre det før midnatt i dag, 30. april. Da går leveringsfristen ut. Så langt har omtrent 4,3 millioner sjekket sin skattemelding, og over 3 millioner har levert.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom