Slutt på omkøyring for rv. 9 Bykletunnelane frå 16. desember
Oppgradering av dei to tunnelane langs rv. 9 i Bykle, Sandfjødd og Byklestigen, er snart ferdig, og Vegvesenet har fått gjort meir enn planlagt medan tunnelane har vore stengde.

Dei to Bykletunnelene har vore stengde for oppgradering sidan september. Alt av elektro og belysningsanlegg skal skiftast ut. Dette er no straks ferdig, men medan tunnelane har vore stengde har Statens vegvesen nytta høvet til å utføre fleire oppgåver.
Fått gjort meir på same tid
– Takka vere godt vêr og løysingsorienterte arbeidarar har vi fått gjort veldig mykje meir arbeid enn vi i utgangspunktet hadde sett for oss, fortel Torgeir Hodne, byggjeleiar i Statens vegvesen.
Noko av det ekstra arbeidet som no er utført er rekkverksarbeid, utviding av sideterrenget og utskifting av dårlege massar i vegen. Det er skifta overvassrøyr i tunnelen, lagt kantstein gjennom tunnelen og ny asfalt.
– I utgangspunktet var det planlagt med elektroarbeid og litt grunnarbeid. Alt av elektro og belysningsanlegg skulle skifta ut, og tunnelane skulle koplast til Vegtrafikksentralen slik at dei kan overvake eventuelle feil på utstyr. Dette blir sjølvsagt ferdig til opninga i desember, men vi har fått gjort mykje meir enn dette, seier Hodne.
Snille vêrgudar og godt samarbeid med entreprenørane er årsaka.
– At vi no har fått utført alt dette arbeidet medan tunnelen likevel skulle vere stengt, er veldig bra. Dette betyr at det no vil gå lengre tid før vi treng å stengje tunnelen igjen for denne typen vedlikehald, fortel byggjeleiaren.
Skryter av godt samarbeid
Hodne fortel at Traftec har ansvaret for elektroarbeidet som no er i ferd med å ferdigstillast i Sandfjødd- og Byklestigentunnelene. Hovden Hytteservice har utført utvendig grunnarbeid og trafikkavvikling, medan Songdalen Fjellsprenging har hatt ansvar for grunnarbeid inne i tunnelane. Alle tre entreprenørfirma har også hatt med seg underentreprenørar i arbeidet.
– Vi har hatt eit godt samarbeid undervegs med desse entreprenørane. Dei er dyktige og gjer ein god jobb, samtidig som dei er med på å finne gode løysingar. Sånn er alltid gøy, skryter Torgeir Hodne.
Ettersom Statens vegvesen har fått utført fleire oppgåver i Bykletunnelene, har vedlikehaldet vorte litt meir kostbart enn opphavleg planlagde.
– Vi har fått gjort veldig mykje meir enn planlagt, og det skal entreprenøren sjølvsagt få betalt for. Men dette har ein klar fordel for oss òg. Med å få utført alle desse oppgåvene medan tunnelane allereie var stengde, vil det ta lengre tid før vi må stengje desse tunnelane igjen for tilsvarande arbeid. Dette er ikkje minst positivt for trafikantane. Vi har no fått ei solid oppgradering av Bykletunnelene som har noko å seie for trafikktryggleiken og god framkomme, seier Hodne.
Medan arbeidet med dei to Bykletunnelene langs rv. 9 går føre seg, er det omkøyring via Movegen (gamle riksvegen). Trafikken på omkøyringsvegen blir leidd av leigebil. Frå måndag 16. desember blir det slutt på dette, og trafikken langs rv. 9 kan gå som normalt igjen.
Nøkkelord
Kontakter
Torgeir HodneByggelederStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:90639570torgeir.hodne@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Anleggsarbeid på E18 i Bærum vil gi ekstra lange køer21.10.2025 11:59:55 CEST | Pressemelding
De kommende helgene blir det innsnevringer på E18 mellom Høvik og Lysaker. Statens vegvesen oppfordrer alle til å la bilen stå og beregne god tid.
Rv. 706 Strindheimtunnelen gjenåpnes 27. oktober21.10.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Etter omfattende utbedringsarbeid gjenåpnes Strindheimtunnelen for ordinær trafikk i begge tunnelløp mandag morgen 27. oktober klokken 06:00.
Arbeid i E39 Siratunnelen21.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør vedlikeholdsarbeid i E39 Siratunnelen, på rett sør fylkesgrensen mellom Rogaland og Agder.
Inspiserer Ryfylketunnelen21.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal ha periodisk inspeksjon i Ryfylketunnelen på natt 28. - 30. oktober.
Midlertidig E6 i Levanger åpner i november20.10.2025 14:01:52 CEST | Pressemelding
Anleggsarbeidene er godt i gang, og de neste ukene blir det arbeidet for fullt langs hele traséen for å få klar midlertidig E6 forbi rasstedet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom