Miljødirektoratet

To tredelar av utsleppa frå forbruket vårt skjer i andre land

Del

Det meste av utslepp av klimagassar frå norsk forbruk skjer i andre land, med ein betydeleg del i utviklingsland, viser tal frå Miljødirektoratet.

Bilete av mange folk i Oslos gater.
Nordmenn har eit høgt forbruk: Kvar innbyggjar slepper ut 14 tonn CO2-ekvivalentar årleg. Bilete frå Karl Johans gate i Oslo på Black Friday i 2021. Foto: Erik Johansen / NTB

– Nordmenn har eit ganske høgt forbruk, noko som resulterer i store utslepp, spesielt i andre land, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet. 

Forbruket av varer og tenester i norske hushald, privat næringsliv og offentleg sektor stod for eit samla klimagassutslepp på omtrent 77 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2021. Samla sett utgjer det omtrent 14 tonn per innbyggjar.

Noregs forbruksbaserte klimagassutslepp viser klimapåverknaden frå forbruket vårt. I berekninga inngår utsleppa som har skjedd ved produksjon og transport av varer og tenester vi forbruker, i tillegg til utsleppa frå ulike typar aktivitetar, som bilkøyring og oppvarming.

Dette er andre gong Miljødirektoratet publiserer forbruksbaserte utsleppstal. Arbeidet er gjennomført på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, og konsulentselskapet Vector Sustainability med XIO Sustainability Analytics har gjennomført analysane.

Ein analyse av klimagassutslepp frå norsk forbruk kan brukast som eit tillegg til det nasjonale klimagassrekneskapen. Det bidreg til betre oversikt over korleis norsk forbruk fører til globale utslepp. Analysen kan også gi ein peikepinn på korleis forbrukar kan involverast i omstillinga og korleis politikk kan påverke forbrukaråtferd mot eit lågare klimafotavtrykk.

Rapport: Updated Analysis of the Carbon Footprint of the Economic Activity of Norway (CaFEAN 2)

Faktaboks: Utslepp av klimagassar frå forbruk og territoriale utslepp

  • Den nasjonale klimagassrekneskapen og forpliktingane under Parisavtalen tek utgangspunkt i klimagassutsleppa som skjer innanfor Noregs geografiske grenser, altså dei territoriale utsleppa.
  • Ein stor del av varene og materiala som blir brukte i Noreg, blir importerte, og fører til utslepp i andre land, mellom anna frå produksjon og transport av desse varene. 
  • Ei oversikt over utslepp frå forbruk, ein forbruksbasert utsleppsrekneskap, har ei anna tilnærming enn det territoriale klimagassrekneskapen. Medan dei territoriale utsleppa set søkjelys på kvar utsleppa skjer, blir forbruksbaserte utslepp berekna ut frå kven som til slutt forbruker varer og tenester, uavhengig av kvar i verda utsleppa skjer. Då blir utsleppa inkluderte ved uttak av råvarer og produksjon av varer vi importerer frå andre land. Utslepp frå produksjon av varer som blir produsert i Noreg, men blir eksportert til andre land blir trekt frå.
  • Utslepp frå skog- og arealbruk og arealbruksendringar er ikkje med i den forbruksbaserte rekneskapen som blir presentert i rapporten. Det finst ikkje like gode data for desse utsleppa.
  • Uvissa er høgare i dei tala som viser utslepp i utlandet som følgje av forbruket vårt enn i dei nasjonale utsleppstala. Det er fordi det krevst andre metodar og data som ikkje har like høg kvalitet som den norske offisielle klimagassrekneskapen.

Det meste av utsleppa frå norsk forbruk skjer i andre land

Ein tredel av utsleppa frå norsk forbruk i 2021 skjedde i Noreg, mesteparten frå bruk av bil og annan transport, aktivitetar innanfor bygg- og anleggssektoren, matforbruk og offentlege tenester.

Etter Noreg, er Kina det landet der forbruket vårt fører til størst utslepp – i overkant av 20 prosent av det totale klimafotavtrykket. 44 prosent av utsleppa våre kjem frå Kina og andre utviklingsland. For elektrisk utstyr og maskinar, annan industri og resirkulering, og tekstil og klede, skjer mesteparten av utsleppa i desse landa.

Utslepp i Europa stod for 18 prosent av det samla utsleppet frå norsk forbruk i 2021, medan seks prosent av utsleppa fann stad i andre industriland.  

Mest utslepp frå transport, byggjeaktivitetar og matforbruk

Transport er den største kjelda til utslepp frå forbruket vårt. Utsleppa kjem frå bilkøyringa i hushalda, kjøp av transportmiddel og av transporttenester, til dømes flyreiser og kollektivtransport. Utsleppa frå produksjon av transportmiddel og drivstoff skjer i hovudsak i utlandet, medan utsleppa frå bilbruk og andre transportmiddel i stor grad skjer i Noreg.

Produkt og tenester frå bygg- og anleggssektoren har størst forbruksbaserte utslepp , etter transport. Dette inkluderer til dømes utslepp frå anleggsmaskiner i bruk i Noreg og frå produksjon av bygningsmateriale, både i Noreg og i land vi importerer frå. Omtrent to tredelar av utsleppa i 2021 fann stad i utlandet, med størst utslepp i Kina.

Forbruk av mat og drikke står også for ein relativt stor del av dei forbruksbaserte utsleppa. Nesten 40 prosent av utsleppa skjedde på norsk jord, medan i overkant av 60 prosent fann stad i andre land, frå produksjon og transport av maten vi importerer.

Det samla forbruksbaserte klimagassutsleppet i Noreg har vore fallande dei siste ti åra, med unntak av ein auke i 2019 og 2021. Frå 2012 til 2021, har det samla sett vore ein nedgang i det forbruksbaserte utsleppet på 21 prosent.

Dei med høgast inntekt har dobbelt så høge utslepp som dei som tener minst

Forbruk av varer og tenester i norske hushald stod for 38 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2021. Dette svarer omtrent til halvparten av dei totale forbruksbaserte klimagassutsleppa. Transport og matforbruk står for dei største utsleppa frå hushalda.

Inntektsnivå har stor påverking på forbruksmønster og på det totale forbruksnivået. SSBs forbruksundersøking frå 2022 viser at låginntektshushald bruker ein stor del av inntekta på bustad og mat, og derfor har lite til overs til andre forbruk. Dei som tener mest har eit mykje høgare forbruk av mellom anna fritidsutstyr, reiser, bil og møblar.

Kombinerer vi tala frå forbruksundersøkinga med utsleppstala, ser vi at hushald i den høgaste inntektskvartilen har dobbelt så høge utslepp som hushald i den lågaste inntektskvartilen. Særleg for utsleppsintensive aktivitetar som transport, har hushald med høg inntekt større utslepp frå forbruket enn hushald med lågare inntekt. Det gjeld både utslepp frå eigen bilbruk og frå bruk av andre transporttenester som til dømes flyreiser. Hushald med høg inntekt har også eit høgare forbruk av utsleppsintensive fritidsaktivitetar, som til dømes pakkereiser.

Faktaboks: Viktig å vite om utsleppstala

  • Merk at utsleppstala er baserte på kor mykje pengar hushalda bruker på ulike forbruksvarer og tenester. Tala fangar ikkje opp utsleppsvariasjon i forbruksvarer som tilhøyrer same kategori.
  • Til dømes dersom Kari kjøper ein bil som er dobbelt så dyr som den bilen Ola kjøper, vil Kari bli tildelt dobbelt så store utslepp som Ola, uavhengig om Karis bil er produsert med lågare utslepp.
  • Det er også viktig å vere klar over at samanhengar på tvers av inntekt, sentralitet og type hushald ikkje er analysert i dette arbeidet. Tala kan derfor i avgrensa grad brukast til å forklare kva som er årsakene til utsleppsmønster utan vidare analyse.
  • Når vi til dømes ser at utsleppa frå transporttenester er høgare for sentrale område enn mindre sentrale område, er dette påverka av både geografi og flyttingsmønster, og at det er forskjellar i hushaldssamansetning og inntektsnivå mellom ulike stader.

Nøkkelord

Bilder

Figur som viser utslepp frå det norske forbruket i 2021, fordelt på sektorar og opphavsområde.
Utslepp frå det norske forbruket i 2021, fordelt på sektorar og opphavsområde. Kjelder med utslepp på mindre enn 2 tonn CO2-ekv. er utelate frå figuren.
Figur: Redigert og omsett av Miljødirektoratet
Last ned bilde
Graf som viser utslepp frå det norske forbruket frå 2012-2021.
Utslepp frå det norske forbruket frå 2012-2021. Figur: Redigert og omsett av Miljødirektoratet
Figur: Redigert og omsett av Miljødirektoratet
Last ned bilde

Lenker

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye