Statens vegvesen

Opnar ny kollektivterminal på Flatøy

Del

Tysdag 26. november kl. 13 opnar avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen E39 Kollektivknutepunkt og innfartsparkering på Flatøy.

Kollektivterminal på Flatøy
Den nye kollektivterminalen med overbygd venteplass for bussreisande. I bakgrunnen ser ein sykkelparkeringa, som har tak og plass til 40 syklar. Henrik Knarvik Statens vegvesen

– Ein god terminal er viktig tiltak for alle reisande og pendlarar. Her får man og gode forhold for parkering for sykkel og bil når ein skal ta bussen vidare, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Tilrettelagt for mjuke trafikantar

E39 Kollektivknutepunkt og innfartsparkering på Flatøy har fått oppstillingsplass for seks bussar og venteareal for bussar som ikkje er i rute. Samtidig er dagens 80 innfarts-parkeringsplassar flytta. Mjuke trafikantar får ei sykkelparkering med 40 plassar under tak, og det er laget separat fortau og sykkelveg for å skilje gåande og syklande.

Opninga finn stad ved den nye kollektivterminalen på Flatøy.

Vegvesenet byr på kulturelle innslag og kaker og kaffi, i tillegg til ei orientering om prosjektet og talar.

Kontakter

Bilder

Kollektivterminal på Flatøy
Den nye kollektivterminalen med overbygd venteplass for bussreisande. I bakgrunnen ser ein sykkelparkeringa, som har tak og plass til 40 syklar.
Henrik Knarvik Statens vegvesen
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye