Øving i Ryfylketunnelen, tovegstrafikk frå Solbakk
Torsdag 28. november skal Statens vegvesen og Rogaland brann og redning ha øving i Ryfylketunnelen (rv. 13).
Tunnelen blir heilt stengd inntil ein halvtime frå klokka 20.00-20.30, av tryggleiksmessige årsaker. Frå rundt 20.30 blir løpet frå Solbakk (Strand) til Hundvåg opna for tovegstrafikk med nedsett fart.
Tunnelløpet som går frå Hundvåg mot Solbakk (Strand) blir heilt stengd i tidsrommet 20.00-00.00 medan øvinga går føre seg.
– Tunneltryggingsforskrifta krev at vi skal ha brannøving. Dette er ein viktig del av det kontinuerlege arbeidet vårt med å sørga for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett. Vi gjer dette for tryggleiken til trafikantane, for å vera best mogleg førebudd ved reelle tunnelhendingar. Ein del av øvinga er å bruka røykmaskin for å simulera ein brann i tunnelen. Det vil derfor vera mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen og dessutan ein del blålys, seier brannvernleiar Viktoria Gierukas i Statens vegvesen.
– Statens vegvesen er klar over at stengd tunnel kan vera utfordrande for trafikantane. Vi gjer derfor det me kan for stengingar skal bli så korte som mogleg, slik me vi gjer ved å opna det eine løpet for tovegstrafikk medan øvinga går føre seg, legg Gierukas til.
Kontakter
VIktoria GierukasBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90566316viktoria.gierukas@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgivarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Starter rivingen av E6 Sletta bru i kveld22.11.2024 11:11:44 CET | Pressemelding
Rivingen av E6 Sletta bru i Eidsvoll kommune starter i kveld fra klokken 21:00 og vil pågå kontinuerlig fram til søndag morgen. E6 må stenges mens brua rives.
No vert ny kollektivterminal tatt i bruk21.11.2024 07:16:23 CET | Pressemelding
Førstkomande måndag, 25. november, blir den nye kollektivterminalen på Flatøy tatt i bruk.
Trafikk i ett felt over Sluppen bru i Trondheim i 14 døgn19.11.2024 16:06:36 CET | Pressemelding
Vedlikeholdsarbeidene går mot slutten, men for å skifte ut fire brufuger så vil trafikken over Sluppen Viadukt kun gå i ett felt fra og med onsdag kveld 20. november og 14 døgn framover. Dette vil medføre kødannelse, spesielt på morgenen og ettermiddagen.
Byggjer to nye busslommer i Oppdal19.11.2024 14:01:35 CET | Pressemelding
Denne veka startar arbeida for å etablere to nye busslommer for E6 ved Myrset i Oppdal kommune.
– Derfor må vi parkere på gang- og sykkelvegar frå tid til annan19.11.2024 11:07:53 CET | Pressemelding
– Vis respekt for vegentreprenørar når dei parkerer på gang- og sykkelvegar i Stavanger-området.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom