Øving i Ryfylketunnelen, tovegstrafikk frå Solbakk
Torsdag 28. november skal Statens vegvesen og Rogaland brann og redning ha øving i Ryfylketunnelen (rv. 13).

Tunnelen blir heilt stengd inntil ein halvtime frå klokka 20.00-20.30, av tryggleiksmessige årsaker. Frå rundt 20.30 blir løpet frå Solbakk (Strand) til Hundvåg opna for tovegstrafikk med nedsett fart.
Tunnelløpet som går frå Hundvåg mot Solbakk (Strand) blir heilt stengd i tidsrommet 20.00-00.00 medan øvinga går føre seg.
– Tunneltryggingsforskrifta krev at vi skal ha brannøving. Dette er ein viktig del av det kontinuerlege arbeidet vårt med å sørga for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett. Vi gjer dette for tryggleiken til trafikantane, for å vera best mogleg førebudd ved reelle tunnelhendingar. Ein del av øvinga er å bruka røykmaskin for å simulera ein brann i tunnelen. Det vil derfor vera mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen og dessutan ein del blålys, seier brannvernleiar Viktoria Gierukas i Statens vegvesen.
– Statens vegvesen er klar over at stengd tunnel kan vera utfordrande for trafikantane. Vi gjer derfor det me kan for stengingar skal bli så korte som mogleg, slik me vi gjer ved å opna det eine løpet for tovegstrafikk medan øvinga går føre seg, legg Gierukas til.
Kontakter
VIktoria GierukasBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90566316viktoria.gierukas@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgivarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Lyser ut E39 Veibustkrysset28.8.2025 15:06:32 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen lyser ut byggearbeida for E39 Veibustkrysset, med tilbodsfrist 1. oktober. No skal den ulykkesbelasta flaskehalsen ved Ålesund byggjast om til toplans-kryss.
Fyrte av første tunnelsalve fra Gjønnes28.8.2025 13:24:14 CEST | Pressemelding
Den første salven for den nye Gjønnestunnelen er avfyrt fra Gjønnes. Det betyr at tunnelarbeidet nå er i gang fra begge sider.
Starter asfaltering av E6 nord for Otta 1. september28.8.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Førstkommende mandag starter Statens vegvesen asfaltering av E6 mellom Otta og Sel. Arbeidet vil foregå til 11. september.
Skal breddeutvide E39 Nedre Roaldsetbrua i Molde26.8.2025 10:36:55 CEST | Pressemelding
Arbeidet består av breddeutvidelse med nye kantdragere og rekkverk, samt etablering av ny fuktisolering og nytt slitelag.
Nord-Norges største vegprosjekt er halvferdig26.8.2025 09:32:54 CEST | Pressemelding
OPS Hålogalandsvegen er 50 % ferdig bygget. Det offentlige private samarbeidet ligger også flere måneder før tidsskjema.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom