MEMELAND opnar nytt vindauge mot mellomalderens Europa
8.11.2024 09:35:38 CET | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding
I eit tverrfagleg prosjekt vil forskarar i Noreg, Austerrike, Sveits og Storbritannia opne eit nytt vindauge mot mellomalderens Europa. MEMELAND-prosjektet vil endre forståinga vår av det historiske samspelet mellom kultur og natur.

Det europeiske forskingsrådet har løyvd 13 millionar euro i støtte til MEMELAND (Molecular Ecology of Medieval European Landscapes). Prosjektet skal avdekkje korleis jordbruket i mellomalderen har forma dagens landskap og biologiske mangfald.
Finn rettesnorer i jordsmon og sediment
Memeland si underliggjande metode er å ta prøver av og analysere sediment og jordsmon i innsjøar og vatn i heile Europa, såkalla sedimentært DNA (SedaDNA).
Sedimenta på botnen av innsjøar og andre vassførekomstar har for det meste vore uforstyrra gjennom hundreåra, og kan derfor gje ei eineståande innsikt i klima, økologi, flora, fauna og menneskeleg aktivitet i området rundt.

Ei ny og tverrfagleg tilnærming
Tre fagfelt skal analysere sedimenta og gje oss svar:
- Lipidbiomarkørar vil avsløre kva dyr og menneske åt.
- Arkeobotaniske restar (til dømes pollen) vil avsløre kva planter og avlingar som vaks der.
- Kronologiforskinga vil bruke metodar som karbon14-datering for å avsløre når dei ulike spora vart laga.
– Denne finansieringa vil gjere det mogleg å lansere ei ny og spennande tilnærming til å ikkje berre forstå, men og verne landskapa i Nord-Europa og det viktige biologiske mangfalda der. For første gong vil vi kunne sjå korleis miljøet vårt vart til, seier professor Anthony Brown ved UiT Noregs arktiske universitetsmuseum i Tromsø.
Over 100 lokalitetar er valde ut for sedaDNA, og i tillegg skal ein ta prøver for biomarkørar og arkeobotanikk på seks detaljerte lokalitetar.
Tidlegare arbeid med sedaDNA har mellom anna vist at ein finn DNA frå djupborande makk i innsjøar. Makken vart truleg bringa dit av moldplogen som endra jordbruket i mellomalderens Europa. Då kan ein tidfeste når jordbruket i området tok i bruk plogen.

Rettleiing for restaurering av europeiske landskap
Over heile Europa finst det initiativ for å tilbakeføre landområde til sin «naturlege» tilstand. Avhengig av kva ein legg i omgrepet «naturleg tilstand», vil dette prosjektet vere ei rettesnor for å tilbakeføre delar av landskapet og økologien til den historiske tilstanden sin – slik at vi kan restaurere og til og med forbetre dei øydelagde landskapa våre.
Andre viktige brikker i puslespelet som MEMELAND vil sjå etter, er
- Var mellomalderen ein jordbruksrevolusjon eller ei økologisk degradering?
- Var det eliten, bøndene eller begge deler som dreiv fram endringane?
- Kva rolle spelte klima og sjukdom?
Slike prosjekt må vere store
Dette ambisiøse prosjektet, som involverer fleire fagdisiplinar, har som mål å gje omfattande svar som ut over dei einskilde disiplinane – svar der summen er større enn delane.
Geir Rudolfsen er instituttleiar for Noregs arktiske universitetsmuseum og sjølvsagt særs nøgd med å få MEMELAND til instituttet. Han seier prosjektet er eit fantastisk eksempel på korleis store og tverrfaglege prosjekt kan gje unik innsikt.
– Slike prosjekt må vere store for å få ein heilskapleg forståing og innsyn i korleis dei ulike faktorane påverkar kvarandre. MEMELAND kjem til å styrke museet fagleg og bidra til at universitetsmuseet i Tromsø er verdsleiande innan sedaDNA, seier han.
FAKTA OM MEMELAND
ERC Synergy Grant for MEMELAND er på 13 537 645 euro. UiT-komponenten er på 7 075 963 euro.
Prosjektleiarar og institusjonar
- cPI Prof Tony G Brown, Noregs arktiske universitet (UiT), Noreg
- PI: Prof. Helena Hamerow, Institute of Archaeology, University of Oxford, Storbritannia
- PI: Prof. Nathalie Dubois, Swiss Federal Institute of Aquatic Science and Technology (EAWAG*), Zürich, Sveits
- PI: Prof. Andreas Lang, Paris Loudon-universitetet, Salzburg, Østerrike
Til saman vil forskarar med 13 ulike nasjonalitetar bidra til prosjektet.
*Namnet Eawag er avleidd av det tyske akronymet Eidgenössische Anstalt für Wasserversorgung, Abwasserreinigung und Gewässerschutz.
Nøkkelord
Kontakter
Anthony BrownprofessorNoregs arktiske universitetsmuseum, UiT
antony.g.brown@uit.noGeir RudolfsenNorges arktiske universitetsmuseum
Tel:+47 77 64 68 81geir.rudolfsen@uit.noBilder







UiT Noregs arktiske universitet
UiT er eit breiddeuniversitet med elleve studiestadar over heile Nord-Noreg. Vi har 4000 tilsette og 17 000 studentar. Visjonen vår er å skape eit nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområda.
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
48 millioner til forskning på miljøutfordringer22.9.2026 15:54:10 CEST | Pressemelding
Fire unge UiT-forskere får hver 12 millioner kroner fra Tromsø forskningsstiftelse. De kartlegger hvordan klimaendringer og forurensing påvirker livsgrunnlaget til samfunn og økosystemer.
Viljar Hanssen er rektors nye rådgiver22.9.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Viljar Hanssen blir ny strategisk rådgiver for rektor på UiT Norges arktiske universitet. – En unik kapasitet, sier rektor.
Nytt notat: ti anbefalinger for å bedre totalforsvaret21.9.2026 08:33:23 CEST | Pressemelding
Norges sikkerhet avhenger av fungerende hverdagsliv. Havnæringene og kystsamfunnene spiller en viktig rolle for blant annet mat, energi, transport og forsyningssikkerhet. Et nytt notat fra Senter for hav og Arktis kommer med ti anbefalinger for å styrke kapasitet, infrastruktur og beredskap.
Arthur vant Forsker Grand Prix med virus-forskning17.9.2026 22:30:30 CEST | Pressemelding
Arthur Kruse Sørensen vant regionfinalen i Forsker Grand Prix med forskningsformidling om å bekjempe antibiotikaresistens - med virus. Han og Arefeh Lotfi, som kom på andre plass, skal til Oslo for nasjonal finale 24. september.
Dette skjer på UIT under forskningsdagene 202610.9.2026 13:55:33 CEST | Pressemelding
Natursti, forskerpub og åpen dag på Nordnorsk vitensenter… Se hvilke spennende ting du kan være med på under årets Forskningsdager ved UiT.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom