Utlysing av døgnkvileplass nummer tre langs riksveg 3 i Østerdalen
Tidlegare i år har Statens vegvesen hatt ute to konkurransar om etablering av døgnkvileplassar langs riksveg 3. No ligg den tredje ute, med tilbodsfrist 9. desember 2024.
Denne gongen søkjer Statens vegvesen etter ein aktør som vil etablere, drive og halde ved like ein døgnkvileplass ein stad på strekninga Sundfloen-Alvdal grense langs riksveg 3. Den skal erstatte dagens døgnkvileplass på Sundfloen på Koppang, der kontrakten går ut sommaren 2025.
Døgnkvileplassen langs riksveg 3 Sundfloen-Alvdal grense skal ha 10-20 oppstillingsplassar for tunge køyretøy og ha sanitæranlegg med toalett og dusj.
Køyreavstanden til riksveg 3 til innkøyringa til døgnkvileplassen, skal vere maksimalt éin kilometer.
I konkurransen er det lagt inn opsjon på ladeanlegg for tungbil, slik at det i løpet av leigeperioden kan bli etablerte ladestasjonar på plassen.
Statens vegvesen ønskjer å inngå leigekontrakt for ein periode på 10 år. Leigetakaren får i tillegg opsjon på å forlengje avtalen med 1 + 1 år, til saman 12 år.
Vegvesenet ønskjer å signere kontrakten for døgnkvileplassen langs Sundfloen-Alvdal grense før påska 2025 og at plassen skal vere klar for opning sinast 1. juli 2026. Leigeperioden gjeld frå opningsdatoen.
Fristen for å gi tilbod er 9. desember 2024, men allereie 18. november arrangerer Vegvesenet ein digital tilbodskonferanse der interesserte får meir informasjon om konkurransen.
(Lenkje til konkurransen under artikkelen.)
Avhengig av samarbeid med private aktørar
Formålet med konkurransen er å gi betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføre normal døgnkvile, redusert vekekvil eller ta pausar innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
– For å få utvikla eit betre tilbod til tungbilsjåførane, er vi avhengig av samarbeid med private aktørar for å få etablert fleire døgnkvileplassar, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Eirik Trøften Aas.
– Så viss det er næringsaktørar langs riksveg 3 som driv ein serveringsstad, ein bensinstasjon, ein campingplass eller anna næringsverksemd som har areal til disposisjon, og som synest det kunne vere interessant å utvide drifta med ein døgnkvileplass for tungbilsjåførar, ja, då ønskjer vi å høyre frå dei, seier Eirik Trøften Aas.
Tre døgnkvileplassar langs riksveg 3
Når noverande konkurranse er avgjord og døgnkvileplassen på strekninga Sundfloen-Alvdal grense er etablert, er alle dagens tre døgnkvilplassar langs riksveg 3 erstatta med tre nye 10-årige avtalar.
Den eine døgnkvileplassen skal liggje på Hovdmoen industriområde i Åmot kommune. Her skal langtransporten få 14 oppstillingsplassar. Plassen skal opne seinast 1. september 2025. Selskapet Døgnhvile AS har inngått avtale med Statens vegvesen.
Den andre plassen skal liggje på Steimosletta i Alvdal kommune, i same område som dagens døgnkvileplass. Den skal ha 20 oppstillingsplassar og skal opne seinast 1. september neste år. Også her vann Døgnhvile AS konkurransen.
Den tredje døgnkvileplassen, som konkurransen no dreier seg om, skal altså liggje ein stad på strekninga Sundfloen-Alvdal grense.
Kunngjering av konkurransen
Fristen for å gi tilbod i konkurransen om å etablere, drive og halde ved like døgnkvileplass på strekninga riksveg 3 Sundfloen-Alvdal grense, er 9. desember 2024.
I tildelingskriteria vil krav til klima- og miljøvenlege løysingar bli vekta 40 prosent medan pris blir vekta 60 prosent.
18. november arrangerer Statens vegvesen ein digital tilbodskonferanse.
Lenkje til kunngjeringa i Doffin:
Kontakter
Eirik Trøften AasSeniorrådgiverStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:97002917eirik.aas@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Bilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Trafikkregulering på Tjeldsundbrua: Alle lager skal sjekkes6.12.2024 15:04:38 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har funnet feilen på lageret som ble skiftet på Tjeldsundbrua på E10 tidlig i november. Brua blir lysregulert mens resten av lagrene skal undersøkes.
Stikkrenne til besvær skiftet på rv. 25 ved Kvernmolia i Søre Osen i Trysil6.12.2024 08:41:32 CET | Pressemelding
Ny stikkrenne på cirka 45 meter er på plass, det er gravd ut 2750 kubikkmeter masser og asfaltert 310 kvadratmeter for å reparere og sikre stikkrenna etter uværets herjinger i september i år.
E39 Bårdshaug bru i Orkanger gjenåpnes for toveistrafikk natt til fredag5.12.2024 12:36:40 CET | Pressemelding
Endelig er det klart for at E39 Bårdshaug bru kan gjenåpnes for toveistrafikk etter vedlikeholdsarbeidene som har pågått siden 1. november 2023 er ferdig.
Fire entreprenører kjemper om prestisjekontrakt5.12.2024 10:50:19 CET | Pressemelding
Nå er det klart hvem som går videre til finalefeltet for å drifte riksvegene fra Åsen i Trøndelag til Nordland grense. Kontrakten er verdt rundt en halv milliard kroner.
Manuell dirigering, ledebil og nedsatt fart over E6 Stavåbrua i Rennebu4.12.2024 14:38:02 CET | Pressemelding
Mandag 9. desember starter Statens vegvesen arbeidene med utskifting av plateelementer for den midlertidige brua som krysser elva Stavåa i Rennebu kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom